Kulturrådet inviterer til konkurranse om utforming av ny ærespris
I 2024 fekk den samiske biletkunstnaren, aktivisten og kulturformidlaren Elle-Hánsa / Hans Ragnar Mathisen Kulturrådets ærespris. Her saman med rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen, rådsmedlem Toril Johannessen og rådsmedlem Sigbjørn Skåden. Foto: Mihály Stefanovicz
Sidan 1968 har Kulturrådet årleg delt ut ein ærespris til nokon som har gjort ein stor innsats for norsk kunst- og kulturliv. No inviterer Kulturrådet kunstnarar i alle sjangrar til å delta i ein konkurranse om å forma ut eit nytt kunstverk til prisvinnaren.
Kulturrådets ærespris kan gå til enkeltpersonar, grupper eller prosjekt. Prismottakaren får eit prisbeløp og eit kunstverk. Frå 1994 til 2025 har prismottakaren fått ein skulptur av bilethoggar Elena Engelsen. Frå og med 2026 skal eit nytt kunstverk overrekkjast til prismottakaren.
– Kulturrådets ærespris er ein av Noregs fremste kulturprisar. Den representerer ein stor pengesum, men først og fremst representerer den verdiane som også ligg til grunn for Kulturrådets arbeid: Tanken om eit breitt og mangfaldig kunst- og kulturliv som får utvikla seg fritt på armlengds avstand frå politikarane. Det gir prisen ei ekstra betydning, seier Sigmund Løvåsen, rådsleiar i Kulturrådet.
Opptil fem kunstnarar vil veljast
Kulturrådet inviterer alle kunstnarar til å melda si interesse for å forma ut det nye kunstverket som skal representera æresprisen. Prekvalifiseringen inneber å senda ein søknad med CV/biografi, dokumentasjon av relevante arbeid og ein motivasjonstekst. Det skal ikkje sendast inn skisser eller løysingsforslag med søknaden.
Kulturrådet vil i juni 2025 velja opptil fem kunstnarar frå dei innsende søknadene. Kvar av dei får 40 000 kroner for å forma ut eit løysingsforslag.
Ope for alle kunstformer
Ein kulturpris er ofte utforma som eit diplom, ein liten skulptur eller liknande. Kulturrådet seier i utlysingsteksten at kunstverket fortrinnsvis skal vera eit slikt varig objekt. Men også auditive, performative eller litterære kunstverk vil bli vurdert.
– Kulturrådets ærespris har dei siste tretti åra vore følgde av Elena Engelsens naturalistiske løve i bronse. Den har verkeleg gjort ære på prismottakarane. No ønskjer me at ein ny kunstnar skal få forma ut æresprisen, seier Toril Johannessen, medlem av Kulturrådet, biletkunstnar og leiar i fagleg utval for visuell kunst i Kulturrådet.
Ho held fram:
– Det er ei kunstnarisk utfordring som er open for ulike idé- og formmessige uttrykk, og som også har krav til at verket skal representera grunnlaget for prisen. Verket er ikkje berre ei seremoniell gåve frå Kulturrådet til prismottakaren, men også ei gåve frå kunstnar til ei anna skapande kraft i kulturlivet.
Fristen for å søkja er 7. mai 2025 klokka 13:00.