Å skriva roman med ungdomskuleelevar – eit norskdidaktisk kinderegg
Er det mogleg å laga eit undervisingopplegg som både gjev leselyst, utviklar elevane sine evner til kritisk lesing og samtidig gjev eit positivt møte med nynorsk språk og litteratur?
Det er tre store og viktige element i norskfaget på ein gong. Det kan vel ikkje vera mogleg? Ved St. Svithun ungdomsskule i Stavanger gjennomførte 10. trinn i skuleåret 2005/06 eit samskrivingsprosjekt med forfattaren "Neratta Frof", som resulterte i dette norskdidaktiske "kinderegget", og med ungdomsromanen "Marki Marko" som resultat.
Frå idé til suksess
Ideen til denne metoden dukka opp då læraren spurde forfattaren om han ikkje kunne skriva ein nynorsk ungdomsroman til bruk i undervisninga. Forfattaren var skeptisk. Ungdomsromanar hadde han aldri tenkt på å skriva. Kva var no eigentleg ein ungdomsroman og korleis skulle han vita kva ungdommane likte å lesa? Svaret på spørsmålet var innlysande: ved å la ungdommane sjølv gje tilbakemelding på teksten etter kvart som forfattaren skreiv. Samskrivingsprosjektet blei sett i gang hausten 2005 med støtte frå Den kulturelle skulesekken i Stavanger kommune.
Det var elevane på 10. trinn ved St. Svithun ungdomskule som fekk vera med på forsøket, og forfattaren var anonym og skreiv til dei under pseudonymet og anagrammet "Neratta Frof". Det var viktig å halda forfattaridentiteten skjult fordi elevane då ikkje ville styra tilbakemeldingane sine ut ifrå kven som skreiv til dei. Dette gjorde også prosjektet meir spennande fordi lesinga då også blei ei forfattarjakt der den sanne identiteten til forfattaren gradvis blei avdekkja gjennom prosessen, ved hjelp av spørsmål som: Kor kjem eg frå? Kor gamal er eg? Er eg mann eller kvinne? Elevane fekk utdelt teksten i bolkar på 3-4 kapittel som dei las som stillelesing på skulen. Etterpå diskuterte dei teksten og spørsmåla i grupper, og leverte så tilbakemelding til forfattaren direkte på e-post. Vegen og teksten blei til medan me gjekk. Prosjektet nådde sitt klimaks då forfattaren blei avduka, med pressa til stades, framføre alle elevane, midt i februar 2006. Elevane hadde då klart å sirkla inn forfattaren, men ingen visste kven "Neratta Frof" eigentleg var før læraren trakk av han plastposen han hadde over hovudet.
Respons og resultat
Det tok litt tid før elevane heilt skjønte kva dei var med på, og tilbakemeldingane var i starten ganske "skulske", og prega av at mange trudde det var læraren som skreiv til dei: "Vi veit det er du som skriv til oss Anne Marthe!". Det var fyrst etter andre og tredje sendinga at tilbakemeldingane blei ærlege og meir kritiske: "Du skriv alt for mykje om hus og arkitektur og sånn". Dette gjorde at forfattaren måtte endra ein del på historia og stilen. Det var tydeleg at maleriske skildringar av landskap og arkitektur blei oppfatta som kjedelege, medan sexskildringar, forelsking og grovt ungdommeleg språk blei godt motteke: "Det var bra skrive, men det høyrest ut som ein ungdom som har skrive." "Bra sex, gjerne meir av det. Du bør ikkje satsa på å bli forfattar, men kanskje skrive erotiske noveller for "Lek"? Kødda!" Dette var veldig nyttige tilbakemeldingar for forfattaren, og boka fann på dette punktet i prosessen forma si. Det faktum at forfattaren endra på teksten med bakgrunn i tilbakemeldingane frå elevane, gav også elevane ei kjensle av å bli høyrde, og dette auka interessa for prosjektet hos elevane: "Boka heng greitt saman, men nokre gonger er det altfor mykje som skjer på for kort tid og nokre gonger er det omvendt." "Det var bra at du fekk fram sorga til Marco i desse kapitla." "Det er bra at du høyrer på responsen vår." Forfattaren bestemte seg allereie før skrivinga starta for at dette skulle vera ein roman for ungdom og om ungdom. Handlinga er samtidig og hovudpersonane er like gamle som 10. klassingane. Dette gjer det enklare for målgruppa å identifisera seg med karakterane i boka.
Ein suksess som kan gjentakast?
Akkurat dette samskrivingsprosjektet kan ikkje gjerast om att, men det går an å bruka same metoden om igjen, og det vil truleg gje mange av dei same resultata. Det går an å bruka ein etablert forfattar, eller det går an at ein lærar sjølv skriv til elevane. Det går an å skriva saman med ein annan skule, og det går kanskje til og med an at ein skrivefør elev skriv til medelevane sine. Det er ein ganske stor jobb å skriva ein heil roman, men det går naturlegvis an å skriva korttekstar og noveller i staden. Resultata frå skrivinga til Neratta Frof og responsen frå elevane er uansett så gode at det er verd å gjenta forsøket.
Ein skulle kanskje tru at ein slik skriveprosess, der ein i så stor grad tok omsyn til elevane sine preferansar, ville gå ut over dei litterære kvalitetane til sluttproduktet, men det er lite som tyder på det, snarare tvert imot. Ungdomsromanen Marki Marko toler å bli lesen om att av andre ungdomskuleelevar, og boka er også interessant lesnad for vaksne som lurer på kva ungdom eigentleg liker å lesa. Så konklusjonen vår er at det er mogleg å laga eit undervisningsopplegg som både gjev leselyst, utviklar elevane sine evner til kritisk lesing og samtidig gjev eit positivt møte med nynorsk språk og litteratur. Dette norskdidaktiske "kinderegget" er verd å opne.
Kilde: Bok i bruk på åttende til tiende trinn. Redaktør og prosjektleder: Anne Håland. Utgitt i 2007 av Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.