Hopp til hovedinnhold

Kven bør få Kulturrådets ærespris 2025?

En mann står i et kunstgalleri ved siden av en rekke portrettmalerier som henger på en hvit vegg. Han har på seg en mørk jakke med røde og gule detaljer og en dekorativ lås foran. Maleriene viser stiliserte ansikter med ulike uttrykk og bakgrunner, malt med kraftige farger og penselstrøk. Rommet er godt opplyst, og bildet formidler et øyeblikk av kunstnerisk nærvær og visuell refleksjon, muligens med kunstneren selv foran sitt eget verk.
Hans Ragnar Mathisen / Elle-Hánsa fikk Kulturrådets ærespris for 2024. Her fra utstilling i Mo i Rana.
No kan du nominera kandidatar til Kulturrådets ærespris.
Publisert 30. juni 2025

Æresprisen er på 700 000 kroner og ein skulptur av bilethoggar Elena Engelsen, og går til nokon som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv.

Nominer din kandidat her

Nominasjonsprosessen er open

Du kan foreslå

  • ein person
  • ei gruppe, kompani, ensemble e.l.
  • eit prosjekt, ei satsing e.l.

Fristen for å nominere kandidatar er 1. september 2025. Merk at me berre tek imot forslag som kjem inn gjennom nomineringsskjema. Dersom du ønskjer å levera forslag anonymt, lèt du vera å leggja inn eige namn i skjemaet.

Vinnaren blir annonsert i september

Når Kulturrådet møtest 23. og 24. september vil dei gå grundig gjennom alle dei foreslåtte kandidatane og velja ein prisvinnar som blir offentleggjord i etterkant av møtet. Prisutdelinga finn stad i løpet av hausten.

Tidlegare prisvinnarar

Kulturrådets ærespris vart delt ut for første gong i 1968.

Sidan den gong har kulturpersonlegdommar som Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osane, Arne Nordheim, Anne-Cath Vestly, Kjartan Slettemark, Jon Fosse, Mari Boine, Inger Sitter, Jan Erik Vold, Miloud Guiderk, Synnøve Persen og Cliff Moustache fått prisen.

Det same har prosjekt og grupper som Skulpturlandskap Nordland og Forsvarets musikk.

Dei tre siste åra har prisen gått til sørsamiske språkarbeidarar, Elias Aslaksen og Elle-Hánsa.I fjor gjekk prisen til Elle-Hánsa / Hans Ragnar Mathisen for hans virke gjennom over 50 år som biletkunstnar, aktivist og kulturformidlar.

Les meir om Kulturrådets ærespris og tidlegare vinnarar her