Kven bør få Kulturrådets ærespris 2026?
Nominer din kandidat her arrow_outward
Frist for å nominera er 25. august
Du kan foreslå:
- ein person
- ei gruppe, eit kompani, ensemble eller liknande
- eit prosjekt, ei satsing eller liknande
Merk at me berre tek imot forslag som kjem inn gjennom nominasjonsskjema. Dersom du ønskjer å levera forslag anonymt, lèt du vera å leggja inn eige namn i skjemaet.
Vinnaren blir annonsert i september
Når Kulturrådet møtest 16. og 17. september går dei grundige gjennom alle forslaga og vel ein prisvinnar som blir offentleggjorde i etterkant av møtet. Prisutdelinga finn stad i løpet av hausten.
Vinnaren får 700 000 kroner og eit kunstverk av Kiyoshi Yamamoto.
Tidligere prisvinnere
Kulturrådets ærespris vart delt ut for første gong i 1968. Sidan den gong har kulturpersonlegdommar som Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Anne-Cath Vestly, Jon Fosse, Mari Boine, Inger Sitter, Jan Erik Vold, Karin Krogh og Cliff Moustache fått prisen.
Det same har prosjekt og grupper som Skulpturlandskap Nordland og Forsvarets musikk.
Dei siste åra har prisen gått til sørsamiske språkarbeidarar, Elias Aslaksen, Elle-Hánsa/ Hans Ragnar Mathisen og Dissimilis Norge.