Forteljingar
Forteljingar er eit tverrkunstnarleg prosjekt som har undersøkt korleis tekst, dans og musikk kan skapast utifrå ei felles fysisk erfaring.
Forteljingar av Solveig Styve Holte har hatt utøvarar med frå 6 til 58 år, ni vaksne proffesjonelle og åtte born frå Vanylven kulturskule, saman har vi skapt ei stadspesifikk framsyning for utescena og det omkringliggande uterommet i Ivar Aasentunet i Ørsta.
Å fortelje og gi seg til kjenne vil alltid vere meir enn ei tekst, og prosjektet er ei poetisk undersøking av nettopp dette. Vi har merka korleis det å skape er eit høve til å overskride seg sjølv, å vere meir enn og verte til utover den tenkte forestillinga. Vi har skapt ei flerstemmig framsyning som er meir enn kvar enkelt si forestilling om kva denne framsyninga skulle vere. Vi har skapt i møte mellom, der vi alle har måtte utforske vår eigen fysiske ståstad i verda, tyngda vår. Og møtt denne tyngda i mellom oss, slik vi kan gi slepp, halde att, opne rom for kvarandre, ta rom. Vi har arbeidd i samspelet mellom vaksen, ungdom og barn, dansar, musikar og forfattar, ulike røyndomar og der alle ei tid har vore på ein ukjend grunn. Vi har óg hatt i oppgåve å ta eit heilt uterom i bruk, kroppa oss inn i staden, funne akustikk, underlag og klang for einskildsutrykka våre i veggar, gras, betong og tre. Denne framsmeltinga av ei framsyning og eit uterom frå vinter til vår er dokumentert på film av biletkunstnar Liv Dysthe Sønderland.
Forteljingar vart urframført under Dei Nynorske Festspela 25. juni 2011 i Ivar Aasentunet i Ørsta, seinare vart framsyninga flytta til Sandviksanden i Vanylven kommune og sett opp der 21. august med strand, hav og småbåthamn som sceneområde.
Medskapande utøverar frå Vanylven kulturskule:
Hanna Torvanger, 6 år
Julie Kobbevik Kvalsvik, 7 år
Johannes Garshol Berge, 8 år
Marius Wiik Askelund, 9 år
Siril Rusten, 11 år
Marius Brekke, 11 år
June Garshol Berge, 12 år
Kamilla Grande Hansen, 12 år
Medskapande forfattarar: Fanny Holmin, Hilde Myklebust, Maria Parr
Medskapande dansarar: Solveig Styve Holte, Ann-Christin Berg Kongsness, Marte Reithaug Sterud
Medskapande musikarar: Hanna Gjermundrød, Ole Andreas Olafsrud, Magnar Åm
Kostyme og scenografi: Solveig Fagermo
Kortfilm: Liv Dysthe Sønderland
Kunstnarleg rettleiing: Camilla Myhre og Caroline Wahlstrøm Nesse
Komponist: Magnar Åm
Initiativ og kunstnarleg leiing: Solveig Styve Holte
Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Kunnskapsdepartementet, Kunstløftet, Seanse,
Coproduksjon: Vanylven kommune, Dei nynorske festspela.
Poetiske tekster frå framsyninga
Vi høyrde ei forteljing, seier vi. Nokon fortalde og vi lytta. Men har du nokon gong sett ei forteljing? Ja, det har du vel, dei er jo overalt. Snarvegen over marka er éi forteljing, om barn som spring resolutt og fritt gjennom landskapet; kortaste vegen frå A til B. Den ettertenksame vegen rundt marka er ei anna. Om den gåande vaksne, som kjenner til eigedomsretten. Og som kanskje har dårlege kne. Men når vaksne og barn rører seg i lag, kvar fær dei då? Snarvegen eller vegen? Spring dei eller går dei? Kven ber og kven blir boren? Eg legg eg hovudet på skakke og ser. Det er her dei vakraste forteljingane gøymer seg. Mellom springing og gåing, mellom snarvegen og vegen, mellom den som flyg og den som blir flogen. Eg strekker meg på tå, for eg veit at dei vil at eg verkeleg skal sjå, alle dei små forteljingane som har vakse fram i dette forunderlege mellomlandet, mellom språk og dans, musikk og rørsle. Mellom vaksne og barn.
Maria Parr
Ropeduett mellom tak og scene
Hilde (tak):
Vi heng
fast i snor i vind
Hanna (scene):
Dere henger i snorene deres
Annerledes og utenfor
Johannes (tak):
Vi har brukt dei opp! Alle!
Hanna (scene):
Alle?
Kamilla (tak):
Du har ein der hos deg!
Bak deg.
Under deg.
Framom deg!
Gjennom deg!
Bortom deg.
Solveig (tak):
Der fann du din!
Gi den vidare.
Slepp.
Slepp.
Slepp!
Hanna (scene):
Etterpå blir det lett!
Lett!
Så
lett!
Fanny Holmin
Sommarfugl
Den har du vell høyrt om
Du trur vell eg snakkar om eit insekt du
Nei eg snakkar om ein fugl, ein sommarfugl
Alle sommarfuglane står i sola, ingen sommarfuglar tålar regn
Tålar du regn er du ein regnfugl
Men regnfuglane blir beskyldt for å vere triste konstant
Derfor er ikkje det lett å vere ein regnfugl, ein som meg.
June Garshol Berge
Om kvelden
Om kvelden på båten til pappa
Der kan eg sjå på stjernene og tenke
Eg kan tenke på kva eg vil
Og sjå på stjernene
Mens båten vuggar meg i søvn
Kamilla Grande Hansen
Flygesong
Dagen er ei opa hand
kan krølle seg omkring ei natt
Dagen kjem med flygeskrift og ord
av lys
Høyr ein blome opnar seg
Blad som fell frå ei grein
Gras kryp på ein stein
i jord
Kvar dag har ein song
med eit ord
som leitar etter oss
deg og meg
Høyr!
Hilde Myklebust