Lanserer ny strategi for levande kulturarv
– Immateriell kulturarv kryssar ulike sektorer og er eit samansett felt, med mange aktørar og ulike roller. For å utvikle feltet på ein god måte, trengst det tydelegare prioriteringar, betre samspel og gode strukturar som støttar arbeidet som skjer i praksis, seier Torbjørn Urfjell, avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet.
Strategien peikar ut retning og mål for arbeidet, der levande kultur blir anerkjent som ein viktig del av kulturarven og løfta fram som ei drivkraft for berekraftig utvikling. Han klargjer òg direktoratet si rolle i vidareutviklinga av feltet og løftar fram fire satsingsområde: berekraftige byar lokalsamfunn, forsoning, beredskap og rolla til musea. Dette skal gi ein tydelegare retning for prioriteringar, samarbeid og vidare innsats.
Følgjer opp innspel
Kulturdirektoratet har hatt dialog med ulike aktørar i arbeidet med strategien. Mange har peikt på eige arbeid med å følgje opp UNESCO-konvensjonen.
– Vi har fått mange gode og viktige innspel frå feltet. Fleire av dei overordna perspektiva tar vi med oss vidare i dialogen med Kultur- og likestillingsdepartementet, seier Urfjell.
Innspela har gitt betre innsikt i aktørane og arbeidet deira med å følgje opp UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv.
Frivilligheit og barn og unge er viktige perspektiv
Fleire trekkjer fram kor viktig frivilligheita er, og understrekar òg betydninga av å inkludere barn og unge. Dette er perspektiv som er tekne inn i strategien.
Urfjell framhevar at felles retning, tydelege roller og godt samarbeid er avgjerande for å sikre at levande kulturarv blir vidareført til nye generasjonar.Sjå Kulturdirektoratets strategi for arbeid med immateriell kulturarv