Kunst søker lesar! No lysast 1,6 millionar ut til formidling og distribusjon av kunstbøker
No kan de søke midlar for nyskapande prosjekt for å distribuere og formidle kunst- og kunstnarbøker. Potten på 1,6 millionar kroner er ei eingongsutlysning, og ei heilt ny ordning i Kulturrådet. Men historia med kunstbøker i Kulturrådet strekker seg helt tilbake til 1970-talet.
- Eg er glad og letta for at vi kan lyse ut midlar til distribusjon og formidling av kunst- og kunstnarbøker. Dette er veldig bra for feltet.
Inger Eri står i resepsjonen, ved eit fire meter høgt bokhyllesystem der ein liten del av dei kunst- eller kunstnarbøkene som Kulturrådet har støtta, er stilt ut. Bokhylla blir sett av dei av dykk som iblant vitjar Kulturrådet, men elles er samlinga berre ei av mange små og litt tilfeldige formidlingskanalar for denne sjangeren av biletkunst og litteratur. Eri er ordningsansvarleg for «Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling» i Kulturrådet, som sidan 2010 har gitt produksjonsmidlar til hundrevis av kunstbøker. Men nokon samla og koordinert distribusjons- og formidlingssystem har ikkje desse bøkene kunnet gått inn i. Dette har Eri og fagfeltet over tid forsøkt å gjere noko med.
No er endeleg 1,6 millionar kroner sett av til ei ekstraordinær satsing, ein eingongsutlysing, for prosjekt som går på distribusjon og formidling av bøkene. Frist for søknad er 2. juni. Ein kan søke opp til 400 000 kroner .
Les meir om ordninga og søk tilskot
Eri håpar på innovative og visjonære prosjekt som ein kan bygge på i det vidare arbeidet med varige strukturar for formidling og distribusjon av denne typen publikasjonar.
- Vi er avhengige av at feltet definerer, og foreslår løysingar. Det kan vere alt frå forslag til sentraldistribusjon til ei metodisk undersøking av feltet for å få statistikk og kunnskap som ein i neste steg kunne brukt i arbeidet mot ei innkjøpsordning for kunst- og kunstnarbøker.
Lang historie med kunst- og kunstnarbøker
Historia med kunst- og kunstnarbøker i Kulturrådet er nesten like gamal som prosjektstøtta til visuell kunst. Men dei første kunstbøkene fekk først støtte frå midta av søttitalet. Kulturrådet jobba meir systematisk for - større katalogar, monografiar og kunstnarbøker frå midten av 1980-talet. I 2014 vart det oppretta ei ordning retta spesifikt mot kunst- og kunstnarbøker. Sidan da har talet på søknadar berre auka.
- Stadig fleire kunstnarar kontekstualiserer sitt eige virke gjennom tekst og publikasjonar, seier Eri.
- Biletkunstnarar i Noreg er gode til å problematisere og teoretisere. Talet på søknadar aukar, kvaliteten aukar, og at det å ha fått ei eiga ordning, med ein eigen avsetning, har bidrege til dette.
Den eigne ordninga omfatta frå starten av kunstnarbøker, altså eit kunstnarisk konsept som er realisert i bokform, samt monografier, fotobøker, større utstillingskatalogar, fanzinar, pamflettar, bøker om kunstteori, og bok- eller magasinserier, samt utvikling av manus av ein viss lengd – om samtidskunst.
Vi kunne ha delt ut dobbelt så mykje midlar til fortente prosjekt. Det blir lagt merke til internasjonalt med at kuratorar blir henta frå Noreg, slik som da forlaget og kunstbokhandelen Torpedo blei engasjert til bokmessa MAD i Paris.
Den auka interessa for kunst- og kunstnarbøker er òg materialisert i utstillingar og arrangement på museer, kunsthallar, litteraturhus, kunstbokmesser, biennalar og andre større kunstmønstringar og -festivalar. Sjangeren har vore brukt som eit tverrfagleg utforskingsrom, som bind fagfelt saman. Det fleksible formatet rommar fleire fag, sjangrar, tematikkar og stilar. Boka kan vere og har alltid kunne vore ein bastard. Men kunstnarbøkene er det i særleg stor grad. Ordninga "Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling" ivaretek sjangeren med prosjektstøtte. Forbundet frie fotografer tok initiativ til oppretting av ei innkjøpsordning for fotobøker, som er ein del av sjangeren. Det er eit kunstfelt som har ein fortid bak seg, og som definitivt ser ut til å ha ei framtid foran seg.
Fridomens form
Frie ord! Slik kan ein omsetje omgrepet Parole in libertà, som dekker ei retning i litteraturen i Italia tidleg på nittenhundretalet. Litteratur møtte da visuell kunst i publikasjonar, plakatar og andre trykksaker, og var kalla ein fest av kreativitet og skaparkraft. Kunstnarane, i hovudsak futuristar, jobba uavhengig av definisjonar, sjangrar og disiplinar. Surrealistane, som var nestemenn ute i den kunsthistoriske kronologien, brukte òg trykksakar og publikasjonar.
Kunsten bør innrette seg etter den uhemmede inspirasjon, skreiv Breton i "Det surrealistiske manifest". Og nokre gongar vil eit materiale helst bli ei bok eller ein annan form for publikasjon. Sjølv om det har mangla spesialiserte stipend eller fagforeningar for kunstnarbokskaparar, sjølv om det har mangla strukturar for distribusjon og formidling, så har desse bøkene fortsett å bli til. Edvard Munch skapte kunstnarbøker frå ståstad som biletkunstnar. Forfattaren Jan Erik Vold var, på sekstitalet, tidleg ute i Noreg med konkretisme, altså poesi sett opp som bilde. Biletkunstnarane i Noreg var spesielt aktive på kunstnarbokfeltet på 60- og 70-talet.
No er det ei ny gullalder:
I 2014 var Noreg fokusland på New York Art Book Fair. I 2017 kuraterte kunstbokforlaget og -bokhandelen Torpedo ei messe i Paris. Den norske aktøren Codex Polaris har òg fått ei høg stjerne internasjonalt. Ein har også sterke aktørar i Tekstallianse, Bergen Art Book Fair, Fotobokfestivalen i Oslo, B*stard, Nordic Art press, Galleri Würth, Mondo books, Yokoland, House of Foundation, Kunsthall Kristiansand og Deichmanske bibliotek, særleg avdeling Grünerløkka, for å nemne nokre av dei større aktørane på feltet.
Inger Eri hentar ned nokre talande døme frå bokhylla i resepsjonen, og viser fram:
I "Brev nr 2" frå Trippelpunkt, forlaget til Anngjerd Rustand, kan lause, handkolorerte ark samlast i ulike konstellasjonar, til eit auge, til eit frø i jorda. Cato Løland formidlar tekstilkvalitetar på ulike måtar; frå sider med bitar av tøy, til ark med tekstilnær tekstur i kunstnarboka Trippelpunkt del 2.
Bente Sætrangs monografi "Bente Sætrang" handlar òg om tekstil. Forskarar, kunstnarar og andre fagpersonar, og interessant nok Vigdis Hjorth, som er romanforfattar og ikkje biletkunstnar, men som let tekstilkunstnaren Alma vere hovudperson i romanen "Et norsk hus". Dette høyrest ut som eit uvanleg gjennomtenkt bokprosjekt?
- Ja, Sætrang skal ha reist ned til Gylling på Jylland og Narayana press for å følgje opp bildekvaliteten i trykket. Det er eit verkeleg entusiastisk prosjekt, ein iherdig jobb, seier Eri.
Også Jorunn Veitebergs "Smykkeskrinet" er ei kunstbok om og med kunsthandtverk. Det er ei oversiktsbok over smykkekunsten si historie. Samtidig er det som ei minnebok full av subjektive nedslag, i form av ein publikasjon med omslag som eit lokk over sidene.
Arild Våge Berges "Forhandlingar" er ei konseptbok der jussen i vegbygging står sentralt.
- Fotokvaliteten i prosjektet er svært godt, og alle formmessige val underbygd og gjennomtenkt, seier Eri. «Underbygd og gjennomtenkt» kallar ho også Una Hunderis "Born free", ei storformats fotobok om «unschooling», om det å velje bort tradisjonell undervisning for barna sine.
Eri viser òg fram døme på ein publikasjonsserie som har fått midlar frå ordninga; "Fukt".
- Redaktør og bokskapar Bjørn Hegardt har gjort ein stor jobb med å samle og kuratere teikning frå Noreg, og formidle den på bokmesser i inn- og utland. Designet er nydeleg og spesielt.
Den siste boka Eri viser fram er større samlebok med Kurt Johannesens arbeid frå 2007-2017. Johannesen er eit døme på ein som skapar kunstnarbøker no, og som har drive med det gjennom tretti år.
- Johannesen er som ein institusjon i seg sjølv, med eit stort spenn i seg. Noko av det unike i Johannesens virke er det sjangeroverskridande, der bøkene hans, installasjonar og performancar er vevde inn i kvarandre.
Kunstnarboka demokratiserer biletkunsten
Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur har vore vid nok til å famne Johannesens bøker, og fleire av titlane hans har vore kjøpt inn. Nokre få andre døme er det òg på kunst- eller kunstnarbøker som har vore kjøpt inn til folkebiblioteka gjennom innkjøpsordningane for sakprosa, teikneserier og skjønnlitteratur. Men det tverrfaglege aspektet ved mange kunstnarbøker, at dei ofte er unika eller laga i få og dyre opplag, gjer dei vanskelegare å plassere i eit slikt system. Kvifor insisterer Eri på at det må gjerast?
- Det er ei breidde i desse publikasjonane som gjer at det vil vere noko her for alle. Dei gir motstand, men kan også vere ein plass å identifisere seg med noko eller nokon. Ta til dømes Fin Serck-Hanssens nydelege bok Hedda om «flytande kjønn», som kan vere svært viktig å finne for ei viss målgruppe.
At kunstnarbøkene snakkar særleg til dei som les bilde godt, er blant grunnane til at Eri trur at kunstnarboka demokratiserer biletkunsten.
- Alle vil ha råd til ei kunstnarbok. Ein kan ta den med seg heim, kan dele den med andre. «Sjå, har du sett denne, la meg vise deg.» Kunstnarbøkene er eigna til ein intim omgang med kunsten, men også til deling og samtale.
- På eitt vis er det låg terskel for å dele og formidle kunstnarboka. Og likevel er det ikkje så lett?
- Det er per i dag ikkje så lett å få tak på kunstnarboka. Tronsmo bokhandel i Oslo har nokre. B*stard bokhandel i Lillehammer lanserte ein nettbokhandel 13. desember 2021 for kunstnarbøker. Det finst eit utval i kunstmusea sine butikkar, og tidlegare på Kunstnernes Hus i Oslo. Men kvifor i mindre grad i folkebiblioteka, saman med den øvrige litteraturen?
– Nokre av bøkene er uvanleg kostbare eller ømfintlege. Desse bøkene er avhengige av å møte spesielt interesserte bibliotekarar, svarar Eri.
I bacheloroppgåva "Artists' books i bibliotek", vitjar Janne Jacobsen Tate Gallery i London og ser korleis bøkene vanskelegare let seg plassere og kategorisere. Dei finn at det er vanskeleg å ordlegge kva verka handlar om, eller å notere ned alle aspekt ved bøkene som er verdt å katalogisere. Tate har, sidan søttitalet, erkjent at kunstnarbøker treng den ekstra merksemda. Og dei har gitt det ekstra arbeidet som dei krev.
Kunstnarbøker på biblioteket
«Bøkenes hamskifte» kom ut i samband med flytting av Deichmanske hovudbibliotek, og skildrar på meir generelt plan ei endring i norske folkebibliotek sitt forhold til bokobjektet. «En bok har det unike ved seg at den er bygget og tenkt som et volum, og i en form som er en integrert del av mediet, slik at boka som lagringsmedium og teknologi er én og samme ting, skriv professor i teori og skriving ved KHiO si avdeling for design, Theodor Barth, om plassen til bøker i biblioteka i framtida. «Bøkenes hamskifte» skildrar bøker og samlingar; dei synlege og lett tilgjengelege, men ikkje minst magasina, der ein mellom anna kan drive «samtidsarkeologiske undersøkelser».
Kunstnarbøker som faktisk fann vegen sin til biblioteka kunne ende i desse magasina fordi det, i sorteringssystema til biblioteka, ikkje finst nokon kategori for boka som kunst. Men Eri har sett positive tendensar, slik som særleg mange innkjøp av kunstnarbøker til t.d. Deichman Schous plass, samarbeidet mellom Kunsthall Kristiansand og biblioteket i Kristiansand, Kunsthall Trondheim og litteraturhuset, samt det at det finst ein eigen kunstnarbokbibliotekar ved universitetsbiblioteket i Bergen, og initiativ til å opprette eit eige kunstnarbokbibliotek på det nye Nasjonalmuseet i Oslo. Og fleire, og gjerne samlande, koordinerande initiativ, det håpar Eri på at skal komme med søknadar til den ekstraordinære utlysinga. Ut over det vil ho ikkje skildre «drømmesøknaden».
- Det må vere opp til feltet å definere behovet. Men drømmen er, at intiativa som kjem no, på sikt kan leie fram til utforminga av ei innkjøpsordning.