Velkommen til ny nettside
Sida er framleis under arbeid, men det viktigaste innhaldet er på plass.
Vi har tenkt på deg
På ny nettside er det enklare for deg som brukar å finne rett informasjon, sende inn meir komplette søknader og bruke mindre tid på sjølve søknadsprosessen.
Innholdet er meir standardisert og lettare tilgjengeleg for alle. Ei forbetra teknisk løysing gir auka stabilitet og tryggleik ved søknadsfristar.
Nettsida varetek Kulturdirektoratet og dei tre uavhengige organa Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete. Vi har gjort det tydelegare for brukaren kva roller og ansvar dei ulike instansane har i kunst- og kultursektoren.
Dette er nytt
På den nye nettsida har vi mellom anna fått
- tydelegare navigasjon og temasider
- betre integrering med søknadsportal
- betre tilgjengelegheit (universell utforming)
- klarspråklege tekstar
- betre søkjefunksjon
- eit moderne design tilpassa både store og små skjermar
Vi vil høyre di meining
Nettsida er ikkje heilt ferdig enno. Vi jobbar med å gjere sida betre, og oppdaterer ho etter kvart som vi får tilbakemeldingar frå brukarane våre. Har du ris eller ros, eller oppdagar noko som ikkje fungerer? Då vil vi gjerne høyre frå deg.