Visuelle klangar
Fra framføringa av "Teenage Lontano" under Ultima-festivalen.
«Teenage Lontano» er både ein konsert og eit stykke kunst – utført av eit knippe unge – som let etter seg ei pirrande nyfikne.
Me er i eit tomt og stort tidlegare fabrikklokale i Oslo. Ungdommar står på ei lang, lang rekkje. Dei unge vokalistane dannar ein skulptur, og skulpturen er som eit fysisk skilje i rommet. Den liknar ein tråd eller kanskje ein stamme? Lyset som fell på desse vokalistane står i sterk kontrast til det dunkle lyset i lokalet elles. Det same lyset skapar det einaste skiljet mellom publikum og utøvarar, ettersom alle i dette rommet er frie til å vandra ikring og oppsøka den visuelle opplevinga dei sjølve ynskjer.
Som fleire verk under Ultima-festivalen for samtidsmusikk, er «Teenage Lontano» eit stykke med mykje fridom. Kva ein opplever er avhengig av korleis ein sjølv tek stilling til uttrykket: Kvar ein står, kvar ein set seg ned, kor lenge ein oppheld seg på eitt og same punktet. Eit slikt tilhøve kan vera sjølvsagt på eit museum, men er ikkje like sjølvsagt når det kjem til konserten og kunstmusikken.
Dei som er tilstades ved denne konserten får ulike visuelle inntrykk. Men det auditive uttrykket er i stort same: Langsame, luftig klangar, ærlege på eit vis – framført av unge stemmer, så vidt utbrodert av elektronikk.
Fra framføringa av "Teenage Lontano" under Ultima-festivalen.
Utøvarane er medlem av Sølvguttene, Oslo Nye Ungdomskor, Steinerskolens Ungdomskor og musikklinjene på Manglerud og Foss. Dette er unge som er vande med å synga, men i «Teenage Lontano» er dei bedne om å leggja vekk skulerte normer: Slike ideal der ein søkjer seg saman mot ein felles vokal, mot ein homogenitet i klangen, mot den teknisk mest gunstige måte å produsera tonar på. I dette tilfellet lyttar me til stemmer som tilhøyrer personane, og berre desse. For meg vert det sterkaste ved denne opplevinga heilt enkelt å sjå denne lange rekka av unge, slik dei står her, rett framfor oss i rolla som seg sjølv og syng.
Verket som spørsmål
Likevel er merksemda mi gjennom det heile retta mot det som finst bak verket. Eg har ei oppleving av at kunsten i dette arbeidet framfor alt er ein prosess. At kunsten like mykje kjem til uttrykk gjennom spørsmåla om kven desse unge er, kva dei held på med, korleis dei tenkjer om at dei står her slik no: To og to i par, skulder mot skulder, vendt så me ser ansikt og rygg annankvar gong, samla i eit gedigent instrument.
Kva meiner dei sjølve om musikken? Veit dei at dei framfører sin versjon av eit komplekst stykke, av den ungarske komponisten Györgi Ligeti? Har dei fått vita at ideen bak Rosenfeld sitt val av nettopp dette stykket tek utgangspunkt i eit anna spørsmål; om kva som skjedde med modernismen?
- Kva gjorde at pendelen svinga radikalt frå det tøffe, modernistiske uttrykket til den langt meir venlege minimalismen etterpå, spør Marina Rosenfeld, og eg undrast: Har dei unge kjennskap til desse rørslene i det heile? Eller er det her og no som er viktig for dei?
Slike spørsmål ligg ubesvarte, og verket pirrar nyfikna.
Verket som prosess
Det me får veta i intervju med personen bak — pianist, komponist og DJ Rosenfeld — er at arbeidet hennar spring ut av eit ynskje om å tenkja annleis kring klassisk og samtidsmusikk. Rosenfeld har ynskt å skapa situasjonar der uvanlege element legg premiss for komposisjonen. Som det å velja «feil» folk til å framføra stykka hennar og la ikkje-musikalske parameter som utøvaren sitt kjønn eller alder vera avgjerande for uttrykket.
Me får vita at Rosenfeld ser på tenåringane som eit musikalsk materiale. At ho i prosessen har funne inspirasjon for nedteikninga av stykket gjennom ungdommar sin bruk av iPod. Ungdommar handsamar iPoden nokså annleis den opphavlege tanken om stereo. Dei kan dela eit sett av øyreproppar og soleis lytta til felles musikk samstundes som dei stadig tek del i verda utanfor. Slik sett vert arbeidet ein hyllest til denne gruppa, til deira tilhøve til verda. Ungdommane har fått sunge inn kvar sine stemmer på mp3-spelarar. Dei lyttar både til instruksjonane og samstundes til heile verket.
Som vaksne publikummarar står me utanfor alt dette. Me lyttar til resultatet, heilskapen av desse levande, langstrakte klangane som i denne versjonen er gjort lenger enn i originalen. Me lyttar til eit klanghav, der utviklinga tek tid.
Eg opplever noko uforløyst i dette. Eg saknar stemma og tankane til desse unge, sjølv om eg kontinuerleg lyttar til dei. Det vert som ein søken etter å få sjå desse tenåringane som noko meir enn eit musikalsk materiale.
Samstundes har Rosenfeld lukkast med noko som er svært vakkert. Ho har snudd om på Ligeti sitt utgangspunkt og «Teenage Lontano» har blitt eit verk der fokuset på kompleksitet er fjerna. Framfor denne versjonen teiknar det seg opningar når det gjeld korleis uttrykket vert framført. Det essensielle er noko anna, og viktig i vår samanheng. Det essensielle handlar om kven som utøvar og at dei gjer det. «Teenage Lontano» er utøvarane sitt verk – komposisjonen er
ikkje berre Rosenfelds, men deira.
Video frå tidlegare versjon.
Ida Habbestad, tidligere redaktør for kunstløftet.no.
14.09.10
14.09.10
KONSERT
«Teenage Lontano»
basert på Györgi Ligetis «Lontano»
av Marina Rosenfeld
Med songarar frå Sølvguttene, Oslo Nye Ungdomskor, Steinerskolens
Ungdomskor og musikklinjene på Manglerud og Foss.
Framført på Ultimafestivalen torsdag 9. september.