Hopp til hovedinnhold

Christoffer Sandvik Engelsøy er ny avdelingsdirektør for verksemdsstyring

Foto: Trond A. Isaksen
Han kjem frå sentrale leiarroller i statsforvaltninga, og vil få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle verksemdsstyringa i Kulturdirektoratet.
Publisert 01. juni 2026

– Eg er motivert til å jobbe i ei verksemd med eit så viktig samfunnsoppdrag og som betyr mykje for meg, seier Engelsøy.

Engeløy er utdanna innan beredskap og krisehandtering, statsvitskap og tryggingsleiing, og har gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole. Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør for styring og organisasjon i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, der han også har vore konstituert ekspedisjonssjef dei to siste åra. Han har også bakgrunn frå mellom anna Politiets IT-eining og Forsvarsdepartementet.

Finne gode løysingar saman

For Engelsøy handlar god verksemdsstyring om å leggje til rette for at organisasjonen lykkast med samfunnsoppdraget sitt. 

– Det handlar om samarbeid, tillit og gode prosessar på tvers. Det er slik vi finn dei beste løysingane. Eg er oppteken av å forstå behova i organisasjonen og bidra til styringsprosessar, analysar og verktøy som blir opplevde relevante og nyttige i kvardagen. Eg vil jobbe for at verksemdsstyring skal vere ein integrert del av det direktoratet jobbar med, og ikkje noko som kjem på toppen av andre arbeidsoppgåver, seier Engelsøy.

Relasjonell leiar med god gjennomføringsevne

– Eg er svært glad for å få Christoffer med på laget. Han har brei og solid leiarerfaring frå statsforvaltninga, kombinert med sterk kompetanse innan styring, organisasjonsutvikling og tryggleik. Dette er kompetanse som vil vere svært verdifull for oss i tida framover. Med Christoffer får vi ein leiar med sterk gjennomføringsevne og ei tydeleg relasjonell tilnærming, seier direktør Øystein Strand.

Engeløy titrer stillinga 19. august 2026. 

Christoffer Sandvik Engelsøy

Christoffer Sandvik Engelsøy er utdanna innan beredskap og krisehandtering, statsvitskap og tryggingsleiing. Han har vore konstituert ekspedisjonssjef for styring og organisasjon i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i to år. Han har også bakgrunn frå beredskapsarbeid frå Politiets IKT-tenester og Forsvarsdepartementet.