Elleve nye forskingsprosjekt om kunstens rolle i samfunnet
Korleis kan vi diskutere og forstå kunstens samfunnsverdi på ein ny måte? Saman med Statens Kunstfond i Danmark og Kulturdepartementet støttar Kulturrådet no elleve nye forskingsprosjekt som ser på kunst og sosiale fellesskap i Norden.
Prosjekta skal undersøke korleis kunst verkar i samfunnet, korleis kunst er med på å etablere sosiale fellesskap og korleis ein kan forstå den samfunnsmessige betydinga av kunst- og kulturaktiviteter.
Forskarane vil undersøke kunst- og kulturaktivitetar innanfor musikk, litteratur, teater og dans, visuell kunst og festivalar i Norden, og vil mellom anna setje søkelys på barn og unge, marginaliserte grupper, ulike utøvarar og publikum. Prosjekta som vert støtta skal blant anna sjå nærmare på kulturfestivalar i Sápmi, korleis musikk kan nyttas som intervensjon for utsatte ungdomar og samtidsteateret som arena for usemjefellesskap.
Nye perspektiv på samfunnsverknaden av kulturaktivitetar
– Forskningsprogrammet «Kunst og sosiale fellesskap» vil kunne gje nye perspektiv på verdien og samfunnsverknaden av kunst- og kulturaktivitetar, seier Jorunn Veiteberg, leiar for Kulturrådets FoU-utval. – For Kulturrådet er det viktig å få meir kunnskap om kunstens sosiale sider. Dette er også noko det knyter seg stor politisk interesse til.
Forskarane som nå skal i gang, kjem frå universitet, høgskolar og forskingsinstitutt i Norge, Danmark og Norden for øvrig.
– Til utlysinga kom det inn 48 søknadar om ein samla sum på over 47 millionar kroner. Søknadane kom frå forskningsmiljø i heile Norden, og frå ulike fagfelt innanfor humaniora, samfunnsvitskap og økonomi. Dette syner at kulturpolitisk forsking, og ikkje minst temaet «Kunst og sosiale fellesskap» framstår som relevant og aktuelt for forskningsmiljøa, seier Olav Hamran, forskingsleiar i Kulturrådet.
Forskingprogrammet er finansiert av Kulturrådet, Statens Kunstfond i Danmark og Kulturdepartementet. Samla tildeling til dei elleve prosjekta er på 10,5 millionar kroner (NOK).