Hopp til innhold
Informasjonsmøte

Informasjonsmøte om tilskotsordninga tidsskrift og kritikk

Velkommen til digitalt informasjonsmøte om ordinga tidsskrift og kritikk, med innleiingar og moglegheit til å stille spørsmål.

14. august 2023 kl. 13:00 - 14:30

Legg arrangementet i min kalender

Digitalt (meir info kjem)

Kulturdirektoratet

Strømmes

Ordinga tidsskrift og kritikk opnar for søknadar til årets store søknadsrunde første veke i august, og vil i samband med dette halde eit digitalt informasjonsmøte.

Her vil vi gi den generelle informasjonen om dei ulike underordingane, samt fortelle om små justeringar i ordinga innkjøp og formidling av tidsskrift til bibliotek. Utvalsleiar Ida Habbestad vil òg halde ei innleiing. Det vil vere mogleg å stille spørsmål. Inga Moen Danielsen frå Tekstallmenningen, som administrerer det praktiske med biblioteksordninga, vil òg vere tilstades for å svare på spørsmål. 

Velkommen til digitalt informasjonsmøte der du 

  • får ei meir generell innleiing ved ordningsansvarleg Mette Karlsvik (seniorrådgjevar i Kulturdirektoratet)
  • får ei meir søknadsorientert innleiing ved utvalsleiar Ida Habbestad (utvalsleiar i Fagleg utval for tidsskrift og kritikk)
  • kan stille spørsmål om ordningane generelt, eller ditt spesifikke tidsskrift, prosjekt eller arrangement. 

Påmelding til [email protected], som vil sende ut møtelenke på e-post.