Fogderifylket Møre og Romsdal – et forestilt fellesskap? Identitet i eit grenseland
Møre og Romsdal er kjent for å vere eit «fogderifylke» kjenneteikna av ei rekkje utfordrande konfliktar. Det blir hevda at det er større skilnader og eit høgare konfliktnivå internt enn i dei fleste andre fylke – og at dette framleis gjer seg gjeldande i dag. Ønsket med dette prosjektet er difor å forske på identitetar, kultur, brytningar og samarbeid i dette geografiske området, som eit fellesprosjekt mellom museumsinstitusjonane i fylket.
I dette prosjektet tek ein mål av seg til å utfordre relevansen av og problematisere i kva grad og på kva vis dei historiske skiljelinene og konfliktane, og dei potensielt førestilte fellesskapa og førestilte skiljelinene, er samtidsaktuelle faktorar i området også i dag og inn i framtida.
Fakta
Program: Forskning
Ansvarlig museum: Stiftelsen Romsdalsmuseet
Fylke: Møre og Romsdal
Støttet i perioden: 2018 - 2020