Hopp til innhold

Kulturanalysen 2024: Kven bruker kunst og kultur i Noreg?

Velkommen til Kulturanalysen 2024! I år skal me dykka ned i korleis bruken av kunst- og kulturtilbod i Noreg har utvikla seg dei siste åra. Konferansen vil gå føre seg digitalt og kan følgjast på vår nettside eller Facebook-side.

20. mars 2024

Legg arrangementet i min kalender

Digitalt

Kulturdirektoratet

Strømmes

Eit hovudmål i den norske kulturpolitikken er at kunst og kultur skal vera tilgjengeleg for alle, uavhengig av inntekt og bakgrunn. Likevel viser fleire undersøkingar tydelege sosiale forskjellar i kven som deltek i kulturlivet. I tillegg førte pandemien til at færre fekk oppleva, formidla og skapa kulturuttrykk. Kva er status no? Og har publikum komme tilbake?

Ny kunnskap om kulturbruk 

Fam Vivian Bekkengen frå Statistisk sentralbyrå legg fram undersøkinga «Norsk kulturbarometer 2023» som viser bruken til befolkninga av ulike kulturtilbod som kino, teater, konsert, museum og bibliotek.

Ole Marius Hylland frå Telemarksforsking legg fram rapporten «Å telja er å velje» som er ei større kartlegging av kulturbrukundersøkelser. Rapporten er skriven på oppdrag frå Kulturdirektoratet.

Leiar av Kulturrådets forskingsutval, Jan Fredrik Hovden, presenterer den nye forskingssatsinga til Kulturrådet om kulturbruk.

Panelsamtale

Direktør i Kulturdirektoratet, Kristin Danielsen, vil innleia konferansen før rapportforfattarane legg fram hovudfunn frå undersøkingane. Til slutt vil det vera ein panelsamtale om kulturbruk. 

Problemstillingar som blir løfta er: Kvifor er nokon grupper underrepresenterte i kulturbruksstatistikken? Kva kan gjerast for å inkludera fleire i kulturlivet?

Desse sit i panelet:

  • Jan Fredrik Hovden, leiar av Kulturrådets forskingsutval
  • Christin Fonn Tømte, seksjonsleiar for formidling ved Munchmuseet
  • Solveig Riiser, dagleg leiar for Miniøya 
  • Louise Winness Prestgard, dagleg leiar ved Drammen Scener
  • Matias Hilmar Iversen, direktør i Kulturtanken
  • Panelsamtalen blir leidd av Marcus Zackrisson, avdelingsdirektør for kulturanalyse i Kulturdirektoratet

Konferansen er gratis. Du kan melda deg på arrangementet her!

Her finner du Facebook-arrangementet.