Fluge og vind
Performance på Kaviarfabrikken i Henningsvær.
Publisert 25.05.2014
Sist endret 24.05.2018
Av og med Kurt Johannessen
Performancen utføres utenfor kaviarfabrikken. Vëret er heftig, med snø og vind.
Kurt går berføtt i snøen. Han held den eine handa nede i ein glasbolle, med den svarte lofotnatta som bakgrunn. Små handrørsler i glasbollen. Han henvender seg til publikum og viser fram nokre små døde fluger, for så å plassere dei under nokre små spesiallaga glasbeholdere, som står oppå stabler med kvite papir.
Denne hendinga gjentek han fleire gonger, og fleire fluger blir plassert under glasbehaldarane. Til slutt finn han fram ein svart pose i lomma og stikker den eine handa ned i den. Han står på den høgaste stabelen med papir. Brått tar han handa ut av posen og strekker ho oppover. Handa er no delvis blå av fargepulver som og fell ned mot bakken. Han rører handa opp i lufta med små rørsler liknande dei rørslene han utførde i glasbollen tidlegare.