Digitalt informasjonsmøte om amatørteateraktivitet i grupper
Kulturdirektoratet inviterer til digitalt informasjonsmøte om tilskotsordninga amatørteateraktivitet i grupper 13. februar kl. 20:00. I 2025 er det både justerte retningslinjer og nytt søknadsskjema.
13. februar 2025 kl. 20:00 |
|
Digitalt på Teams |
|
Kulturdirektoratet |
I forkant av søknadsfrist 4. mars inviterer Kulturdirektoratet til eit digitalt informasjonsmøte. I år har vi justert retningslinjene for ordninga. Vi lanserer også eit nytt søknadsskjema i ein ny søknadsportal.
Nye og gamle søkarar er velkomne, og vi oppmodar alle om å sette seg inn i endringane i god tid før søknadsfrist.
Etter ein innleiande presentasjon opnar vi for spørsmål.
På møtet får du vite meir om
- tilskotsordninga amatørteateraktivitet i grupper – kven som kan søke og kva du kan søke om pengar til
- krav til rapport
- kva som er nytt i retningslinjene
- korleis du går fram for å få rettleiing eller stille spørsmål
- generelle søknadstips
I dette møtet er det rådgivar Ragnhild Gjefsen frå Kulturdirektoratet som informerer.
Møtet er digitalt og opent for alle.