1 million til tre aspirantstillingar
Kulturminister Hadia Tajik lanserte aspirantordninga i haust. Foto: Kulturrådet.
Kulturrådet har løyvd ein million kronar til tre kulturinstitusjonar for å tilsetje nyutdanna kunstnarar eller kulturarbeidarar som er i etableringsfasen i ei eittårig aspirantstilling.
Dei tre institusjonane er Henie-Onstad kunstsenter i Bærum, Bergen senter for elektronisk kunst og Sverresborg Trøndelag folkemuseum, avd. Norsk døvemuseum (Musea i Sør-Trøndelag).
Kulturdepartementet løyvde ein million kroner i 2012 til Norsk kulturråd for å oppretta ei aspirantordning på kunst- og kulturfeltet. Ordninga vart lansert av kulturminister Hadia Tajik i slutten av september.
37 søknader
No har Kulturrådet valt ut dei tre søkjarane som får tilsetje ein aspirant i 2012. Til søknadsfristen 1. november kom det inn heile 37 søknader, trass i at fristen var svært knapp.
- Vi vart positivt overraska over den store responsen trass i kort frist. I tillegg var det gledeleg at heile 14 søknadar hadde eit klart mangfaldsperspektiv, seierseniorrådgjevar Åshild Andrea Brekke i Kulturrådet, som er ansvarleg for ordninga.
Flest søknadar kom frå biletkunstfeltet (12) og scenekunstfeltet (10), medan resten fordelte seg på museum (5), kulturverksemder (6), musikk (2), litteratur (1) og arkiv (1).
Og til sist var det altså Henie Onstad, BEK og Sverresborg som trakk det lengste strået. Men det var inga enkel oppgåve å velje ut dei tre beste søkjarane, fortel Brekke.
- Det var jamt over høg kvalitet på søkjarane, og prosessen med å velja ut dei som fekk dei første tre stipenda har vore krevjande. Dei som gjekk av med sigeren i denne runden hadde sterke søknadar som, i tillegg til å fylla kriteria, var svært overtydande når det gjaldt å tilby kandidatar ein god arbeidsplass med relevant fagleg opplegg og oppfølging av høg kvalitet.
- Utrolig viktig
Alle dei tre institusjonane er svært nøgde med høvet til å tilsette ein aspirant.
- For oss er det utrolig viktig å få en aspirant – det vil frigjøre faglige ressurser og gi oss mulighet til å tilby aspiranten kontakt og erfaring med alle relevante ledd i virksomheten vår. Det gir viktig kompetanse for senere arbeid i sektoren, seier dagleg leiar ved Bergen senter for elektronisk kunst (BEK) Lars Ove Toft. BEK har allereie funne ein aspirant som vil gå inn i stillinga.
Målet med ordninga er at profesjonelle kunstnariske verksemder etter søknad kan få tilskot til å tilsetja nyutdanna kunstnarar eller kulturarbeidarar som er i etableringsfasen i ei aspirantstilling for eitt år.
Kulturrådet ynskjer å bidra til at kulturinstitusjonane speglar mangfaldet i befolkninga ved å i større grad rekruttere kandidatar med variert kulturell og sosial bakgrunn. Tanken er at ein meir mangfaldig personalprofil i kulturverksemder vil bidra til å fremje nye impulsar og stimulere til nytenking og utvikling i alle delar av sektoren.
Ny moglegheit i 2013
Då kulturministeren lanserte aspirantordninga i september løyvde ho samstundes ein ekstra million til prosjektet frå 2013. Det betyr at det er mogleg å søkje om nye aspirantstillingar allereie frå 1. mars, og neste år er det heile seks institusjonar som kan tilsette ein aspirant.
Utlysinga kjem på nyåret, med frist 1. mars, og Kulturrådet oppmodar alle kunst- og kulturverksemder om å søkja.
Her kan du sjå alle søkjarane til aspirantordninga.
Kontaktperson:
Åshild Andrea Brekke tlf 21 04 58 15