Hopp til innhold

Kunstnardrivne visningsrom. Boklansering og seminar

Kulturrådet inviterer til seminar på Kunsthøgskolen i Oslo, der boka "Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst" vil bli lansert.

Visningsrommet 1857 i Oslo.

Visningsrommet 1857 i Oslo.

21. mars 2017 kl. 12:30 - 16:00

Legg arrangementet i min kalender

Kunsthøgskolen i Oslo, Teorirommet

Kulturrådet

Det siste tiåret har det blitt etablert fleire kunstnardrivne visningsstadar i Norge. Dei har vore viktige og vitale årestadar for framsyning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement? Og viktigast: Kva slags kunst har blitt til på desse stadane?

Jorunn Veiteberg si bok Kunstnardrivne visningsrom. Årestadar for ny kunst gjev ein gjennomgang og analyse av visningsstadane Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. På seminaret vil det bli sett fokus på den rolla dei spelar på kunstfeltet i dag.

Jorunn Veiteberg er kunsthistorikar og kurator og har skrive ei rekke bøker og artiklar om sentrale samtidskunstnarar og om kunsthandverk.

Program

12.30 Kaffi og bollar

13.00 Velkomen v/ Kulturrådet

Foredrag ved Jorunn Veiteberg

Ingen grus i maskineriet: Kunstnardrivne visningsstadar – frå alternativ til supplement. Mathias Danbolt (Københavns universitet)

Kommentar ved Rhea Dall (UKS)

14.10 Pause

Steffen Håndlykken (1857)

Videoinnslag med Randi Grov Berger (Entrée)

No Soul for Sale, Jakten på det kunstnarstyrte. Geir Haraldseth, (Kulturrådet og Rogaland Kunstsenter)

Ca. 16  Omvising i Karl Larsson Dinosaur og lanseringsfest på 1857

Påmelding

Anita Eik

Kontakt

Marianne Berger Marjanovic