Nordisk båtbygging kan komme på liste over verdas kulturarv
Klinkbåttradisjonen kan bli ein del av UNESCO si prestisjetunge liste over verdas immaterielle kulturarv. I år fremjar Noreg nominasjonen av denne nordiske tradisjonen saman med Danmark, Finland, Færøyene, Island, Sverige og Åland.
Den klinkbygde trebåten har ei historie som strekker seg minst to tusen år tilbake i tid. Teknikken er kjenneteikna ved at dei overlappande treborda, eller plankane, er satt i hop på ein spesiell måte med jern- eller koparnaglar.
Å ta vare på ein tradisjon handlar om meir enn å bygge og ta vare på båtane. Den nordiske nominasjonen som no er sendt til UNESCO dreier seg om klinkbåttradisjonen i stort: Frå kunnskapen som skal til for å byggje ein båt, kva miljø som held denne kunnskapen i hevd, til kunnskap om korleis klinkbåten blir brukt av ulike fellesskap rundt om i Norden. I nominasjonen blir tradisjonar som er med å vidareføre kunnskapen i ulike lokalsamfunn og ulike land i Norden, omtala. I dag lever tradisjonen og kunnskapen vidare i beste velgåande i fleire lokalsamfunn, og desse kulturuttrykka er ein del av ein felles nordisk identitet.
– Det er positivt at Noreg har vore pådrivar i arbeidet med å fremja ein felles nordisk nominasjon, og det er særs gledeleg at fleire samiske og kvenske tradisjonsberarar og miljø har slutta seg til nominasjonen. Nominasjonen gir eit kunnskapsgrunnlag som blir viktig i arbeidet med å sikre gode vilkår for å føre vidare tradisjonen i store deler av Norden, seier Espen Hernes, avdelingsdirektør for kulturavdelinga i Kulturrådet.
Godt initiativ og god forankring
– Vi har lagt ned mykje ressursar i dette arbeidet, men det har vore ein gjevande prosess, seier prosjektleiar Tore Friis Olsen i Forbundet KYSTEN.
Forbundet KYSTEN har vore prosjektleiar for eit omfattande arbeid for å få båtbyggjartradisjonen inn på UNESCO-lista. Organisasjonen har ei årrekkje arbeidd med å forankra ideen hjå ulike båtbyggjarar, lag og organisasjonar, museum, brukarar og andre som er interesserte i denne tradisjonen rundt om i Norden. Prosessen har gitt eit overblikk over korleis det står til med tradisjonen og kunnskapsoverføringa hos utøvarar, lag og organisasjonar i alle dei nordiske landa som har slutta opp om initiativet.
– Forslaget er eit godt eksempel på arbeid med vern og vidareføring av immateriell kulturarv, og vitnar om at Forbundet KYSTEN har arbeidd for å få god forankring i ulike miljø gjennom heile prosessen, seier Espen Hernes i Kulturrådet.
Ein grundig prosess
Nominasjonsforslaget Nordic Clinkerboat Traditions er blitt vurdert og kvalitetssikra av Kulturrådet og av ein fagkomité oppnemnt av Kulturrådet og Sametinget. Fagkomitéen og Kulturrådet innstilte det multinasjonale nominasjonsforslaget til UNESCO si Representative List i 2019, og nominasjonsforslaget vart oversendt Kulturdepartementet i 2019. Kulturdepartementet har vedtatt at Noreg vil fremje nominasjonen for UNESCO i 2020. Etter planen skal UNESCO handsama forslaget i november/desember 2021.
Til no har Noreg to levande tradisjonar skreve inn på UNESCO sine lister og forteikningar. Oselvarverkstaden og arbeidet for å vidareføre båtbyggartradisjonen i verkstaden blei i 2016 skrive inn på UNESCO si forteikning over gode vernepraksisar, og i 2019 vart Setesdalstradisjonen skrive inn på UNESCOs liste over immateriell kulturarv.
I 2020 er Noreg med Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider med i ein fleirnasjonal nominasjon som lyfter fram katedralanes bygghyttemodell i fleire europeiske land på UNESCOs liste over gode vernepraksisar. Arbeidet med denne nominasjonen er koordinert frå Frankrike. Nominasjonen blir handsama av UNESCO i november/desember 2020.
Fagkomiteen
Fagkomiteen som vurderte denne nominasjonsfila i 2019 var:
- Marit Myrvold, Várdobáiki samisk senter, oppnemnt av Sametinget
- Knut Aastad Bråten, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, oppnemnt av Kulturrådet
- Heidi Dahlsveen, OsloMet, oppnemnt av Kulturrådet
- Gazi Øzcan, Oslo Museum, oppnemnt av Kulturrådet
- Egil Bakka, tidlegare leiar for Norsk senter for folkemusikk og folkedans og ansatt ved NTNU, oppnemnt av Kulturrådet