Kulturrådet har vedteke ny strategi for 2025-2028
Gammaldansgruppa Madam Jam opptrer under Folkemusikkveka i Ål i 2025. Foto: Anders Lillebo
Fire satsingsområde skal gi retning til Kulturrådets arbeid dei neste fire åra.
– Kulturrådet vil jobba for at alle skal få likare høve til å skapa, formidla og oppleva kunst- og kultur uavhengig av kvar dei bur, og kva funksjonsevne, klasse- eller kulturbakgrunn dei har, seier Sigmund Løvåsen, rådsleiar i Kulturrådet.
Fire satsingsområde skal gi retning til Kulturrådets arbeid dei neste fire åra:
- Auka mangfald og fleire stemmer
- Auka likeverd for den samiske urbefolkninga og nasjonale minoritetar
- Eit ope og tilgjengeleg kunst- og kulturliv
- Eit kunst- og kulturfelt som møter klima- og naturkrisa
– For å nå våre eigne mål og oppfylla det oppdraget me er gitt, må Kulturrådet heile tida ha eit kritisk blikk på korleis me arbeider. Kven er det som ikkje deltek i den offentlege samtalen? Kven har ikkje god nok tilgang til kulturopplevingar? I dag er forskjellane altfor store, seier Løvåsen.
Kulturrådet er den viktigaste finansieringskjelda for det frie kunst- og kulturfeltet over heile landet. Det gjer Kulturrådet til eit sentralt verkemiddel for å oppfylla ytringsfridomsparagrafen i Grunnlova. Der heiter det at «staten skal leggja til rette for ein open og opplyst offentleg samtale.»
– Kunst og kulturlivet er med på å byggja samfunn og fellesskap. I ei tid prega av krig, konflikt og uvisse, opplever Kulturrådet at arbeidet vårt er viktigare enn nokon gong. Den kunstnariske fridommen er under press, sjølv i land der me har vore vande til å ta han for gitt. Noreg må gå i motsett retning og leggja til rette for ytringsmangfald og gode kulturopplevingar for alle, seier Løvåsen.
Om Kulturrådet
Kulturrådet forvaltar Norsk kulturfond og blir fordelt tilskot gjennom over 40 ordningar innan visuell kunst, musikk, litteratur, tidsskrift og kritikk, scenekunst, tverrfagleg verksemd og kulturvern. Forvaltninga skjer på armlengds avstand frå politiske styresmakter, for å sikra kunstnarar og kulturaktørar moglegheit for frie og uavhengige ytringar.