Ny norsk sakprosa for vaksne – innkjøpsordning
Innkjøp til folkebibliotek av ny norsk sakprosa for vaksne.
Ordningen forvaltes av Kulturrådet.
Møter i vurderingsutvalet 2026
Søknaden skal sendast inn før boka blir gitt ut, og seinast éin månad før møtet i vurderingsutvalet, for å komme med i den aktuelle søknadsrunden, men utgivaren treng ikkje vente på vedtak om innkjøp eller avslag før utgiving.
Vurderingsutvalet hadde møte 16. januar 2026, og dei to neste møta blir 11. mars og 28. april. Datoane for dei resterande møta er ikkje fastsette ennå.
Kva skal ordninga bidra til (formål)?
Formålet med ordninga er å sørgje for at ny norsk sakprosa av høg kvalitet for vaksne blir skapt, gitt ut, spreidd og lesen. Ordninga skal bidra til ein open og opplyst offentleg samtale.
Du kan lese meir om satsingane til Kulturrådet i strategien og områdeplanen for litteratur.
Kva for bøker kan kjøpast inn?
Boka må vere ny norsk sakprosa og ha vaksne som målgruppe. Boka skal vere meint for eit breitt publikum.
Med sakprosa meiner vi litterære originalverk som lesaren har grunn til å oppfatte som direkte ytringar om verkelegheita.
Boka må anten vere
- skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
- omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
- omsett til norsk frå eit anna språk dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare
Med ny meiner vi at boka blir gitt ut som eit originalverk. Tekstar i samlingar av essay, artiklar, føredrag og så vidare kan ha vore publiserte tidlegare, men sjølve boka skal stå fram som eit nytt verk. Dersom forfattaren av boka er død, kan de søkje i inntil to år etter at forfattaren gjekk bort. Er boka omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer.
Boka skal stå fram som eit heilskapleg litterært verk. Dette gjeld også for illustrerte bøker og antologiar.
Den einaste søknadsfristen for denne ordninga er at søknaden skal sendast inn før boka er gitt ut. Men ønskjer de at boka skal vurderast i ein spesifikk søknadsrunde, må de sende søknaden seinast éin månad før utvalsmøtet for å komme med i søknadsrunden.
Kva for bøker blir ikkje kjøpte inn?
Desse bøkene er ikkje omfatta av denne ordninga:
- bruksprosa (til dømes hobbybøker, vitsebøker, spørjebøker, handbøker, reiseguidar, kokebøker og sjølvhjelpsbøker)
- fotobøker, altså bøker der fotografiet er det berande elementet
- festskrift og jubileumsbøker, med mindre dei har eit breitt historisk perspektiv og er eigna for eit variert publikum
- oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk
- årbøker, lokalhistoriske utgivingar og andre bøker som er meinte for publikum i eit avgrensa område
- skule- og lærebøker
- bøker som er strengt vitskaplege i form og innhald, til dømes avhandlingar, forskingsrapportar og utgreiingar
- bøker som først og fremst er meinte for ein spesifikk profesjon
Kven kan søkje?
Utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkje på denne ordninga.
Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar
Ein forfattar kan vanlegvis berre få éi bok innkjøpt på denne ordninga per kalenderår.
Søknad
Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?
Søknaden blir behandla av vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for vaksne.
I vurderinga tek utvalet særleg omsyn til om boka
- står fram som eit heilskapleg litterært verk
- har god nok språkleg, formidlingsmessig og handverksmessig kvalitet
- har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid
- bidreg til samfunnsdebatt, tilfører kunnskap eller stimulerer til fagleg interesse og refleksjon
- presenterer nye tankar eller ei ny litterær form, eller behandlar tema som i liten grad er tekne opp i bokform tidlegare
Utvalet brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for bøker som skal kjøpast inn i den aktuelle søknadsrunden.
I tillegg til å vurdere kvaliteten på bøkene skal utvalet prioritere bøkene innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.
Det er tre standardgrunngivingar dersom boka ikkje blir kjøpt inn:
- Boka blei ikkje prioritert i årets budsjett, men ville blitt det med andre økonomiske rammer.
- Boka oppfyller ikkje krava til kvalitet eller relevans.
- Boka er ikkje omfatta av ordninga.
Meir om utvalet som vurderer søknaden
Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Vurderingsutvalet skal ha minst fem medlemmer, representere ei breidd i litteratursyn og ha kunnskap om ulike sjangrar. Utvalet kan hente inn faglege konsulentfråsegner, til dømes når utgivingar som er omsette frå samisk, skal vurderast.
Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert bøkene, legg dei fram vedtakslistene for Kulturrådet til orientering. Utvalet kan på eige initiativ ta opp att bøker til ny behandling.
Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.
Dette må søknaden innehalde
Ein søknad omfattar søknadsskjemaet og ei trykkjeklar fil som er språkvaska og korrekturlesen.
Er forfattaren og utgivaren av boka same person? Då må de leggje ved ei fråsegn frå ein uavhengig konsulent eller redaktør som har gått gjennom manuskriptet.
Dersom de har ekstra kostnader til trykking av boka, til dømes på grunn av illustrasjonar, kan de føreslå at ho skal kategoriserast som ekstra kostnadskrevjande. Dette må de grunngi i søknaden. Dersom boka blir kjøpt inn, er det delegert til Kulturrådets sekretariat å avgjere om boka kvalifiserer som ekstra kostnadskrevjande.
Søknaden skal gjelde for både papirbok og e-bok. Dersom de ikkje kan levere boka som e-bok fordi det er eit ugunstig format, må de grunngi i søknadsskjemaet kvifor de bør få dispensasjon frå kravet. Dersom vurderingsutvalet vedtek å kjøpe inn boka, er det Kulturrådets sekretariat som vurderer om det er grunnlag for å gjere unntak frå kravet om å levere e-bok.
Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til, eller kva målgruppe ho skal treffe? Då vel de den innkjøpsordninga de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.
Når de sender inn ein søknad, aksepterer de samtidig vilkåra i søknadsskjemaet og desse retningslinjene.
Vedtaksmynde og høyring om eventuelle endringar i ordninga
Kulturrådet har det endelege vedtaksmyndet til å utforme innkjøpsordninga. Vurderer Kulturrådet å endre retningslinjene i vesentleg grad, skal forfattar- og utgivarorganisasjonane få høve til å uttale seg før endringane blir vedtekne. Det same gjeld ved vesentlege endringar i betalingsmodellane.
Slik blir søknaden behandla
Etter innkjøp
Dersom boka blir kjøpt inn
Når søknaden er behandla av vurderingsutvalet, vil de få beskjed om boka blir kjøpt inn eller ikkje.
Dersom boka blir kjøpt inn, får de praktisk informasjon om innsending av bøker, fakturaen og fristar i vedtaksbrevet.
Slik skal beløpet fordelast
Kulturrådet betaler ett samlet beløp til dere som utgiver for hele innkjøpet. Dette beløpet skal dekke både deres og forfatterens andel. Dere skal utbetale pengene til forfatteren senest 14 dager etter at dere har mottatt beløpet.
Hvordan beløpet fordeles mellom utgiver og forfatter, avhenger av hvilken type bok det er. Dere finner betalingstabell lenger ned på siden.
Det er viktig å være klar over at beløpene i betalingstabellene kan endre seg fra år til år. Beløpene avhenger blant annet av hvor mye penger Kulturrådet vedtar å fordele til ordningen innenfor de økonomiske rammene Stortinget har fastsatt.
Kvar de skal sende bøkene
Så raskt som mogleg etter utgivinga skal de sende dei innkjøpte bøkene til Kulturrådets distributør, som sørgjer for at bøkene blir tilgjengelege for utlån i biblioteka. Bøkene skal leverast til biblioteka både som trykte bøker og som e-bøker.
Bøkene skal helst leverast innan ti dagar etter at de har fått vedtaksbrevet. Dersom de ikkje kan levere innan ti dagar, til dømes fordi boka må trykkjast først, skal de informere Kulturrådets sekretariat. Siste frist er seks veker frå vedtaksdatoen.
De skal også sende eitt rapporteringseksemplar til kvar av medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat.
Kostnaden ved utsendinga dekkjer de sjølve.
Biblioteka skal ta hand om og gi tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år.
Levering av bøker
623 trykte eksemplar skal leverast til Biblioteksentralen, som sørgjer for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet også kjøper inn 150 e-boklisensar som blir gjorde tilgjengelege for folkebiblioteka. Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.
Sjå nettsidene til Biblioteksentralen for å finne rettleiinga om levering av e-bøker.
Det skal i tillegg sendast eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka til kvar av dei sju medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat.
Postadresser
Kulturrådet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Sjå eiga nettside for adressene til vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne.
Faktura
Forlaget skal sende faktura for kvar innkjøpte tittel. Bøker må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på kundesidene til DFØ.
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- referansenummer
- kva for ei innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
- namn på forlag, forfattar og tittel
- målform (bokmål eller nynorsk)
- type bok (glattsats eller illustrert)
- ISBN-nummer for trykt bok
- ISBN-nummer for e-bok
- beløp
Betaling
For titlar som er kjøpt inn i 2025, skal denne betalingstabellen brukast.
Betalingstabell 2026
| Format og målform | Forfattar | Forlag | Faktura til Norsk kulturfond |
|---|---|---|---|
| Både trykt bok og e-bok på bokmål, glattsats | 110 500 | 173 500* | 284 000 |
| Både trykt bok og e-bok på bokmål, ekstra kostnadskrevjande | 110 500 | 229 500* | 340 000 |
| Både trykt bok og e-bok på nynorsk, glattsats | 116 500 | 186 500* | 303 000 |
| Både trykt bok og e-bok på nynorsk, ekstra kostnadskrevjande | 116 500 | 242 000* | 358 500 |
* 29 000 kr av dette utgjer e-bokdelen
Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.
Rettslig grunnlag for ordninga
- download Habilitet
- arrow_forward Lovdata: Lov om Norsk kulturråd
- arrow_forward Lovdata: Forskrift om tilskudd fra Norsk kulturfond
- arrow_forward Kulturrådets strategi for 2025–2028
- arrow_forward Kulturrådets områdeplan for litteratur 2025–2028
Hjelp og veiledning
- arrow_forward Slik behandles søknader om innkjøp av bøker
- arrow_forward Spørsmål og svar om innkjøpsordningane for litteratur
Kontakt
Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.
Brukerstøtte for søknadsportalen
Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemerPublisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 19. mars 2026 kl. 07:00