Sjøbygdafestivalen 2010
Foto+PoesiCamp på Sjøbygda Kunstnarhus
Vaksne, kunstnarar: Marte Huke, poet - Kim Nygård, dokumentarfotograf
i tillegg Eldbjørg Raknes, musikar - Pekka Stokke, videoscenograf - Torgeir Rebbolledo Pedersen, poet
SJØBYGDA KUNSTNARHUS er ein arena for kunstutvikling og -formidling - for møte mellom menneske - kunst - natur.
13 ungdommar i alderen 14-18, frå 4 ulike fylke, deltok på Campen 2010.
Fotografane fotograferte på kvar sin sjølvvalgte stad i timesvis to dagar på rad - og starta så redigeringsarbeid mm. Forfattarane jobba med ulike oppgåver. - Ute og inne.
I tillegg til fordjupning i gruppene var det fellessamlingar kvar dag med fokus frå/med andre kunstneriske perspektiv.
Raknes "eit kunstnarliv, kva kan det vere, kva kan prosessar vere?"
Pekka Stokke: videoscenografi.
Huke&Nygård: presentasjon av sitt pågåande felles foto/tekst-bokprosjekt.
Rebolledo Pedersen: las av dikta sine på fredagen, for Campdeltakarar - og var med på kveldens bål på dagen før festivalen.
Det var god, heimlaga mat, dobbeltromsoving i kulturminnehus, innsjø og bade i og sol og fin sommar heile veka. Og bål kvar kveld med samtalar av alle slag rundt.
Og på festivalen var ungdommane del av denne - på linje med profesjonelle. Med utstilling på stranda, i vindauge på Bakkastoggo, i uthuset - og frå scena.
Kort oppsummert kan ein seie vi oppnådde alle våre mål og meir til med vår første Camp.
Etter Campen var vi så overvelda imponert og glad for over arbeidet som hadde komme utav denne veka at vi bestemte oss for å lage bok av det.
"Jeg er her nå" er eit utplukk av ungdommane sitt arbeid frå denne veka - redigert av Kim Nygård og Marte Huke. Boka vart sleppt på Trondheim Dokumentarfestival i november 2010 - og nesten alle frå Campen var samla igjen der. - I tillegg til å bli presentert sjølve, dekte vi her bill. til festivalen til dei , så dei kunne få påfyll av god art IGJEN, ilag - og i tillegg laga dei eigne sosiale møterom på eige initiativ.
SJØBYGDA KUNSTNARHUS har som utgangspunkt å ta alle menneske, uansett alder, på alvor og søke opne moglegheiter for kunstnerisk utvikling.
Campen var vanvittig vellukka!
I løpet av året har ei av poetane blitt antatt i ein antologi mellom "profesjonelle forfattarar" , ei av fotografane har vunne 2 prisar.
Campungdommane har skrive takkejulekort, fb-meldingar mm, dei laga forening og facebookeside og mange av dei har nær kontakt enno, eitt år etterpå - og kom tilbake på årets festival i Sjøbygda.