Nye norske teikneseriar – innkjøpsordning
Innkjøp til folkebibliotek av nye norske teikneseriar.
Søknadsfrist
Kommende søknadsfrister
Ordningen forvaltes av Kulturrådet.
Språkendringer i ordningen
Kulturrådet har hatt en klarspråkgjennomgang av alle tilskuddsordningene. Rekkefølge og begreper kan derfor være litt annerledes enn tidligere. Les all informasjonen nedenfor nøye før du søker.
Kva skal ordninga bidra til (formål)?
Formålet med ordninga er å sørgje for at nye norske teikneseriar av høg kvalitet blir skapte, gitt ut, spreidde og lesne.
Du kan lese meir om satsingane til Kulturrådet i strategien og områdeplanen for litteratur.
Kva for teikneseriar kan kjøpast inn?
Teikneseriane må vere nye norske teikneseriar med barn og unge eller vaksne som målgruppe.
Med teikneseriar meiner vi fysiske publikasjonar der teikningar eller andre visuelle element i sekvens formidlar ei historie eller anna innhald. Teikneseriesekvensar skal vere det berande elementet. Einrutarar er omfatta av ordninga.
Teikneserien må anten vere
- skriven på norsk (bokmål, nynorsk eller dialekt) eller
- omsett til norsk frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk eller
- omsett til norsk frå eit anna språk – dersom det er eit originalverk som ikkje har vore gitt ut tidlegare
- tekstlaus, men at serieskaparen/-skaparen har hovudvirke i Noreg
Med ny meiner vi at teikneserien blir gitt ut som eit originalverk i søknadsåret. Antologiar og samleutgivingar kan ha innhald som er publisert tidlegare, men sjølve teikneserien skal stå fram som eit nytt verk. Dersom serieskaparen er død, kan de søkje i inntil fem år etter at serieskaparen gjekk bort. Er teikneserien omsett frå samisk eller eit nasjonalt minoritetsspråk, kan ikkje originalverket vere eldre enn fem år når de søkjer.
Teikneserien skal stå fram som eit heilskapleg litterært verk. Dette gjeld også for samleutgivingar.
Det er utgivingstidspunktet som avgjer kva for ein søknadsfrist som gjeld:
| Utgivingsdatoen for teikneserien | Frist for å melde teikneserien på ordninga |
|---|---|
| 1. januar - 30. juni | ca. 2. mars og ca. 2. juni |
| 1. juli - 31. desember | ca. 2. september og ca 2. desember |
Kven kan søkje?
Utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkje på denne ordninga.
Einbokregelen – berre éi bok i året per forfattar
Ein serieskapar kan vanlegvis berre få éin teikneserie for barn og unge og éin teikneserie for vaksne kjøpt inn per kalenderår. Det er vurderingsutvalet som slår fast kva målgruppe teikneserien har, uavhengig av kva kategori utgivaren har plassert han i.
Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?
Søknaden blir behandla av vurderingsutvalet for teikneseriar.
I vurderinga legg utvalet mellom anna vekt på om teikneserien
- står fram som eit heilskapleg verk
- har god nok kunstnarleg, språkleg og handverksmessig kvalitet
- har gått gjennom nødvendig redaksjonelt arbeid
Utvalet brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for teikneseriar som skal kjøpast inn i den aktuelle søknadsrunden.
I tillegg til å vurdere kvaliteten på teikneseriane skal utvalet prioritere innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.
Eit avslag blir ikkje grunngitt utover at teikneserien ikkje er prioritert innanfor budsjettramma.
Meir om utvalet som vurderer søknaden
Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Vurderingsutvalet skal ha minst tre medlemmer og representere ei breidd i kunnskap om teikneseriefeltet. Utvalet kan hente inn faglege konsulentfråsegner, til dømes når utgivingar som er omsette frå samisk, skal vurderast.
Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert teikneseriane, legg dei fram vedtaka for Kulturrådet til orientering. Utvalet kan på eige initiativ ta opp att teikneseriar til ny behandling.
Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.
Søknad
Dette må søknaden innehalde
Ein søknad omfattar søknadsskjemaet og anten ferdig teikneserie eller ei trykkjeklar fil.
Er serieskaparen og utgivaren av boka same person? Då må de leggje ved ei fråsegn frå ein uavhengig konsulent eller redaktør som har gått gjennom manuskriptet.
Dersom de søkjer med ein ferdig teikneserie, skal de så snart han er trykt, sende eitt vurderingseksemplar til kvar av medlemmene i vurderingsutvalet og eitt til Kulturrådets sekretariat. De betalar for utsendinga sjølv. Dersom utgivinga blir forseinka og de ikkje rekk leveringsfristen som er opplyst på nettsida til ordninga, skal de melde frå til Kulturrådets sekretariat.
Dersom søknaden gjeld antologiar eller samleutgivingar, skal de opplyse kor mykje av materialet som har vore publisert tidlegare. Er de i tvil om målgruppa for teikneserien, forklarer de nærare i søknadsskjemaet.
Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til? Då vel de den innkjøpsordninga de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.
Når de sender inn ein søknad, aksepterer de samtidig vilkåra i søknadsskjemaet og desse retningslinjene.
Sende inn vedlegg
Dersom ferdig bok, og ikkje trykkjeklar fil, er vurderingsmaterialet, må eitt eksemplar sendast direkte til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet innan utgangen av den månaden søknadsfristen går ut, men helst samtidig med søknadsskjemaet med søknadsskjemaet dersom boka allereie er gitt ut. Eitt eksemplar skal sendast til Kulturrådets sekretariat. Er boka utgitt med produksjonstilskot, fungerer dei fem eksemplara også som rapporteringseksemplar for tilskotet.
Postadresser
Kulturrådet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Sjå eiga nettside for adressene til vurderingsutvalet for teikneseriar.
Slik blir søknaden behandla
Etter innkjøp
Informasjon og beskjed
Når søknaden er behandla av vurderingsutvalet, vil de få beskjed om teikneserien blir kjøpt inn eller ikkje.
Dersom han blir kjøpt inn, får de praktisk informasjon om innsending av bøker, fakturaen og fristar i vedtaksbrevet.
Slik skal beløpet fordelast
Kulturrådet betalar eitt samla beløp til dykk som utgivar for heile innkjøpet. Dette beløpet skal dekkje både dykkar del og serieskaparen sin del. De skal betale ut pengane til serieskaparen seinast 14 dagar etter at de har fått beløpet.
Det er viktig å vere klar over at beløpa i betalingstabellane kan endre seg frå år til år. Beløpa er mellom anna avhengige av kor mykje pengar Kulturrådet vedtek å fordele til ordninga innanfor dei økonomiske rammene Stortinget har fastsett.
Kvar de skal sende bøkene
Så raskt som mogleg etter utgivinga og seinast seks veker etter vedtaksdatoen skal de sende dei innkjøpte teikneseriane til Kulturrådets distributør, som sørgjer for at dei blir tilgjengelege for utlån i biblioteka.
Dersom de har søkt med ei trykkjeklar fil, skal de etter utgivinga også sende eitt rapporteringseksemplar til kvar av medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat.
Kostnaden ved utsendinga dekkjer de sjølve.
Biblioteka skal ta hand om og gi tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år.
Vedtaksmynde og høyring om eventuelle endringar i ordninga
Kulturrådet har det endelege vedtaksmyndet til å utforme innkjøpsordninga. Vurderer Kulturrådet å endre retningslinjene i vesentleg grad, skal forfattar-, illustratør- og utgivarorganisasjonane få høve til å uttale seg før endringane blir vedtekne. Det same gjeld ved endringar i betalingsmodellane.
Levering av bøker
703 trykte eksemplar av teikneseriar for vaksne og 2020 eksemplar av teikneseriar for barn og unge skal leverast til Biblioteksentralen, som sørgjer for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Dersom vurderingsmaterialet til søknaden var digital trykkjeklar fil, og ikkje ferdig bok, skal eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka sendast direkte til kvar av dei fire medlemmene i vurderingsutvalet og til Kulturrådets sekretariat.
Faktura
Forlaget skal sende faktura for kvar innkjøpte tittel. Bøker må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på kundesidene til DFØ.
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- referansenummer
- kva for ei innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
- namn på forlag, forfattar og tittel
- målform (bokmål eller nynorsk)
- ISBN-nummer for trykt bok
- beløp
Betaling
For titlar som er kjøpte inn i 2024, skal denne betalingstabellen brukast.
Betalingstabell for 2025
| Format og målform | Serieskapar(ar) | Forlag | Faktura til Norsk kulturfond |
|---|---|---|---|
| Trykt bok på bokmål og nynorsk | 100 000* | 126 500 | 226 500 |
* Dersom serieskaparen ikkje er éin person, skal beløpet fordelast etter same fordelingsnøkkel som blir nytta i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavspersonar.
Dersom serieskaparen har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal serieskapardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.
| Format og målform | Serieskapar(ar) | Forlag | Faktura til Norsk kulturfond |
|---|---|---|---|
| Trykt bok på bokmål | 167 000* | 215 500 | 382 500 |
| Trykt bok på nynorsk | 175 500* | 230 500 | 406 000 |
* Dersom serieskaparen ikkje er éin person, skal beløpet fordelast etter same fordelingsnøkkel som blir nytta i kontrakten som er inngått mellom forlag og opphavspersonar.
Dersom serieskaparen har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal serieskapardelen av betalinga for eit innkjøp aukast med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.
Særskilde betalingsføresegner
For nokre bøker kan vurderingsutvalet vedta å tilby utgivaren eit lågare beløp for innkjøp enn det som er opplyst i betalingstabellane. Dette vil kunne skje for to kategoriar av bøker:
a) lite kostnadskrevjande utgivingar og b) antologiar/samleutgivingar.
a) For lite kostnadskrevjande publikasjonar kan utgivaren bli tilbydd lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgivaren og serieskaparen/-ane. Ei utgiving kan falle i kategorien «lite kostnadskrevjande» dersom
ho har eit totalt sidetal under 48 sider, og/eller
kostnadene for å trykkje opp det fastsette talet på eksemplar for innkjøp ligg vesentleg under kostnadene for standardutgivingar.
Om ein publikasjon har eit totalt sidetal under 48 sider og/eller har ei utforming som gjer at han verkar lite kostnadskrevjande å trykkje, kan utgivaren leggje ved dokumentasjon av produksjonskostnader som grunnlag for vurderinga til utvalet av om punkt ii er oppfylt.
b) For antologiar/samleutgivingar der meir enn 50 prosent av innhaldet har vore publisert tidlegare, eller der utgivaren ikkje har gjort avtale om honorar/royalty til serieskapar(ar), kan utgivaren bli tilbydd lågare betaling for eit innkjøp. Vurderingsutvalet vil i desse tilfella fastsetje ein innkjøpspris og ei fordeling mellom utgivar og serieskapar(ar).
Rettslig grunnlag for ordninga
- download Habilitet
- arrow_forward Lovdata: Lov om Norsk kulturråd
- arrow_forward Lovdata: Forskrift om tilskudd fra Norsk kulturfond
- arrow_forward Kulturrådets strategi for 2025–2028
- arrow_forward Kulturrådets områdeplan for litteratur 2025–2028
Hjelp og veiledning
- arrow_forward Slik behandles søknader om innkjøp av bøker
- arrow_forward Spørsmål og svar om innkjøpsordningane for litteratur
Kontakt
Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.
Brukerstøtte for søknadsportalen
Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemerPublisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 1. februar 2026 kl. 07:00