– Kulturelle uttrykk kan visa at naturen har ein verdi i seg sjølv
Randi Nygård er blant kunstnarane som deltek på Kulturrådets årskonferanse 2018. Foto: Amalie Marie Selvik / Trondheim Senter for Samtidskunst
Kva for ei tyding har kunst og kultur når klima og miljø er i dramatisk endring? Vi har invitert fagfolk både frå kulturlivet og andre fagfelt til årskonferansen for å belysa dette og ein av dei er biletkunster Randi Nygård. Her kan du lesa kva ho tenkjer om utfordringane vi står ovanfor og korleis ho bidreg i det daglege virket sitt.
Randi Nygård er biletkunstnar og har ei mastergrad frå̊ Kunstakademiet i Trondheim, NTNU, 2006. Ho jobbar no fram mot to separatutstillingar i 2019, ei ved Kunstverein Springhornhof og ei ved TOKONOMA på MELK i Oslo. Ho skal og vera med på Tegnetriennalen på Kunstnernes hus i 2019. Randi er del av Ensayos, eit internasjonalt og tverrfagleg prosjekt kor kunstnarar, samfunns- og naturvitarar og filosofar som undersøker tema knyta til politisk økologi. I lag med Karolin Tampere jobbar Randi med Ensayo#4, der forvaltning av havet og kystlinja står sentralt. Dei har nettopp redigert ei bok som tek utgangspunkt i den norske Havressurslova sin andre paragraf som seier at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet. http://ensayostierradelfuego.net/
Kva kan kunsten og kunstneren bidra med i klima- og miljøkrisen?
Eg trur samfunnet må omstilla seg raskt. Men om vi ikkje ser korleis vi inngår i både naturlege kretsløp og samfunnsstrukturar, kan det vera vanskeleg å innbilla seg nye mulige måtar å leva på. Eg trur kunstnarar kan vera med på å gjera oss meir bevisste og følsame i forhold omverda og miljøet.
Kunsten kan visa oss andre og meir levande måtar å sjå natur på. Den kan gjera oss merksame på ting vi ofte overser, anna liv, planter og dyr rundt oss. Kunst kan òg føreslå eller skapa konkrete endringar.
Eg trur kunst, på sitt beste, har ei følsemd mot det som ikkje kan gripast med fornufta, som poetiske sider ved omverda. Eit eksempel på noko som delvis er ubegripeleg for oss er korleis dyr og planter sansar og kjenner omverda. Vi treng å sjå oss sjølve og våre politiske system som del av naturen, og vi treng å i større grad ta omsyn til dyr og planter i våre måtar å organisera samfunnet på. Og då treng vi kanskje å sjå omverda på meir poetiske og opne måtar.
Kva gjør du i det kunstneriske virket ditt?
Sentralt i arbeida mine er å få fram ei kraft i både bilde og material. Målet er å både skapa ei undring og begeistring over naturen og samtidig synleggjera vår påverknad og tilhøyrsle med den. Eg trur at kulturelle uttrykk kan visa at naturen har ein verdi i seg sjølv, utover det å vera ein ressurs for kommande generasjonar.
Eg jobbar med frottage-teikningar og tre-dimensjonale collagar, utifrå̊ ei interesse for forhold mellom menneske og natur, tanke og material. Eg ser etter vitskaplege fakta eller hypotesar om desse forholda, som eg finn poetiske og undrar meg over. I collagane mine har eg mellom anna teke utgangspunkt i at livførselen vår fører til at planter døyr ut i andre verdsdelar.
Eg skriv òg tekstar om kunst. I lag med Karolin Tampere har eg nettopp gitt ut ei tverrfagleg bok med utgangspunkt i paragraf to i den norske havressurslova. Etter paragrafen heiter det at dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet. Boka tek for seg spørsmål rundt orda i lovteksten sett frå ulike fagfelt og kunstnariske perspektiv. Den inneheld kunstverk, vitskaplege artiklar, dikt, manifest og essay som handlar om havet, det ville, ulike natursyn og bruk av ressursar.
Tampere og eg er òg redaktørar for kunstdelen av Forfattaranes klimaaksjon.
Tror du kulturfeltet kan gjera en skilnad?
Ja, det trur eg. Kulturfeltet kan kommunisera på måtar vitskapane ikkje kan. Dei kjem med rasjonelle fakta om klima- og miljøkrisa, og så er kulturen med på å omarbeide og tolka desse. Vi må få stat og bedrifter til å endra seg raskt. Og då treng vi kunnskap, nye idear og vi treng å vera mykje meir følsame.
Kulturrådets årskonferanse 2018 har tittelen Siste akt - kunst og kultur i miljøkrisenes tid. Konferansen arrangeres 20. november i Grieghallen i Bergen.