Hopp til hovedinnhold

Auke til scenekunst og litteratur

Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tre barn befinner seg i et fargerikt bibliotek eller leserom. Ett barn sitter på tregulvet foran en bokhylle og leser boken 'The Black Stallion'. Barnet har på seg en blåmønstret genser, grå bukser og støvler med røde såler. Bak barnet bruker to andre barn en datamaskin som er integrert i bokhyllene. Hyllene er fylt med fargerike barnebøker, og rommet har lav innredning og en lun atmosfære som inviterer til lesing og læring.
Foto: Mattias P. Dahlqvist/Periskop
Fleire av Kulturrådets tilskotsordningar får ein auke gjennom årets fordeling av spelemidlar. Totalt vel regjeringa å fordele 29,5 millionar kroner gjennom Kulturrådets tilskotsordningar.
Publisert 24. juni 2025

Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med 2024. Spelemidlar er overskottet frå Norsk Tipping AS som blir fordelt til kultur, idrett og frivilligheit. I år går 1,2 milliardar kroner til kulturføremål.

Sigmund Løvåsen, rådsleiar i Kulturrådet. Foto: Mats Bakken

– Dette er eit viktig bidrag til tilskotsordningar under press. Denne auken gir direkte resultat i form av fleire bøker for barn og unge tilgjengeleg i folke- og skulebibliotek, fleire teater- og danseframsyningar på fleire stader, og ein rikare tidsskriftflora, seier rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen.

– I årets fordeling styrker vi blant anna Kulturrom, tiltak til leselyst og Den kulturelle skulesekken. Det vi ønsker, er eit mangfald av kulturaktivitetar for små og store over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding fra Kultur- og likestillingsdepartementet.

Spelemidlane som blir fordelt gjennom Kulturrådet har tre hovudføremål: Dei skal vere insentiv for å det blir skrive ny, norsk dramatikk, dei skal bidra til å nå måla i regjeringas leselyststrategi, og dei skal bidra til formidling av scenekunst.

Pengane blir fordelt på følgande ordningar:

Litteratur
Litteratur
Skulebibliotek 4,96 mill. kroner
Litteraturprosjekt 2,38 mill. kroner
Litteraturformidling 5,23 mill. kroner
Innkjøpsordning omsett 1,11 mill. kroner
Innkjøpsordning sakprosa for barn og unge 1,11 mill. kroner
Innkjøpsordning skjønnlitteratur for barn og unge (automatisk) 1,11 mill. kroner
Scenekunst
Scenekunst
Tidsskrift og kritikk 1,27 mill. kroner
Arrangørordning scenekunst 3,16 mill. kroner
ARENA bygg og infrastruktur 1,10 mill. kroner
Fri scenekunst – teater og dans 2,07 mill. kroner
Insentivordning dramatikk 4,28 mill. kroner