Hopp til hovedinnhold

Musikk- og scenekunststatistikk 2023

En gruppe scenekunstnere opptrer på en mørklagt scene med blått scenelys. Midtpunktet er en person i lilla og rosa kjole som kneler med armene hevet, omgitt av andre utøvere i hvite kostymer med flettet hår. De står i sirkel og holder hender, som del av en koreografert dans eller teaterforestilling. I bakgrunnen skimtes flere figurer i mørket. Bildet formidler dramatikk, samspill og visuell harmoni i en kunstnerisk fremføring.
«Bergekongen» var ei ny framsyning som vart vist på Telemarkfestivalen i 2024 med 25 unge utøvarar frå Agder og Telemark på scena. Foto: Knut Utler / Telemarksfestivalen
Fleire på konsert og teater, men framleis færre enn før pandemien.
Publisert 02. desember 2024

I 2023 besøkte nær 3,4 millionar publikummarar musikk- og scenekunstinstitusjonar med offentleg tilskott. Av desse var 941 000 festivalbesøkande. Samla sett auka besøket med 7 prosent frå 2022, men er samstundes 12 prosent lågare enn i 2019.

Musikkfestivalar for fyrste gong inkludert i statistikken

Kulturdirektoratets årlege statistikk viser utviklingaover tid for dei offentleg støtta musikk- og scenekunstinstitusjonane. Fram til nå har statistikken omfatta institusjonar som mottar tilskott over statsbudsjettet og frå Sametinget. I statistikken for 2023 er musikkfestivaler for fyrste gong inkludert i statistikken.

– Målet er at statistikken skal vise utviklinga for flest mogleg musikk- og scenekunstinstitusjonar over heile landet, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.

– I år presenterer vi data for musikkfestivalane med størst offentlege tilskott. Statistikken gjer at ein kan  samanlikne utviklinga på festivalområdet med det øvrige musikk- og scenekunstfeltet. På sikt vil vi inkludere flerie festivalar og andre musikk- og scenekunstinstitusjonar.

Statistikken for 2023 inkluderer 35 musikkfestivalar som mottar éin million kroner eller meir i tilskott frå Kulturrådets musikkfestivalordning. Statistikken spenner frå Varangerfestivalen i nord til Risør kammermusikkfest i sør og viser tall for publikum, aktivitet og økonomi dei siste fem åra. Festivaltalla kommer i tillegg til statistikken over teater, orkester, operaselskap, kor og danseinstitusjonar med tilskott over statsbudsjettet. 

Festivalaktiviteten ned, auke for øvrige verksemder

Festivalane hadde ein liten reduksjon i antall konsertar, framsyningar og formidlingsaktivitetar frå rundt 3 500 arrangementer i 2022 til rundt 3 300 i 2023. Teater, operaselskap, orkester, kor og danseinstitusjonar gikk derimot samla opp frå rundt 14 700 arrangementer til 15 400 i same periode. Samla sett blei det avvikla rundt 18 700 arrangementer, noko som er 3 prosent høgare enn 2022. 

Eigeninntekter auker meir enn offentlige tilskott 

Samla driftskostnader aukte med rundt 4 prosent frå 2022 til 4,85 milliard kroner i 2023.  Verksemdene har i same periode auka eigeninntjeninga med 13 prosent, frå rundt 825 mill. kroner til rundt 930 mill. kroner. Eigeninntektene er vesentleg frå billettsal, gåver, sponsorinntekter, utleigeverksemd og servering. 

Sama offentlege tilskott auka til 3,85 milliarder kroner i 2023, ei auke på 1 prosent frå 2022. Andelen offentlege tilskott av totale inntekter har gått ned frå 2022 til 2023. Figuren under syner utvikling i ulike typer inntekter i perioden 2019-2023, som andel av samla inntekter.

Sjå nærmare på tala

Samla tal for musikk- og scenekunstinstitusjonar og festivalar

Du kan sjå på tala samla eller avgrense utvalet til berre å gjelde festivalar eller andre institusjonar. Visningsverktøyet skal fungere for alle nettlesarar, men vi tilrår å bruke Microsoft Edge for best visning.

Sjå tala i Tableau

Tal for enkeltinstitusjoner

Tabellen over enkeltinstitusjonar viser tal for publikum, aktivitet og økonomi. Her er òg publikumstal og aktivitetstal for Riksteatret, Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og Åarjelhsaemien Teatere/Sydsamisk Teater inkluderte.

Sjå tala i Tableau