Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Sikringsmidlar til musea

Se vedtakslister

Føremål

Føremålet med dei statlege sikringsmidla er å sikre natur-, kunst- og kulturarven i musea ved å finansiere tiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk og naturskade. Naturskade reknast i denne samanhengen som skade som direkte skuldast ei naturulukke. Storm, stormflod, flaum, skred og jordskjelv er eksemplar på naturskade.

Åpne alle

Kva kan det søkjast tilskot til?

Sikringsmidla skal gå til tiltak i eksisterande museum, og då til tiltak som det ikkje var rimeleg å ta med i entreprisen då bygg eller anlegg vart reist.

 

Sikringsmidla kan også finansiere utarbeiding av ROS-analyse og sikringsplanar. Det er ein føresetnad at prosjektet følgjer Kulturdirektoratets rettleiing til sikringsplan og forsøker å implementere Veiledning for ROS-analyse i norske museer eller andre relevante standardar for risikovurderingar (Norsk standard - NS5814:2008, NS3901:2012).

 

Når sikringsmidla skal fordelast vil tiltak av ein storleik som elles er vanskeleg å prioritere innanfor det ordinære driftsbudsjettet til musea bli prioritert. Kulturdirektoratet kan gje tilskot for inntil 60 % av den samla prosjektkostnaden.

 

Kva det ikkje kan søkjast tilskot til?

 

Det blir ikkje gitt tilskot til sikringstiltak i samband med:  

  • nybygg  
  • museumsbygg yngre enn 5 år
  • gjenreising, restaurering eller ombygging av kulturhistoriske bygningar og anlegg
  • nye utstillingar
  • prosjekt som er sett i gang eller gjennomført

 

Sikringstiltaka må i desse tilfella finansierast som ein del av totalkostnadane/totalentreprisen.

 

Det vil normalt heller ikkje bli gitt tilskot til sikringstiltak i samband med:

  • ordinært vedlikehald t.d. oppgradering av el-anlegg, rydding av vegetasjon eller reparasjon av tak
  • personsikring
  • klimaregulerande tiltak
  • etablering/utarbeiding av arkiv, katalogar og/eller fotodokumentasjon
  • uføresedde kostnadar, tilrettelegging eller tiltakshavar sine administrative kostnadar knytta til omsøkte tiltak
  • revidering av sikringsplanar

Kven kan søkje?

  • Musea under Kulturdepartementet som får årleg løyving over Kapittel 328, Post 70 "Det nasjonale museumsnettverket" og Kapittel 328, Post 78.
  • Samiske museum under Sametingets forvaltning.

Krav til søknaden

Søknaden skal leverast via Altinn innan søknadsfristen. Søknaden må tilfredsstille dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningsliner som er fastsett av Kulturdirektoratet. Søknader som ikkje er kome inn innan søknadsfristen, eller som fell utanfor ordninga, vil bli avviste.

Merk at det som førast inn i søknadsskjema berre kan unndragast offentlegheita etter Offentleglova § 24 tredje ledd fyste punktum.

Det er ein føresetnad for støtte at rapport med rekneskap for tidlegare tildelte sikringsmidlar er sendt inn.

Eit utgangspunkt for tildeling er at institusjonen har vedteken ein sikringsplan som femner om heile institusjonen. Ved søknad om sikringsmidlar krev Kulturdirektoratet at sikringsplanen er revidert innanfor dei siste 24 månadene. I søknaden skal det gjerast klart korleis tiltaka er prioriterte i sikringsplanen. Alternativt så kan tiltaksdelen frå sikringsplanen leggjast ved søknaden.

 

Vedlegg

Dersom museet søkjer midlar til å utarbeide ny sikringsplan skal den gamle sikringsplanen leggjast ved søknaden. Kulturdirektoratet har rett til å be om å få ettersendt museet si sikringsplan i samband med behandling av saka og vil kunne avvise søknader dersom denne ikkje blir ettersendt innan ein gitt frist.

I søknader om objektmonter der sikring og klima er integrert, må skilnaden i kostnader mellom sikring og klima gjerast tydeleg og spesifisert tilbod skal leggjast ved søknaden.

Styrking av søknadene:

Der museet søker om midlar til sløkkjesystem eller monter vil det styrke søknaden dersom ei utgreiing for val av sløkkjesystem eller monter følger med. Det vil også styrke søknaden dersom det ligg ved tilbod for prosjekt der totalkostnaden er høgare enn kr. 400 000.

Andre relevante vedlegg kan være:

  • Tilbodsgrunnlag; det vil styrke søknaden om det ligg ved tilbod for prosjekt der totalkostnaden er høgare enn kr. 400 000
  • Foto av sikringsobjektet, planteikningar mm
  • Tilråding frå Riksantikvar, fylkesantikvar mm
  • Utgreiing for val av sløkkjesystem
  • Utgreiing for val av monter
  • Tiltaksdel i sikringsplanen

I dei tilfelle der det blir søkt om fleire tiltak må det kome klart fram kva tiltak dei enkelte vedlegga er knytt til.

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten grundig før de startar å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet i Altinn.

Treng du hjelp med pålogging, tilgang til søknaden, opplasting av vedlegg eller liknande?

Sjå brukarstøtte 

Tilrådde nettlesarar

MAC: Safari 

Windows: Chrome

 

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Slik blir søknaden behandla

Det er oppnemnt eit særskilt sikringsutval for denne ordninga. Utvalet gjer råd til Kulturdirektoratet sin administrasjon, som ved direktøren har vedtaksrett i desse sakene.

Kulturdirektoratet kan stille krav om at tilskot berre kan disponerast til definerte delar av dei prosjekta det vert søkt om.

Slik blir søknaden behandla:

  1. Søknad blir etter søknadsfristen handsama av saksbehandlar, som legg til rette for sikringsutvalet si vurdering
  2. Sikringsutvalet gir si tilråding
  3. Kulturdirektoratet sin administrasjon utarbeider ei innstilling, som blir lagt fram for direktøren i Kulturdirektoratet for vedtak
  4. Alle søkjarar får vedtaksbrev gjennom Altinn, normalt innan utgangen av september. Viss søknaden bli innvilga vil museet måtte akseptere vilkåra for tildeling innan fastsett frist. Etter dette blir tilskotet utbetalt i løpet av hausten
  5. Vedtakslister blir lagt ut på Kulturdirektoratet sine nettsider

Vilkår og utbetaling

Tilskotet vil bli utbetalt når tilskotsmottakar har akseptert vilkåra via Altinn. Tilskotet utbetalast til det kontonummeret som blir oppgitt ved aksept i Altinn. Ved å akseptere vilkåra forpliktar tilskotsmottakar seg til å gjennomføra tiltaket i samsvar med søknaden og etter dei vilkåra Kulturdirektoratet set, samt dei fristar som går fram.

Bortfall av tilskot - akseptfrist

Tildelinga fell bort viss den ikkje vert akseptert innan fristen i vedtaksbrevet. Eventuell utsetjing av akseptfrist føreset godkjenning frå Kulturdirektoratet. Skriftleg søknad sendast seinast fem vyrkedagar før den originale akseptfristen går ut til post@kulturdirektoratet.no. Det må opplysast om saksnummer i denne søknaden.

Endringar i prosjektet

Vesentlege endringar i prosjekt, budsjett eller tidsplan som oppstår i samband med gjennomføringa av tiltaket må søkjast om skriftleg og merkast med saks- eller prosjektnummer. Søknad sendes også her til post@kulturdirektoratet.no. Kulturdirektoratet skal godkjenne eller avvise endringane.

Rapportering og rekneskap

Sluttrapport

Seinast tre månader etter at prosjektet er avslutta, skal det sendast sluttrapport i Altinn. Viss ikkje anna er godkjent av Kulturdirektoratet, gjeld sluttdatoen som er oppgitt i søknaden.

Den faglege delen av sluttrapporten skal innehalde:

  • Prosjekttittel
  • Ei kort oppsummering av prosjektet
  • Omtale av bakgrunn og problemstillingar
  • Omtale av gjennomføring og metode
  • Oppsummering av resultat frå prosjektet

I tillegg til den faglege delen skal sluttrapporten innehalde ein prosjektrekneskap som skal setjast opp slik at det kan samanhaldast med budsjettet og finansieringsplanen i søknaden. Tilskot frå Kulturdirektoratet og andre offentlege tilskotsytarar, mellom desse kommunale og fylkeskommunale tilskotsytarar, skal spesifiserast. Avvik på meir enn 10% mellom prosjektrekneskap og budsjett i søknaden skal kommenterast.

Ved tilskot over kr 400 000 skal prosjektrekneskapen kontrollerast av statsautorisert eller registrert revisor, eventuelt av kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. Revisor må gjerast kjend med vilkåra for tilskotet. I tillegg til ordinær revisorgjennomgang skal det særskilt stadfestast at rekneskapsført tilskot samsvarar med tilskotsbrevet, og at andre offentlege tilskot er spesifisert i rekneskapen. Revisoruttale skal sendast inn saman med sluttrapporten. Ved samla tilskot på eller under kr 400 000 skal rekneskapen kontrollerast av rekneskapsavdelinga i verksemda, og signert bekrefting på at tilskotet er brukt i samsvar med vilkåra for tilskotet skal følgje med sluttrapporten.

 

Last ned rapportmal på bokmål (.doc) 

 

Last ned rapportmal på nynorsk (.doc)

 

Statusrapportar

For prosjekt som varer utover 1. august kalenderåret etter at tildelinga fann stad, skal det sendast inn statusrapport i Altinn. Dette skal gjerast innan 1. mai, og det skal gjerast kvart år så lenge prosjektet ikkje er avslutta. Ein skal gje status for framdrift og aktivitet i prosjektet samanhaldt med innsendt prosjektplan og arbeidsbudsjett. Det må gjerast greie for endringar i prosjektet.

Tilskotsmottakar vil få ei melding i sin innboks i Altinn før siste frist for rapportering. Fristen tar utgangspunkt i prosjektperioden som er oppgitt i søknaden, med mindre det er tildelt middel for ein anna periode enn det er søkt om. Tilskotsmottakar er sjølv ansvarleg for å søkje om ei eventuell endring av rapporteringsfrist.

 

Last ned rapportmal for statusrapport på bokmål (.doc)

 

Last ned rapportmal for statusrapport på nynorsk (.doc)

 

Tilbakebetaling av tilskot

Tilskotsmiddel som ikkje nyttast etter føresetnadene skal betalast tilbake til Kulturdirektoratet. Kulturdirektoratet kan krevje at utbetalt tilskot betalast tilbake viss tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brot på Kulturdirektoratet sine vilkår for tilskotet, blant desse manglande rapportering.