Hopp til hovedinnhold

Fem kunstnarar valde ut til konkurranse om æresprisverk

Kulturrådet har valt ut fem kunstnarar som arbeider innanfor ulike uttrykk til å delta i den lukka konkurransen om å forma ut nytt kunstverk til Kulturrådets ærespris.
Publisert 27. august 2025

– Kulturrådet set pris på at så mange kunstnarar melde interesse for å laga nytt ærespriskunstverk. Me fekk gode refleksjonar rundt betydninga av prisen og ulike kunstnariske inngangar til oppdraget. Rådet har valt kunstnarar som vil jobba med oppgåva med utgangspunkt i ulike materiale og uttrykk. No er me spent på kva dei fem kunstnarane me har valt ut vil komma med av konkrete skisser.

Toril Johannessen, rådsmedlem og juryleiar

Toril Johannessen er juryleiar og rådsmedlem i Kulturrådet.

Kulturrådets ærespris er blant dei viktigaste kulturprisane i landet. Prisen har vore delt ut sidan 1968 til nokon som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv. Prisvinnaren får 700 000 kroner og eit kunstverk. Frå 1994 til 2025 har prismottakaren fått ein skulptur av bilethoggar Elena Engelsen. Frå og med 2026 skal eit nytt kunstverk overrekkjast til prismottakaren.

Fekk til saman 52 søknader

I mars lyste Kulturrådet ut konkurranse om å skaffa nytt kunstverk. Konkurransen blir gjennomført som eit totrinns prosess med ei open prekvalifisering følgd av ein lukka konkurranse med inntil fem deltakarar. Frist for å senda søknad om prekvalifisering var 7. mai 2025. Det kom inn 52 søknader.

I rådsmøte 12.-13. juni 2025 valde Kulturrådet dei fem som går vidare til den lukka konkurransen ut frå følgjande kriterium: kunstnariske kvalitetar, forståing av oppdraget og leveringsdyktigheit.

Dei utvalde kunstnarane får eit honorar på 40 000 kroner for å utarbeida konkurranseutkast til nytt kunstverk til 15. oktober. Kulturrådet vil velja det endelege ærespriskunstverket i rådsmøte 10.-11. desember.

Dei fem kunstnarane i den lukka konkurransen

Kunstnerne som skal utarbeida skisser til kunstverk for æresprisen er:

Kiyoshi Yamamoto (f. 1983) bur og arbeider i Bergen. Yamamoto er utdanna ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen, Escola de Belas Artes i Rio de Janeiro og Central Saint Martins i London. Hen arbeider mellom anna med tekstil, silketrykk, grafikk, smykke og performance. Yamamotos utstilling You Are What You Is blir presentert på Munch fram til 3. august 2025.

Pei-Han Lin (f. 1988) bur og arbeider i Tromsø. Lin arbeider tverrfagleg og forskingsbasert med måleri, levande bilete, skulptur, tekstil, video, arkitektur, installasjon, lyd og tekst. Ho har ei bachelorgrad i arkitekturdesign frå Shin Chien University i Taipei, Taiwan, og mastergrader i kunst frå NTNU og UiT i Trondheim og Tromsø. Arbeida hennar er utstilte i Noreg og internasjonalt.

Marianne Moe (f. 1975) bur og arbeider i Bergen. Moe arbeider med ullfilt og byggjer opp skulpturelle arbeid som også har pittoreske kvalitetar. Ho er utdanna ved seksjon for tekstil ved kunsthøgskulen i Bergen, med hovudfag i 2002, og er innkjøpt til mellom anna Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling og KODE kunstmuse og komponistheimar i Bergen.

Terje Nicolaisen (f. 1964) bur og arbeider i Oslo. Nicolaisen arbeider konseptuelt med teikning, måleri, tekst, sosiale intervensjonar, kunstnarbøker, musikk og installasjon. Han er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Kunsthøgskolen i Bergen. Nicolaisen er kjøpt inn av fleire institusjonar og samlingar. Sidan 2006 har han også vore ein del av Tegneklubben.

Wisam Al-Samad (f. 1968) bur og arbeider i Askim. Al-Samad er keramikar og sameiner handverk, materialpoesi og kulturelle spor i eit fysisk og sanseleg uttrykk. Han har ein bachelor innan keramikk frå College of Fine Arts, ved Universitetet i Bagdad (Irak). Al-Samad har stilt ut i Noreg og internasjonalt, i 2025 m.a. på Skien Kunstsenter, Sarpsborg Kunstforening og Galleri #RAM i Oslo.

Sjå alle som søkte

Vedtak prekvalifisering
Navn på søker Fylke Vedtak
Kiyoshi Yamamoto Vestland Deltaker lukket konkurranse
Pei-Han Lin Troms Deltaker lukket konkurranse
Marianne Moe Vestland Deltaker lukket konkurranse
Terje Nicolaisen Oslo Deltaker lukket konkurranse
Wisam Al-Samad Østfold Deltaker lukket konkurranse
Agatha Wara Oslo Avslått
Anne Karin Krogevoll Rogaland Avslått
Anngjerd Rustand Vestland Avslått
Ask Holmen Akershus Avslått
Beatrice Alvestad Lopez Oslo (& Stockholm) Avslått
Bjørn Bjarre Oslo Avslått
Camilla Løken Hill Rogaland Avslått
Cecilie Maurud Barstad - Gilles & Cecilie Studio Oslo (& London, Paris) Avslått
Christian Tømmeraas Oslo Avslått
Elise Kielland Oslo Avslått
Enrique Roura Oslo Avslått
Fredrik Torsteinsen Akershus Avslått
Frode Lillesund Akershus Avslått
Geir Stormoen Innlandet Avslått
German Evangelisti Oslo Avslått
Helene Terjesen Oslo Avslått
Hilde Angel Danielsen Vestland Avslått
Håvard Cornelius Schnitler Kranstad Oslo Avslått
Idun Baltzersen Stockholm Avslått
Jan Christensen Oslo Avslått
Janne Kruse Oslo (& Strömstad) Avslått
Jenny Ueland Oslo Avslått
Jenny-Marie Johnsen Troms Avslått
Julia Mordvinova Gilje Rogaland Avslått
Karin Augusta Nogva Møre og Romsdal Avslått
Lars Ø Ramberg Oslo (& Berlin) Avslått
Mari Røysamb Oslo Avslått
Marianne Bjørnmyr Nordland Avslått
Marianne Mannsåker Innlandet Avslått
Marit Benthe Norheim Hjørring, Denmark Avslått
Marit Justine Haugen Oslo Avslått
Marit Krogh Oslo Avslått
Marit Lyckander Østfold Avslått
Ole Rosén Oslo Avslått
Qi Tan Oslo Avslått
Robin Haugaas Akershus Avslått
Shwan Dler Qaradaki Oslo Avslått
Signe Solberg Østfold Avslått
Snorre Ytterstad Oslo Avslått
Sofie Hviid Vinther Vestland Avslått
Stefan Christiansen Østfold Avslått
Tamara Marbl Joka Oslo Avslått
Tomasz Boncza-Ozdowski Oslo Avslått
Vilde Rudjord Agder Avslått
Yngvild K. Rolland Oslo Avslått
Yu Shuk Pui Bobby Oslo Avslått
Æsa Björk Vestland Avslått
En mørk bronsefarget skulptur av en løve som sitter med halen buet til siden.
Kulturrådets ærespris

Hvert år deler Kulturrådet ut sin ærespris til en person som har gjort en viktig og varig innsats for norsk kunst- og kulturliv.

Les mer om æresprisen