Aldri før har så mange gått på museum
2024 vart eit år med høg aktivitet for musea i Det nasjonale museumsnettverket. Det var toppår for mellom anna talet på besøkjande på besøksarenaer, besøk på nettsidene til musea, publiserte fagfellevurderte forskingsartiklar, utstillingar og opne møter arrangerte ved dei fysiske besøksarenaene til musea.
Rapporteringa gir inntrykk av at musea legg inn stor innsats for å møte overordna mål og forventningar, og vitnar også om at mangfald, inkludering og tilgjengelegheit er godt integrerte satsingsområde i musea.
– Det er svært gledeleg at arbeidet til musea for å styrkje lokalsamfunn og tilhøyrsel blir motteken med auka besøk frå publikum. Det vitnar om at rolla til musea i samfunnet har mykje å seie over heile landet, seier Inga-Lill Sundset, seksjonsleiar for museum og kulturarv i Kulturdirektoratet.
Rapporten omfattar dei 61 musea som får fast driftstilskot frå Budsjettet til kultur- og likestillingsdepartementet, over kapittel 328, post 70 - Det nasjonale museumsnettverket. Rapporten er utarbeidd på grunnlag av statistikk- og årsrapporteringa til musea for 2024, i tillegg til statistiske samanstillingar og tidsseriar som viser utviklingstrekk og prioriteringar over tid.