Hopp til hovedinnhold

Kulturdirektoratet opprettar klima- og miljøprogram for kultursektoren

Stor utendørs samling av mennesker som sitter i gresset på en åsside med utsikt over en dal med innsjø og fjell i bakgrunnen. Været er klart og solrikt. Flere flagg er synlige, blant annet regnbueflagget og et flagg med rødt symbol, noe som tyder på en feiring eller markering. Landskapet er frodig med grønne åser, en svingete vei og en liten bebyggelse ved vannet. Bildet formidler fellesskap i naturskjønne omgivelser.
Kulturdirektoratet er klare med eit nytt klima- og miljøprogram for kultursektoren. Fem prioriterte tiltak skal få fart på det grøne skiftet i kulturlivet.
Publisert 29. januar 2025

På oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet har Kulturdirektoratet laga eit klima- og miljøprogram for kultursektoren. Oppdraget kom i kjølvatnet av ein rapport som viste at halvparten av norske kulturverksemder ikkje har innført aktivitetar for å tilpasse seg eit endra klima. 70 prosent oppga at dei ønskte å gjere meir, og like mange meinte at staten burde ta ei pådrivarrolle.

– Kultursektoren har etterspurt handling og verktøy for å styrkje si evne til grøn omstilling, og Kulturdirektoratet sitt klima- og miljøprogram bidreg både med kunnskapsdeling og konkrete verktøy. Vi gjennomførte i haust eit innspelsmøte med sektoren og programmet som no blir lansert svarar ut mange av innspela. Det er spennande for sektoren sitt arbeid med å bidra til grøn omstilling og eg gler meg til å sjå resultata, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Direktør for innovasjon og partnerskap i Kulturdirektoratet Nina Kulås, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og berekraftsansvarleg for klima og miljø i Kulturdirektoratet Mia Frogner. Foto: Kultur- og likestillingsdepartementet

Fem prioriterte tiltak i 2025

Klima- og miljøprogrammet inneheld ei rekkje tiltak. Fem av desse er prioriterte i 2025, og handlar om kompetanseheving og rettleiing, miljøkrav til mottakarar av statlege kulturmidlar, og ei tilskotsordning for grøn omstilling i sektoren.

– Det har vore ei utfordring å lage tiltak for ein sektor med så mange ulike aktørar. Derfor har det vore viktig at sektoren har vore med på å prioritere kva dei treng for å bidra til den grøne omstillinga som samfunnet må gjennom, fortel Mia Frogner, berekraftsansvarleg for klima og miljø i Kulturdirektoratet.

Lenke til rapport

Håpar tilskotsordning blir finansiert

Kulturdirektoratet er i gang med dei fire første tiltaka i programmet, som vil bli gjennomført i samarbeid med kultursektoren. Det femte tiltaket, som er ei tilskotsordning, er under arbeid.

– Når det gjeld tiltaket om å stille miljøkrav til tilskotsmottakarar, har vi mykje arbeid framfor oss med å finne ut kva krav vi kan og bør stille, til kven og korleis. Det er viktig at krava er relevante og faktisk bidreg til omstilling, seier Mia Frogner.

– Kultursektoren oppgir knappe ressursar og kostnader som dei største barrierane for grøn omstilling. Vi håpar midlar til ei tilskotsordning kjem på plass.

Skal måle utsleppet frå sektoren

Parallelt med implementeringa av klima- og miljøprogrammet, skal Kulturdirektoratet måle utsleppet frå kultursektoren og følgje med på korleis berekraftsarbeidet til kultursektoren utviklar seg over tid. Mia Frogner er oppteken av å sjå tiltaka i programmet og måling av effekt i samanheng.

– Det er viktig at det vi måler gir oss god og rett innsikt, men også at det kan brukast aktivt for å utvikle tiltak som skaper varig endring. Eg er òg spent på korleis vi kan bidra til å skape arenaer for å dele erfaring og samarbeide, både i og på tvers av ulike kulturfelt. Det er den viktigaste faktoren i arbeidet med å bli meir klima- og miljøvennleg.

Verdifulle innspel frå kultursektoren

Klima- og miljøprogrammet er utforma i tett samarbeid med kultursektoren gjennom innspelsmøte og høringsverkstader. Kulturtanken og Norsk filminstitutt har vore med i arbeidsgruppa til programmet.

– Eg vil takke Kulturtanken og Norsk filminstitutt for eit godt samarbeid. Saman med dei mange nyttige innspela frå sektoren har vi laga eit klima- og miljøprogram basert på kva sektoren treng, og kva som gir best resultat i arbeidet med å bli meir miljøvennleg. No ser vi fram til å setje tiltaka ut i livet, seier avdelingsdirektør for innovasjon og partnerskap i Kulturdirektoratet, Nina Kulås.