Ny bok om kvalitetsomgrepet i kunst og kultur
Radiostille område, av Kjersti Berg. © Kjersti Berg / BONO 2015.
10.februar lanserer Kulturrådet antologien Kvalitetsforståelser. Kvalitetsbegrepet i samtidens kunst og kultur. Boka er fyrste publikasjon i Kulturrådets store forskingssatsing Kunst, kultur og kvalitet.
Antologien inneheld bidrag frå ti forskarar og fagpersonar frå ulike fagområde og forskingsmiljø. Dei diskuterer mellom anna kva vi legg i omgrepet kvalitet og korleis det vert nytta i ulike fagkrinsar.
Boklanseringa vert arrangert på Kunsthøgskolen i Oslo onsdag 10. februar kl. 12-16. Tre av artikkelforfattarane vil presentere antologien. Professor i allmenn litteratur ved Universitetet i Oslo, Knut Stene-Johansen, kommenterer boka. I tillegg vert det paneldebatt om korleis kvalitetsomgrepet vert nytta innafor ulike fagområde. Panelet vil diskutere kva vurderingskriterium som inngår i så ulike samanhengar som aviskritikk, søknadsevaluering og skulevesen. Debatten vert leia av litteraturvitar, forfattar og skribent Kaja Schjerven Mollerin.
Rådet sett kvalitet på agendaen
Rådsmedlem og leiar for Kulturrådets forskingsutval, Jorunn Veiteberg, er svært nøgd med at Kulturrådet har sett kvalitet høgt på agendaen. Og ho ser fram til den fyrste boklanseringa i forskingssatsinga Kunst, kultur og kvalitet.
-Vi har merka oss ein aukande tendens til å framheva kvalitet som viktig premiss for kulturpolitikk så vel som for kunstinstitusjonane si verksemd. No er det truleg ingen som er imot kvalitet, men kva dette omgrepet meir presist inneber, kan vera vanskelegare å få tak i. Det håpar eg vi kan få nokre svar på i denne boka. Eg synest kulturlivet bør bli flinkare til å forklara kva kriterium dei legg til grunn i utøvinga av kvalitetsvurderingar. Kanskje boka kan inspirera til det også, seier Jorunn Veiteberg.
Kvalitet i ulike kontekstar
Nokre av artiklane i boka har eit overordna blikk på kvalitet som byråkratisk, politisk, filosofisk og kulturkritisk term. Stian Grøgård skriv til dømes om «kvalitet under reformbyråkratiet», Odd Are Berkaak om «Kvalitet som agens», medan Tore Vagn Lid undersøkjer «Kvalitetsbegrepets dramaturgi». Andre ser nærare på bruken av kvalitetsomgrepet i meir spesifikke kontekstar, som museumsforskar Brita Brenna som skriv om kvalitet og deltaking i museum og Bernhard Ellefsen som nærmar seg spørsmålet om kvalitet med utgangspunkt i litteraturkritikken.
Boka er redigert av professor i litteraturvitskap ved NTNU, Knut Ove Eliassen og prosjektleiar for «Kunst, kultur og kvalitet» i Kulturrådet, Øyvind Prytz.
Boka vert lansert 10. februar i eit seminar på Kunsthøgskolen i Oslo. Seminaret vil også verta overført direkte på Kulturrådets nettsider.
Program lanseringsseminar:
Tid: Onsdag 10. februar 2016, kl. 12.00 – 16.00
Sted: Auditoriet, Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24
12.00–13.00 Enkel lunsj
13.00–13.10 Velkommen ved Jorunn Veiteberg, leiar av Kulturrådets FoU-utval
13.10–14:00 Artikkelforfattarane Knut Ove Eliassen, Brita Brenna og Tore Vagn Lid presenterer antologien
14.00–14.20 Professor Knut Stene-Johansen kommenterer
14.30–15.00 Pause
15.00–16.00 Panelsamtale leia av litteraturvitar, forfattar og skribent Kaja Schjerven Mollerin. I panelet: medievitar, scenekunstkritikar og lærar Grethe Melby, komponist og forfattar Eivind Buene og leiar for Rogaland Kunstsenter Geir Haraldseth.
Seminaret vil også verta overført direkte på Kulturrådets nettsider. Her finn du lenkje til strøyming.
Fakta om Kunst, kultur og kvalitet
Antologien er ein del av Kulturrådet si forskingssatsing «Kunst, kultur og kvalitet» Satsinga har som mål å bidra til auka kunnskap om og refleksjon over kvalitet, ulike forståingar av kvalitet og dei ulike grunnlaga kvalitetsdommar vert felde på i samtida. Korkje forskingsprosjektet eller boka handlar slik sett om å finna definitive svar på kva kvalitet er, men snarare om å undersøkja kva slags forståingar av kvalitet som vert brukte i ulike situasjonar der kvalitet er i spel som vurderingskriterium.
Her kan du lese meir om Kunst, kultur og kvalitet.
Kontaktpersonar
Jorunn Veiteberg, rådsmedlem og leiar for Kulturrådets FoU-utval, [email protected], tlf 407 26 474
Hallfrid Velure, seniorrådgjevar i Kulturrådets FoU-avdeling, [email protected], tlf 21 04 58 11 / 911 51 528
Mari Johansen, kommunikasjonsrådgiver, [email protected], 21 04 58 37 / 400 16 191