Auke til scenekunst og litteratur
Foto: Mattias P. Dahlqvist/Periskop
Fleire av Kulturrådets tilskotsordningar får ein auke gjennom årets fordeling av spelemidlar. Totalt vel regjeringa å fordele 29,5 millionar kroner gjennom Kulturrådets tilskotsordningar.
Det er ein auke på 20 prosent samanlikna med 2024. Spelemidlar er overskottet frå Norsk Tipping AS som blir fordelt til kultur, idrett og frivilligheit. I år går 1,2 milliardar kroner til kulturføremål.
– Dette er eit viktig bidrag til tilskotsordningar under press. Denne auken gir direkte resultat i form av fleire bøker for barn og unge tilgjengeleg i folke- og skulebibliotek, fleire teater- og danseframsyningar på fleire stader, og ein rikare tidsskriftflora, seier rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen.
– I årets fordeling styrker vi blant anna Kulturrom, tiltak til leselyst og Den kulturelle skulesekken. Det vi ønsker, er eit mangfald av kulturaktivitetar for små og store over heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (i ei pressemelding).
Spelemidla som blir fordelt gjennom Kulturrådet har tre hovudføremål: Dei skal vere insentiv for å det blir skrive ny, norsk dramatikk, dei skal bidra til å nå måla i regjeringas leselyststrategi, og dei skal bidra til formidling av scenekunst.
Pengane blir fordelt på følgande ordningar:
Litteratur | |
---|---|
Skulebibliotek | 4,96 mill. kroner |
Litteraturprosjekt | 2,38 mill. kroner |
Litteraturformidling | 5,23 mill. kroner |
Innkjøpsordning omsett | 1,11 mill. kroner |
Innkjøpsordning sakprosa | 1,11 mill. kroner |
Innkjøpsordning skjønnlitteratur | 1,11 mill. kroner |
Scenekunst | |
---|---|
Tidsskrift og kritikk | 1,27 mill. kroner |
Arrangørordning scenekunst | 3,16 mill. kroner |
ARENA bygg og infrastruktur | 1,10 mill. kroner |
Fri scenekunst – teater og dans | 2,07 mill. kroner |
Insentivordning dramatikk | 4,28 mill. kroner |