Hopp til hovedinnhold

Omsett litteratur – innkjøpsordning

Innkjøp til folkebibliotek av litteratur omsett til norsk.

Søknadsfrist

Søknadsskjema åpner 2. mai kl. 08:00

Kommende søknadsfrister

Kulturrådet

Ordningen forvaltes av Kulturrådet.

priority_high

Språkendringer i ordningen

Kulturrådet har hatt en klarspråkgjennomgang av alle tilskuddsordningene. Rekkefølge og begreper kan derfor være litt annerledes enn tidligere. Les all informasjonen nedenfor nøye før du søker.

priority_high

Fleire eksemplar til barn og unge

Frå og med runde 1/2025 (søknadsfrist 3. juni) skal skulebibliotekordninga også omfatte omsett litteratur for barn og unge. Det vil seie at det skal leverast 502 + 540 = 1042 trykte bøker av innkjøpte utgivingar med barn og unge som målgruppe. Sjå korleis dei 540 ekstra eksemplara blir kompenserte for i den oppdaterte betalingsmodellen nedanfor. For omsett litteratur for vaksne skal det framleis leverast 502 trykte bøker. For bøker for barn og unge som blei kjøpte inn tidlegare enn runde 1/2025, skal det leverast 502 trykte bøker.

Kva skal ordninga bidra til (formål)?

Formålet med ordninga er å sørgje for at litteratur av høg kvalitet frå flest mogleg språk blir omsett til norsk, gitt ut, spreidd og lesen.

Du kan lese meir om satsingane til Kulturrådet i strategien og områdeplanen for litteratur.

Kva for bøker kan kjøpast inn?

Bøkene som kan kjøpast inn, må vere verk som skal omsetjast frå eit anna språk og givast ut på norsk. Dei må vere gitt ut på eit anna språk og skrivne for eit allment publikum.

Som hovudregel skal bøkene omsetjast direkte frå originalspråket. I spesielle tilfelle kan også bøker som skal omsetjast via eit tredjespråk, bli kjøpte inn. 

Ordninga gjeld både skjønnlitteratur og sakprosa, inkludert teikneseriar, og bøkene kan vere retta både mot vaksne og mot barn og unge. 

Det er mogleg å søkje om innkjøp av ei ny omsetjing av eit verk sjølv om verket har blitt omsett til norsk tidlegare.

Omsetjinga kan ikkje ha vore gitt ut før søknadsfristen.

Kva for bøker blir ikkje kjøpte inn?

Desse bøkene er ikkje omfatta av denne ordninga:

  • hobbybøker, handbøker, reiseguidar, sjølvhjelpsbøker og andre former for bruksprosa
  • oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk
  • skule- og lærebøker
  • vitskaplege avhandlingar, forskingsrapportar og utgreiingar
  • profesjons- og bransjeorienterte bøker

For omsetjingar frå samisk og nasjonale minoritetsspråk og for gjendiktingar av lyrikk må de søkje på ei av innkjøpsordningane for ny norsk litteratur.

Det er ikkje mogleg å søkje for bokprosjekt som tidlegare har fått avslag.

Kven kan søkje?

Utgivarar med norsk organisasjonsnummer kan søkje på denne ordninga.

Søknad

Korleis blir søknaden vurdert (vurderingskriterium)?

Søknaden blir behandla av vurderingsutvalet for omsett litteratur.

Utvalet legg særleg vekt på

  • grunngivinga for kvifor verket skal komme ut på norsk
  • originalspråket til boka og kva land ho opphavleg kom ut i
  • dei tidlegare utgivingane til forfattaren
  • det tidlegare arbeidet til omsetjaren
  • mottakinga av originalverket eller andre omsetjingar av originalverket
  • prøveomsetjinga
  • om det allereie finst ei norsk omsetjing av verket
  • om omsetjinga bidreg til auka breidd i litteratur som er gitt ut på norsk 

Dersom boka er meint for barn og unge, ser utvalet også på om ho treffer målgruppa.

Utvalet brukar den samla kunst- og kulturfaglege kompetansen sin til å avgjere kva for bøker som skal kjøpast inn i den aktuelle søknadsrunden.

I tillegg til å vurdere kvaliteten på bøkene skal utvalet prioritere bøkene innanfor ei budsjettramme. Det vil seie at kor mange titlar som kan kjøpast inn, kjem an på det årlege budsjettet og korleis utvalet vurderer kvar enkelt tittel.

Eit avslag blir ikkje grunngitt utover at boka ikkje er prioritert innanfor budsjettramma.

Meir om utvalet som vurderer søknaden

Det er Kulturrådet som avgjer kven som sit i vurderingsutvalet, og det blir oppnemnt for to år om gongen. Vurderingsutvalet skal ha minst fire medlemmer og representere ei breidd i litteratursyn og kunnskap om ulike sjangrar og målgrupper. Utvalet kan hente inn faglege konsulentfråsegner der det er nødvendig, til dømes når dei skal vurdere visuell litteratur.

Vurderingsutvalet har fått delegert vedtaksmynde frå Kulturrådet. Når utvalet har vurdert bøkene, legg dei fram vedtakslistene for Kulturrådet til orientering. Utvalet kan på eige initiativ ta opp att bøker til ny behandling.

Når eit nytt vurderingsutval skal oppnemnast, vil relevante organisasjonar og foreiningar på litteraturområdet bli bedne om å komme med innspel og forslag til utvalsmedlemmer.

Dette må søknaden innehalde

Ein søknad omfattar søknadsskjemaet, ei prosjektskildring, signert omsetjarkontrakt og dokumentasjon på at forlaget har inngått kontrakt om å gi ut verket på norsk. Som hovudregel skal de også leggje ved ei prøveomsetjing på 5–20 sider. Dersom prøveomsetjinga ikkje er lagd ved, bør de grunngi det i søknaden.

I prosjektbeskrivinga må de presentere forfattar, verk og omsetjar, og grunngi kvifor boka bør komme ut på norsk. 

Dersom boka kjem ut som både papirbok og e-bok, skal søknaden gjelde begge format.

Er de usikre på kva sjanger boka høyrer til? Då vel de den innkjøpsordninga de meiner passar best, og forklarer kvifor i søknadsskjemaet.

Når de sender inn ein søknad, aksepterer de samtidig vilkåra i søknadsskjemaet og desse retningslinjene.

Slik blir søknaden behandla

Vedtaksmynde og høyring om eventuelle endringar i ordninga

Kulturrådet har det endelege vedtaksmyndet til å utforme innkjøpsordninga. Vurderer Kulturrådet å endre retningslinjene i vesentleg grad, skal relevante organisasjonar få høve til å uttale seg før endringane blir vedtekne. Det same gjeld ved endringar i betalingsmodellane.

Etter innkjøp

Dersom boka blir kjøpt inn

Når søknaden er behandla av vurderingsutvalet, vil de få beskjed om boka blir kjøpt inn eller ikkje.

Dersom boka blir kjøpt inn, får de praktisk informasjon om innsending av bøker, fakturaen og fristar i vedtaksbrevet.

Verket må komme ut seinast to år etter at de har fått vedtaksbrevet.

Slik skal beløpet fordelast

Kulturrådet betalar eitt samla beløp til dykk som utgivar for heile innkjøpet. Dette beløpet skal dekkje både dykkar del og tilleggshonoraret til omsetjaren. Tilleggshonoraret til omsetjaren tek utgangspunkt i honoraret som er avtalt mellom dykk og omsetjaren. De skal sende eit signert skjema for utrekning saman med fakturaen. Dette skjemaet gjeld også som dokumentasjon på dei faktiske omsetjarkostnadene. 

De skal betale ut pengane til omsetjaren seinast 14 dagar etter at de har fått beløpet.

Innkjøpsbeløpet er avhengig av betalingsmodellen det året boka blir kjøpt inn. De finn betalingsmodellen på nettsidene til Kulturdirektoratet. 

Det er viktig å vere klar over at beløpa i betalingsmodellen kan endre seg frå år til år. Beløpa er mellom anna avhengige av kor mykje pengar Kulturrådet vedtek å fordele til ordninga innanfor dei økonomiske rammene Stortinget har fastsett.

Kvar de skal sende bøkene

Så raskt som mogleg etter utgivinga skal de sende dei innkjøpte bøkene til Kulturrådets distributør, som sørgjer for at bøkene blir tilgjengelege for utlån i biblioteka. 

De skal også sende eitt rapporteringseksemplar til kvar av medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat. 

Kostnaden ved utsendinga dekkjer de sjølve. 

Biblioteka skal ta hand om og gi tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgivingsåret blir rekna som første år.

Levering av bøker

502 trykte eksemplar av titlar for vaksne og 1042 eksemplar av titlar for barn og unge (frå og med runde 1/2025 med søknadsfrist 3. juni) skal leverast til Biblioteksentralen, som sørgjer for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka gjord tilgjengeleg for folkebiblioteka i totalt 40 lisensar. Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.

Sjå nettsidene til Biblioteksentralen for å finne rettleiinga om levering av e-bøker.

Det skal i tillegg sendast eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka til kvar av dei fem medlemmene i vurderingsutvalet og eitt eksemplar til Kulturrådets sekretariat.

Postadresser

Kulturrådet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Sjå eiga nettside for adressene til vurderingsutvalet for omsett litteratur.

Faktura

Forlaget skal sende faktura for kvar innkjøpte tittel. Bøker må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

I samsvar med økonomireglementet i staten betalar ikkje Kulturrådet ut fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er organisasjonsnummeret til Norsk kulturfond, 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje PDF-fil i e-post eller lenkje til fakturahotell. Meir informasjon om EHF-faktura er å finne på kundesidene til DFØ.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • referansenummer
  • kva for ei innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
  • namn på forlag, forfattar, omsetjar og tittel
  • målgruppe (vaksne eller barn og unge)
  • målform (bokmål eller nynorsk)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • ev. ISBN-nummer for e-bok
  • beløp for innkjøp av trykt bok, ev. innkjøp av e-bok og omsetjarhonorar
  • skjema for omsetjarhonorar skal leggjast ved

 

Betaling

Kulturrådet har standardsatsar for innkjøp, og fakturaen skal innehalde opptil tre spesifiserte postar:

1 Innkjøp av 502 trykte eksemplar for vaksne og 1042 trykte eksemplar av titlar for barn og unge frå og med runde 1/2025 med søknadsfrist 3. juni.

Betalinga frå Kulturrådet baserer seg på kva målgruppe boka vender seg til, og kva for ei målform ho er skriven på. Utgangspunktet for betalinga er kostnadene til omsetjing. I brevet forlaget får frå Kulturrådet om at ei bok er kjøpt inn, står det kva beløp forlaget skal fakturere. Dersom det har vore endringar i kostnadene til omsetjing, skal forlaget justere beløpet i fakturaen. Forlaget kan ikkje fakturere eit høgare beløp enn maksimumsbeløpet.
 
Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell og gjeld innkjøp frå og med første innkjøpsrunde i 2025 med søknadsfrist 3. juni:

Omsett litteratur
Målgruppe Målform Minimumsbeløp Maksimumsbeløp
Vaksne (502 p-bøker) Bokmål 85 000 163 000
Vaksne (502 p-bøker) Nynorsk 87 000 165 000
Barn og unge (502 p-bøker)* Bokmål 64 000 136 000
Barn og unge (502 p-bøker)* Nynorsk 66 000 138 000

*Sjå formelen nedanfor for pris for 540 ekstra eksemplar til skulebibliotekordninga:

For utgivingar med barn og unge som målgruppe skal det leverast 502 + 540 eksemplar. Dei siste 540 eksemplara skal fakturerast etter følgjande formel:
(Innkjøpspris trykt bok / 502) × 540

For titlar som er kjøpte inn i 2024, skal denne betalingstabellen brukast

2 Dersom forlaget har søkt om innkjøp av e-bok, vil Kulturrådet også kjøpe boka inn i dette formatet. For 40 e-boklisensar betalar Kulturrådet 8000 kroner.

3 Omsetjaren skal via forlaget få utbetalt eit tilleggshonorar – ein honorarbonus – frå Kulturrådet på 27 prosent av avtalt og utbetalt honorar frå forlaget til omsetjaren. Forlaget skal fylle ut skjema for omsetjarhonorar som dokumentasjon, og dette skal følgje som vedlegg til fakturaen. Skjemaet ligg her: (skjema i Wordskjema i PDF) Tilleggshonoraret til omsetjaren skal utbetalast frå utgivaren til omsetjaren straks det har komme inn frå Kulturrådet.

 

Kontakt

Ordningsansvarlig kan svare på spørsmål om ordningen. Brukerstøtte kan svare på spørsmål om søknadsskjema og tekniske problemer med søknadsportalen.

Brukerstøtte for søknadsportalen

Spørsmål om søknadsskjema / tekniske problemer

Publisert 7. mai 2025 kl. 18:05 · Sist endret 1. mars 2026 kl. 07:00