Kunstbøker til folket
Kulturrådet inviterer til seminar om kunst- og kunstnarbøker for å diskutere korleis slike bøker kan nå ut til folket.
30. mai 2024 kl. 11:30 - 16:30 |
|
Oplandia senter for samtidskunst, Lillehammer |
|
Kulturrådet |
Dei siste ti åra har det vore ei sterk auke i produksjonen av kunst- og kunstnarbøker. Dette er bøker om kunst og kunstnarar, eller bøker som set kunsten inn i ein større teoretisk eller samfunnsmessig samanheng. Det kan òg vere bøker som er meint som eigne kunstverk, og som blir stilt ut som kunst. Eksperimenteringa med materiale og form er ofte markant.
Kulturrådet si tilskotsordning for kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling har gjennom mange år støtta både bøker som kunst og bøker om kunst, blant anna kunstnarbøker, fotobøker, større katalogar, fanziner, monografiar, magasinseriar og ulike hybridbøker. Samtidig har kunstbokbransjen lenge vore prega av stram økonomi og manglande strukturar for distribusjon, formidling og innkjøp. Bøkene vert gitt ut på småbokforlag, ofte i få eksemplar, og dei vert som regel presentert og seld på kunstbokmesser, i nisjebokhandlar, på utstillingsstader, eller i samband med kunstnarsamtalar.
Kunst- og kunstnarbøker fortener eit større publikum. I 2022 initierte difor Kulturrådet ein pilot for distribusjon og formidling av slike publikasjonar. Åtte prosjekt fekk tilskot. Nokre av dei er praktiske, medan andre har ei undersøkjande og metodisk vinkling. Alle har bidratt til å samle erfaringar som det er viktig å dele vidare.
I forkant av opninga av kunstbokmessa B*stard under litteraturfestivalen på Lillehammer, inviterer Kulturrådet til seminar for å samle og dele erfaringar frå piloten for distribusjon og formidling av kunst- og kunstnarbøker. Alle dei åtte pilotprosjekt vert presentert, og det vert innlegg og panelsamtale med aktørar i feltet.
Seminaret er gratis. Påmelding er naudsynt om du vil delta fysisk, men ikkje om du vil følgje seminaret digitalt.
Oppdatering 16. mai 2024: Seminaret er no fullteikna for fysisk deltaking, men du kan melde deg på for å stå på venteliste.
Foreløpig program
11:30: Dørene opnar, lunsj
12:15: Jonas Ekeberg: Velkommen
12:20: Merete Jonvik: Innleiing
12:30: Inger Eri: Historia til ordninga kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
12:45: Prosjektpresentasjon
- Jessica Williams (Hverdag Books): Produksjon og utstillingar av kunstnarbøker med Jessica Williams og fleire ved House of Foundation
- Vilde Andrea Brun og Siri Leira (Oplandia senter for samtidskunst): Utvikling av kunstbokhandelen B*stard
- Maja Hattvang Larsen (St. Hans kommunikasjon og Bjarne Bare): Verktøykasse for distribusjon og formidling av kunst- og kunstnarbøker
- Ann Kristin Stølan (Pamflett): Kunstbokhandel på Entrée I Bergen
13:45: Pause
14:00: Prosjektpresentasjon
- Randi Annie Strand og Imi Maufe (Codex Polaris): Seminar i samband med utstillinga «Kunstnerboken: unik og mangfoldig» ved Kristiansand kunsthall
- Sesella Fossan Knutsvik (Sølvberget bibliotek og kulturhus): Innkjøp og formidling av kunstnarbøker på biblioteket
- Karin Nygård og Lotte Grønneberg (Torpedo): Digital antologi om distribusjon og formidling av kunstnerisk publisering
- Christian Tunge (Heavy Books): Vandrande bokmøbel
15:00: Pause med kaffi og kanelsnurrar
15:20: Panelsamtale: Korleis skal me få kunstbøkene ut til folket?
Deltakarar: Jan Freuchen, Mona Gjessing, Karen Christine Tandberg, Elin Maria Olaussen, Vilde Andrea Brun og Jonas Ekeberg (ordstyrar).
16:15: Jorunn Veiteberg: Oppsummering
16:30: Inger Eri og Jonas Ekeberg: Takk for i dag og vel heim
Medvirkende
Vilde Andrea Brun er utdanna master i kunst ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har arbeidd med kunstnardrevne initiativ, som kunstnargruppa Ytter, Eksperiment SUS og Isotop atelier og visingsrom, og har erfaring som skribent, kurator og formidlar. Frå 2011-2016 var ho rådgjevar for visuell kunst i Bergen kommune. Frå 2016 har ho vore dagleg leiar ved Oplandia senter for samtidskunst i Lillehammer, der ho har sett i gang kunstbokmessa- og kunstbokhandelen B*stard.
Codex Polaris vart etablert i 2013 og er dreve av billedkunstnarane Rita Marhaug (master frå Kunsthøgskolen i Bergen, 1989), Imi Maufe, (master frå University of West of England, Bristol, 2004), og Randi Annie Strand (master frå Kunsthøgskolen i Bergen, 1992). Codex Polaris legg til rette for dei som jobbar med handlagde kunstnarbøker og initierer fleire samarbeid- og nettverksprosjekt i Norge og Norden. Utstillinga «Kunstnerboken: unik og mangfoldig» blei presentert ved Kristiansand Kunsthall og Kristiansand folkebibliotek i september og oktober 2023. Eit større seminar vart arrangert dagen før opninga, og bokkunstgruppa kuraterte både utstillinga og seminaret.
Jonas Ekeberg (f. 1967) er kunstnar, kritikar og kurator. Han arbeider som fagansvarlig for visuell kunst i Kulturdirektoratet og som kurator for KORO ved Ørland flystasjon. Ekeberg har vore kritikar for NRK, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Aftenposten. I 2000 var han hovedkurator for Momentum – Nordisk biennale for samtidskunst, samme år starta han Oslo Kunsthall. Frå 2002–2004 var Ekeberg kurator og informasjonssjef ved Office for Contemporary Art Norway, frå 2004 til 2009 var han direktør for Preus museum – det nasjonale museet for fotografi. Ekeberg har vore redaktør for tidsskrifta Hyperfoto (1994-1997), Siksi (1995), Billedkunst (1999-2000) og Kunstkritikk (2009-2019). Ekebergs bok Postnordisk – Den nordiske kunstscenens vekst og fall 1976–2016 vart utgitt på Torpedo Press i 2019.
Inger Eri er seniorrådgjevar for visuell kunst i Kulturdirektoratet og arbeider særleg med tilskotsordninga Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling. Ho er utdanna kunsthandverkar (keramikk) frå Kunsthåndværkerskolen i Kolding, Danmark (1984) og har hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Oslo (1998). I tillegg til arbeidserfaring frå Museet for samtidskunst, Kunst på arbeidsplassen, Kistefosmuseet, Munchmuseet, Utanriksdepartementet og KORO har ho kuratert utstillingar og publisert artiklar, kunstkritikkar og bøker.
Jan Freuchen (f. 1979) er billedkunstnar, basert i Kristiansand, og arbeider med utstillingar, kuratoriske prosjekt og publikasjonar. Han har studert ved Kunsthøgskolen i Bergen og ved Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt. Freuchens seinaste utstillingsprosjekt er Fugleperspektivet, Høyersten Contemporary (2024), Fødselsnotater (med Linn Pedersen), Trykkeriet (2023) og Elektrifisert sokkel, Kristiansand Kunsthall (2022). I 2006 grunnla Freuchen forlaget Lord Jim Publishing, som han no driv med Sigurd Tenningen. Freuchens verk er innkjøpt av Kunstsilo, Astrup Fearnley Museet og Nasjonalmuseet.
Mona Gjessing (f. 1964) har vore kunstkritikar sidan 2004 og har arbeidd som fast frilansar for Klassekampen, Billedkunst, Numer og PROSA. Gjessing har vore leiar for arbeidsutvalet, seksjon kunst, i Norsk kritikerlag i perioden 2014-2017 og har deltatt i ei rekkje offentlege samtalar og debattar om samtidskunst. Ho er utdanna ved Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Mona Gjessing har hatt stillinga som ansvarleg redaktør for den digitale publikasjonen Kunstavisen sidan oppstarten januar 2020.
Lotte Grønneberg er førsteamanuensis i grafisk design ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har designa, skapt og gitt ut mange kunstnarbøker og kunstpublikasjonar. I tillegg har ho arbeidd med distribusjon og formidling av kunstnerisk publisering både i Norge og Norden, både saman med Torpedo og med designfirmaet Eller med a.
Maja Hattvang er frilansskribent for D2 og kritikar i «Vinduet», og har skreve boka «Naturlig nok». Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals og har en bachelorgrad i estetikk frå Universitetet i Oslo. Tidligare har ho arbeidd med formidling av bøker i Cappelen Damm, og som kommunikasjonsrådgjevar for kunstfeltet i St. Hans Kommunikasjon.
Merete Hermansen Jonvik (f. 1978) bur i Stavanger, har doktorgrad i sosiologi og er førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Forskingsområda hennar er hovedsakleleg innan kunst- og kultursosiologi. Ho har bidratt til ei rekkje undersøkjingar av organisasjonar og infrastruktur i det visuelle kunstfeltet, m.a. med forsking på kunstsentra si rolle i den norske kunstøkologien, om triennalen Bergen Assembly og Kunstnerforbundets atelierprogram. Jonvik er utvalsleiar for Arrangørutvalget for visuell kunst i Kulturrådet.
Sesella Fossan Knutsvik arbeider ved Sølvberget bibliotek og kulturhus som koordinator for Team kunst og bibliotek. Her koordinerer ho eit team som jobbar med formidling av kunstbøker i biblioteket samt utstillingar i Sølvberget galleri. Knutsvik har bakgrunn frå kunsthistorie og kunstformidling, og arbeidar saman med kollegaene Anne Helen Robberstad (kunstnar) og Anne Klovning (kunstnar og bibliotekar), med innkjøp og formidling av kunstnarbøker i folkebiblioteket.
Siri Leira (f. 1985) arbeider for tida som produsent og rådgjevar for kunst i offentlege rom ved Oplandia senter for samtidskunst. Leira har ein mastergrad i bildekunst frå Kunsthøgskolen i Oslo, avd. Kunstakademiet, og har erfaring frå produksjon, kuratering, formidling og rådgjeving innan det visuelle feltet. Ho arbeider og med fotografi, skulptur og stadsspesifikke verk. I tillegg har ho etablert og drifta dei to kunstnarstyrte visingsromma Percival Space og Semikolon. Familieverksemda Verksted Innlandet driv for tida visingstaden Saksumdal Tempel.
Karin Nygård er litteraturvitar og ph.d.-kandidat i bibliotek- og informasjonsvitenskap ved OsloMet. Ho er og skribent og oversetjar av engelskspråkleg poesi. Ho arbeider med litteratur- og kunstformidling i ulike samanhengar, m.a. i samarbeid med Torpedo.
Torpedo er ein arena for kunstnerisk publisering lokalisert på Bislett i Oslo, med bokhandel, arkiv og forlag. Sidan oppstarten i 2005 har arenaen vore ein møteplass for tverrfagleg- og tverrkunstnerisk samarbeid og arrangement som utstillingar, lanseringar og samtalar. Torpedo er dreve av Elin Maria Olaussen, Karen Christine Tandberg og Kim Svensson.
Ann Kristin Stølan (f. 1985) er utdanna grafisk designar ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Sidan 2013 har ho vore drivkrafta bak Bergen Art Book Fair, og i 2016 etblerte ho sjølvpubliserings-verkstaden Pamflett. Stølan er engasjert i kunstnarbøker og fanziner, og starta i 2011 å arrangere fanzinekveldar saman med illustratøren Fredrik Rysjedal. Gjennom arbeidet med Pamflett har ho halde kurs, foredrag og arrangert utstillingar og presentasjonar i Tokyo, Osaka, New York, Aarhus, Roskilde, Berlin, Shanghai og Helsinki. I tillegg har ho halde fanzinekurs i regi av Den kulturelle skolesekken, for alle årskull i skulen. Stølan er også medgrunnleggjar og aktiv deltakar i Norsk Risoforening og i Kiosken Studio.
Christian Tunge (f. 1989) er billedkunstnar og kurator som arbeider med fotografi, grafikk og kunstnarbøker. Han er utdanna ved Oslo Fotokunstskole og Akademin Valand (Göteborg). Tunge har hatt separatutstillingar på m.a. QB Gallery (Oslo), Galleri Golsa (Oslo) og Noplace (Oslo). I tillegg har han gitt ut seks kunstnarbøker. Tunge grunnla i 2014 kunstbokforlaget Heavy Books og driv MELK galleri sammen med Behzad Farazollahi. Heavy Books er eit kunstnardreve forlag og ein utstillingsplattform med base i Oslo. Sidan 2014 har Heavy Books utgitt 30 kunstnarbøker og fleire edisjonar, kuratert gruppeutstillingar i inn- og utland og deltatt på bokmesser rundt om i heile verda.
Jorunn Veiteberg er dr.philos. i kunsthistorie og arbeider som frilansskribent og kurator. Ho har skrive og bidratt til mange bøker om bildekunst og kunsthandverk og mottatt fleire prisar for forfattarskapet sitt. Frå 2016 til 2023 var ho medlem av Kulturrådet og leiar av FoU-utvalet.
Jessica Williams er kunstnar, kurator med ein sosial praksis som er forankra i det å høyre til, klimakrisen samt med vekt på ulike fellesskap. I tillegg driv ho forlaget Hverdag Books og arbeider her med alt frå eksperimentelle kunstnarbøker og risografi til virtuell verkelegheit samt relasjonelle uttrykk, ofte med vekt på det haptiske og intime. I tillegg til eigen praksis, er ho og kurator på Nitja senter for samtidskunst i Lillestrøm. Williams er og nominert til Sandefjord Kunstforenings kunstpris i 2025.