Hopp til hovedinnhold

Statsbudsjettet 2026: – Moderat styrking av kunstnarstipenda

Utvalsleiar for Statens kunstnarstipend Trude Gomnæs Ugelstad. Foto: Geir Mogen
– Det er positivt at årsbeløpet på kunstnarstipenda blir justert opp, men vi forventar nye stipendheimlar framover, seier utvalsleiar Trude Gomnæs Ugelstad.
Publisert 15. oktober 2025 | Oppdatert 28. november 2025

I forslaget til statsbudsjett for 2026 er løyvinga til Statens kunstnarstipend på nærare 527 millionar kroner. Det er ein auke på om lag 27 millionar kroner og 5,4 prosent frå fjorårsbudsjettet. Årsbeløpet på kunstnarstipenda aukar frå 330 449 til 342 193 kroner. Det er litt mindre enn forventa lønnsvekst i 2025.

– Neste års statsbudsjett viser ei moderat styrking av Statens kunstnarstipend. Det er positivt at stipenda blir justerte opp i tråd med pris- og lønnsvekst, men det er framleis ikkje sett av pengar til nye stipendheimlar slik stipendkomiteane har tilrådd, seier Trude Gomnæs Ugelstad.

Forventar fleire stipendheimlar

I fjor delte utvalet ut stipend til 1 090 av 5 207 kunstnarar som søkte. Søkjarane var i alderen 20 til over 80 år og busette over heile landet.

– Statens kunstnarstipend gir kunstnarar nødvendig tid og økonomisk tryggleik til å utvikle kunstnarskapet sitt. Vi forventar at regjeringa i det vidare budsjettarbeidet prioriterer ei reell opptrapping av stipendordninga gjennom fleire heimlar.

Eitt av dei mest treffsikre tiltaka

Statens kunstnarstipend er tilskot som går direkte til enkeltkunstnarar, slik at dei kan skape ny kunst utan kommersielle eller politiske føringar.  

– Kunstnarstipenda er eitt av dei mest treffsikre tiltaka for å sikre eit sterkt og levande kunstliv i heile landet. Når ordninga ikkje blir styrkt i takt med samfunnsutviklinga, svekkjast både arbeidsvilkåret til kunstnarane og mangfaldet i norsk kulturliv. Det er eit tap vi ikkje har råd til, avsluttar Gomnæs Ugelstad.