Hopp til innhold
Møte

Informasjonsmøte og prosjektverkstad om Kreativt Europa i Bergen

Kulturrådet og Hordaland fylkeskommune inviterer kulturaktørar på Vestlandet til informasjonsmøte, prosjektverkstad og individuell rettleiing om EU-programmet Kreativt Europa.

Bergen. Foto Per Dehlin

Bergen. Foto Per Dehlin

13. - 14. september 2018

Legg arrangementet i min kalender

Bergen offentlige bibliotek, UROM, 2. etg

Kulturrådet og Hordaland Fylkeskommune

Torsdag 13.september

Informasjonsmøte 10.00 – 11.30

Prosjektverkstad 12.30 – 15.00

Stad: UROM, 2. etasje, Bergen offentlige bibliotek

 

Fredag 14.september  

Individuelle møte/rettleiing

Stad: Fylkeshuset møterom 7.etg.

 

EU- programmet Kreativt Europa gir støtte til samarbeid og utveksling mellom europeiske kunst-, kultur- og kulturaktørar. Det er allereie ei rekke aktørar på Vestlandet som har fått støtte frå programmet, og i dette kurset vil du få høyre erfaringar frå nokon av desse, samt frå Kulturrådets medarbeidarar Thea Breivik og Per Dehlin.

Påmelding

De kan melde dykk på ein, to eller alle tre delane. Påmeldingsfrist er 5.september, men det er avgrensa tal på plassar og det kan då verte fullt før påmeldingsfristen er ute.

Her kan du melde deg på kurs 1 og/eller til kurs 2 hos Hordaland fylkeskommune. Interesse for open dag sendes til Per Dehlin i Kulturrådet.

 

Meir om Kreativt Europa-programmet

Program

13. september kl. 10.00 – 11.30:

Kurs 1: Bli kjent med EUs kulturprogram
 

Her vil du bli kjent med EUs kulturprogram Kreativt Europa og høyre erfaringar frå vestlandsbaserte organisasjonar som har erfaring med å delta i programmet. Dette informasjonsmøtet er ope for alle og kurset passer for kulturaktørar uavhengig av kunstform, som er interessert i å arbeide med europeiske partnarar.

  • Informasjon om Kreativt Europa-programmet
  • Erfaringar frå organisasjonar/aktørar frå Hordaland som har delteke i programmet:
    • Bergen offentlige bibliotek med programmet Turn on literature
    • Bergen internasjonale teater ved teatersjef Sven Åge Birkeland med programmet Advancing Performing Arts Project - Performing Europe 2020.
    • Bergen Senter for Elektronisk kunst ved dagleg leiar Anne Marthe Dyvi med programmet Future DiverCities
  • Spørsmål og samtale

 

13. september kl 12.30 – 15.00:

Kurs 2: Prosjektverkstad
 

Verkstadsbasert kurs for dei av dykk som er noko kjent med programmet, har ein prosjektidé og evt. er i gang med å utvikle eit prosjekt.

Deltakarane bør sende inn eit uforpliktande prosjektutkast på førehand, og vil kunne presentere sitt prosjekt gjennom ein 3 minuttars presentasjon. Gjennom å lytte til andre kulturaktørar, vil det også vere mogleg å sjå linkar til andre kulturaktørars prosjekt. Dette er ein glimrande arena for å knyte kontaktar og for å få tilbakemelding på prosjektidéar.

Prosjektutkastet sendast til kontaktperson i Kulturrådet og Fylkeskommunen seinast ei veke før kurset.

 

14. september: Open dag – individuell rettleiing

Thea Breivik og Per Dehlin frå Kulturrådet vil vere tilgjengelege for individuelle samtalar og rettleiing mellom kl. 09.00 - 15.00

Du kan teste ut ein prosjektidé, få konkret tilbakemelding om ditt prosjekt, eller få veiledning i søknadsskriving.  Send ein e-post til Per Dehlin for å lage ein avtale.