Hopp til hovedinnhold

Ny norsk sakprosa for barn og unge – innkjøpsordning

Innkjøp til folkebibliotek av ny norsk sakprosa for barn og unge.

Søknadsfrist

Neste søknadsfrist ikke bestemt

Kulturrådet

Ordningen forvaltes av Kulturrådet.

priority_high

Språkendringer i ordningen

Kulturrådet har hatt en klarspråkgjennomgang av alle tilskuddsordningene. Rekkefølge og begreper kan derfor være litt annerledes enn tidligere. Les all informasjonen nedenfor nøye før du søker.

Kva skal ordninga bidra til (formål)?

Formålet med ordninga er å sørgje for at ny norsk sakprosa av høg kvalitet for barn og unge blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen.

Du kan lese meir om satsingane til Kulturrådet i strategien og områdeplanen for litteratur.

Kva for bøker kan kjøpast inn?

Boka må vere ny norsk sakprosa for barn og unge.

Med sakprosa meiner vi litterære originalverk som lesaren har grunn til å oppfatte som direkte ytringar om verkelegheita.

Boka må anten vere

  • skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
  • omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
  • omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare

Med ny meiner vi at boka blir gitt ut i søknadsåret. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil fem år etter at forfattaren gjekk bort.

Boka skal stå fram som eit heilskapleg litterært verk. Dette gjeld også for illustrerte bøker. Med illustrert bok meiner vi her ei bok der illustrasjonar til saman utgjer minst 25 prosent av omfanget.

Det er utgivingstidspunktet som avgjer kva for ein søknadsfrist som gjeld:

  • 1. januar–30. juni: Frist for å melde boka på ordninga er ca. 2. juni.
  • 1. juli–31. desember: Frist for å melde boka på ordninga er ca. 2. desember.

Kva for bøker blir ikkje kjøpte inn?

Desse bøkene er ikkje omfatta av denne ordninga:

  • lærebøker for grunnskulen og vidaregåande skule
  • bøker som først og fremst har interesse for eit lokalt eller avgrensa publikum
  • reine hobbybøker som ikkje samtidig formidlar generell kunnskap om eit fenomen eller emne

Kven kan søkje?

Utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkje på denne ordninga.

Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar 

Ein forfattar kan vanlegvis berre få éi bok innkjøpt på denne ordninga per kalenderår.

Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?

Søknaden om innkjøp blir behandla av vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge.

I vurderinga ser vurderingsutvalet etter om boka

  • står fram som eit heilskapleg litterært verk
  • er lagd til rette for barn og unge som målgruppe
  • har god nok kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet
  • har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid
  • har innhald og formidling med god nok kvalitet

Utvalet les og diskuterer dei påmelde bøkene. Dei brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for bøker som skal kjøpast inn.

I tillegg til å vurdere kvaliteten på bøkene skal utvalet prioritere bøkene innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.

Meir om utvalet som vurderer søknaden

Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Vurderingsutvalet skal ha minst tre medlemmer, representere ei breidd i litteratursyn og ha kunnskap om ulike former for sakprosa for barn og unge. Utvalet kan hente inn faglege konsulentfråsegner, til dømes når utgivingar som er omsette frå samisk, skal vurderast.

Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert bøkene, legg dei fram vedtakslistene for Kulturrådet til orientering.

Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.

Dette må søknaden innehalde

Ein søknad omfattar søknadsskjemaet og anten ferdig bok eller ei trykkjeklar fil. Ei ferdig utgitt bok skal sendast direkte til medlemmene av vurderingsutvalet.

Er forfattaren og utgivaren av boka same person? Då må de leggje ved ei fråsegn frå ein uavhengig konsulent eller redaktør som har gått gjennom manuskriptet.

Dersom de har ekstra kostnader til trykking av boka, til dømes på grunn av illustrasjonar, kan de føreslå at ho skal kategoriserast som ekstra kostnadskrevjande. Dette må de grunngi i eit eige dokument som de legg ved søknaden. Det er delegert til Kulturrådets sekretariat å avgjere om boka kvalifiserer som ekstra kostnadskrevjande.

Dersom eit originalverk kjem ut som papirbok og e-bok i same kalenderår, skal søknaden gjelde for innkjøp i begge format.

Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til, eller kva målgruppe ho skal treffe? Då vel de den innkjøpsordninga de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.

Når de sender inn ein søknad, aksepterer de samtidig vilkåra i søknadsskjemaet og desse retningslinjene.

Dersom boka blir kjøpt inn

Når søknaden er behandla av vurderingsutvalet, vil de få beskjed om boka blir kjøpt inn eller ikkje.

Dersom boka blir kjøpt inn, får de praktisk informasjon om innsending av bøker, fakturaen og fristar i vedtaksbrevet.

Slik skal beløpet fordelast

Kulturrådet betalar eitt samla beløp til dykk som utgivar for heile innkjøpet. Dette beløpet skal dekkje både dykkar del og forfattardelen. De skal betale ut pengane til forfattaren seinast 14 dagar etter at de har fått beløpet.

Det er viktig å vere klar over at beløpa i betalingstabellane kan endre seg frå år til år. Beløpa er mellom anna avhengige av kor mykje pengar Kulturrådet vedtek å fordele til ordninga innanfor dei økonomiske rammene Stortinget har fastsett.

Kvar de skal sende bøkene

Så raskt som mogleg etter utgivinga og seinast seks veker etter vedtaksdatoen skal de sende dei innkjøpte bøkene til Kulturrådets distributør, som sørgjer for at bøkene blir tilgjengelege for utlån i biblioteka.

Dersom de har søkt med ei trykkjeklar fil, skal de etter utgivinga også sende eitt rapporteringseksemplar til kvar av medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat.

Kostnaden ved utsendinga dekkjer de sjølve.

Biblioteka skal ta hand om og gi tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år.

Vedtaksmynde og høyring om eventuelle endringar i ordninga

Kulturrådet har det endelege vedtaksmyndet til å utforme innkjøpsordninga. Vurderer Kulturrådet å endre retningslinjene i vesentleg grad, skal forfattar-, illustratør- og utgivarorganisasjonane få høve til å uttale seg før endringane blir vedtekne. Det same gjeld ved endringar i betalingsmodellane.

Sende inn vedlegg

Dersom vurderingsmaterialet til søknaden er utskrift av trykkjeklart manus, skal det sendast i fire eksemplar per post til Kulturrådets sekretariat.

Vedlegg i fysisk format skal merkjast med «Vurderingseksemplar, innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for barn og unge». Vedlegga må vere poststempla seinast same dag som søknadsfristen.

Kulturrådet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Mobilnummeret som skal brukast til sending av pakkar, er 457 37 163.

Leseeksemplara blir ikkje returnerte.

Adressene til medlemmane

Sjå vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge

Slik blir søknaden handsama

Rutinar etter innkjøp

Levering av bøker

1940 trykte eksemplar for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 2020 trykte eksemplar for barn og unge f.o.m. 5. trinn av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sørgjer for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka gjord tilgjengeleg for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.

Sjå Biblioteksentralens nettsider for ei rettleiing om levering av e-bøker

Betaling

I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på https://dfo.no/kundesider/fakturahandtering.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • referansenummer
  • kva for ei innkjøpsordning boka er meld på
  • namn på forlag, forfattar og tittel
  • målform (bokmål eller nynorsk)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • ev. ISBN-nummer for e-bok
  • sum

For titlar som er innkjøpte i 2024 skal desse betalingstabellane brukast 

Betalingstabellar 2025

Standardbok: 1940 p-bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Berre papirbok på bokmål 160 000** 215 000 375 000
Både papirbok og e-bok på bokmål 160 000** 229 500 389 500
Berre papirbok på nynorsk 168 500** 238 500 407 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 168 500** 243 000 411 500

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge til og med fjerde trinn.
** Innbaka i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og dei ulike opphavspersonane. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Standardbok: 2020 p-bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Berre papirbok på bokmål 165 500** 223 000 388 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 165 500** 240 000 405 500
Berre papirbok på nynorsk 174 500** 238 500 413 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 174 500** 253 500 428 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge frå og med femte trinn.
** Innbaka i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og dei ulike opphavspersonane. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Ekstra kostnadskrevjande bok: 1940 p-bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Berre papirbok på bokmål 160 000** 237 500 397 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 160 000** 251 500 411 500
Berre papirbok på nynorsk 168 500** 251 500 420 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 168 500** 265 500 434 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge til og med fjerde trinn.
** Innbaka i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og dei ulike opphavspersonane. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Ekstra kostnadskrevjande bok: 2020 p-bøker og 70 e-bøker*
Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Berre papirbok på bokmål 165 500** 246 000 411 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 165 500** 262 500 428 000
Berre papirbok på nynorsk 174 500** 262 500 437 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 174 500** 277 500 452 000

* Gjeld titlar som er meinte for barn og unge frå og med femte trinn.
** Innbaka i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og dei ulike opphavspersonane. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

Kontakt

Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.

Brukerstøtte for søknadsportalen

Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemer

Publisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 5. februar 2026 kl. 07:00