Hopp til innhold

Søk støtte

Tilskuddsordning - Kulturrådet

Innkjøpsordning - ny norsk sakprosa for vaksne

Se vedtakslister

Viktig melding:

 Søknaden skal sendast inn før boka vert utgjeven og seinast ein månad før møtet i vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for vaksne for å kome med i den aktuelle søknadsrunden, men utgjevar treng ikkje å vente på vedtak om innkjøp eller avslag før utgjeving.

 

Vurderingsutvalet har lagt møta til følgjande datoar i 2025:

 

          Fredag 16. januar

          Tirsdag 11. mars

          Mandag 28. april

          Mandag 16. juni

          Fredag 22. august

          Mandag 22. september

          Mandag 27. oktober

          Onsdag 10. desember  

Søknadsfrist

Løpende søknadsfrist

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa er at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet. Ordninga skal bidra til ein open og opplyst offentleg samtale.

Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker (623 trykte bøker og 150 e-bøker. Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.

Åpne alle

Forvaltning av ordninga

Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Norsk kulturfond. Kulturdirektoratet er sekretariat.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld ny norsk sakprosa for vaksne, skriven i ei essayistisk, forteljande, resonnerande, opplysande eller argumenterande form, av ein eller fleire forfattarar og for eit breitt publikum. Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Kven kan søkje?

Norske utgjevarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk og nasjonale minioritetsspråk til norsk, men det første originalverket kan ikkje vere meir enn fem år gammalt på søknadstidspunktet.

Søknadsskjema

Ein søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklar fil som er språkvaska og korrekturlesen. Søknad skal sendast inn før bokas utgjevingsdato.

Som hovudregel skal alle titlar kjøpast inn som både trykt bok og e-bok. Dersom det er spesielle forhold ved verket som gjer at e-bok er eit ugunstig format, skal dette grunngjevast i søknadsskjemaet. Grunngjevinga blir vurdert dersom boka blir kjøpt inn

I søknadsskjemaet må utgjevar skrive inn namn på forfattar og redaktør. Dersom dette er same person, må eit vedlegg som dokumenterer at utgjevinga har gjennomgått ein uavhengig redaksjonell kvalitetskontroll, følgje søknaden. Dokumentasjonen skal bestå av ei kort fråsegn frå konsulenten som har gjennomgått manuskriptet.

Dersom søkjar meiner at ei utgjeving kan kategoriserast som ekstra kostnadskrevjande, skal dette grunngjevast i søknadsskjemaet. Ekstra kostnadskrevjande utgjevingar har utgifter til trykking som er høgare enn vanleg på grunn av utstrakt bruk av illustrasjonar (ikkje biletlegg). Det kan også vere andre grunnar til å ha fleirfarga trykk, men det er kun utgifter til trykking som kvalifiserer. Grunngjevinga blir vurdert dersom boka blir kjøpt inn.  

Ordninga har ikkje faste fristar. Vurderingsutvalet har åtte møte i året. Søknaden må sendast inn seinast ein månad før møtet for å kome med i den aktuelle søknadsrunden.

Les utlysingsteksten og retningslinene for innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for vaksne nøye før du byrjar å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane i skjemaet.

Sjå brukarstøtte 

Gå til søknadsskjema

 

Korleis sende inn vedlegg?

Ein søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklar fil. Trykkeklar fil skal lastas opp som eit vedlegg saman med søknaden i søknadsportalen.

Vurdering av søknaden

Vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for vaksne vurderer bokmanusa. Alle manus blir lesne av minst to medlemer, mens dei andre gjer ei oversynslesing. Det er vurderingsutvalet som gjer vedtak om innkjøp eller avslag.

Utvalet skal etter beste skjønn vurdere om ein tittel har dei naudsynte litterære, språklege, innhaldsmessige og formidlingsmessige kvalitetane som gjeld for å få ei bok kjøpt inn. Utvalet kan på eige initiativ ta opp igjen bøker til ny behandling. Dei kan også vurdere at ein tittel fell utanfor ordninga ved å vise til retningslinene. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettrammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.

Det finst tre standardgrunngjevingar for avslag på søknad om innkjøp:

  1. Utgjevinga er ikkje prioritert innkjøpt innanfor ordningas økonomiske ramme, med ei tilstrekkeleg utvida ramme ville ho blitt innkjøpt.
  2. Utgjevinga er ikkje innkjøpt da ho ikkje oppfyller ordningas krav til kvalitet og/eller relevans (sjå vurderingskriteriene i retningslinene).
  3. Utgjevinga fell ikkje inn under ordninga etter retningslinenes punkt 3.

Vurderingsutvalet har fem medlemer og to varamedlemer, alle er oppnemnde av Kulturrådet. Utvalet kan og knytte til seg ekstern konsulenthjelp i særskilde høve, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.

Sjå medlemer i vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne

Rutinar etter innkjøp

Når ein søknad er behandla av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal boka så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, leverast til Kulturrådets distributør.  Eit standard innkjøp vil seie at Kulturdirektoratet kjøper inn 623 trykte bøker og 150 e-boklisensar. 

Levering av trykte bøker

623 trykte eksemplar av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sender bøkene ut til norske folkebibliotek.

Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Kulturrådets sekretariat skal ha tilsendt eitt rapporteringseksemplar av dei innkjøpte bøkene.

Leveringsadressa er:


Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Dei sju medlemene i vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne skal ha tilsendt kvart sitt rapporteringseksemplar av boka.

Namn og adresser:

Vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne

Levering av e-bøker

Sjå Biblioteksentralens nettsider for ei rettleiing om levering av e-bøker.

E-boka blir gjort tilgjengeleg for folkebiblioteka med totalt 150 lisensar. Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådets sekretariat for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

I samsvar med økonomireglementet i staten utbetala ikkje Kulturrådet fakturaer til verksemder som har forfalne tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå kundesidene til DFØ.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • Referansenummer
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
  • Namn på forlag, forfattar og tittel
  • Målform (bokmål eller nynorsk)
  • Type bok (glattsats eller illustrert)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • ISBN-nummer for e-bok
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, e-bok og forfattarroyalty

For titlar som er innkjøpte i 2024, skal desse betalingstabellane brukast

 

Betalingstabellar 2025 sakprosa vaksne

Standard bok - 623 TRYKTE BØKER OG 150 E-BØKER

Format og målfrom Forfattar Forlag         Faktura til sekretariatet

Både trykt bok og e-bok på bokmål, glattsats

108 000 170 000* 278 000

Både trykt bok og e-bok på bokmål, ekstra kostnadskrevende

108 000 224 500* 332 500

Både trykt bok og e-bok på nynorsk, glattsats

114 000 182 500* 296 500

Både trykt bok og e-bok på nynorsk, ekstra kostnadskrevjande

114 000 237 000* 351 000

* 28 500 kr av dette utgjer e-bokandel

Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattarens andel av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsandelen blir redusert tilsvarande.