Rekordstore tilskot til den uavhengige kritikken og tidsskrifta
Tidsskriftet Josimar har eit stort nedslagsfelt blant tusenvis av fotballinteresserte over heile landet. Foto: Josimar
Over 60 allmennkulturelle tidsskrift vil i 2025 vere drifta av midlar frå Kulturrådet. Ni av desse fekk i denne runden fleirårig tilskot.
Talet på fleirårige tildelingar er rekordstort, og leiar av Kulturrådet, Sigmund Løvåsen, er glad for Fagleg utval for tidsskrift og kritikk sin avgjersle om å tildele fleire tilsegn for kommande år:
Fagleg utval for tidsskrift og kritikk ønsker å gi mest mogleg føreseielegheit til redaksjonane som vi ser at har drive jamt og profesjonelt over tid.
Arr, ArtScene Trondheim, Ballade, Barnebokkritikk, Nytt norsk tidsskrift, Periskop, Z filmtidsskrift Numer og Utrop er tidsskrifta som i denne runden fekk fleirårige tilskot. Frå før har Agora, Shakespearetidsskriftet, Shuddhashar FreeVoice, Kunsthåndverk og Le Monde Diplomatique fleirårig tilskot.
Eit utvida kritikk-omgrep
Ny forsking i 2024 viser at aktualitetsmedia kuttar ytterlegare i kritikken, og Kulturrådets ordning for dei uavhengige tidsskrifta og kritikken blir såleis ytterlegare viktig i tenkinga og diskusjonen om kunst og kultur, fagforståing, og oss sjølve som samfunn.
Over førti millionar blei difor fordelt, i siste utvalsmøte, for 2025, 2026 og 2027, for å styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen. I ei tid der informasjon og sanning er under press, har fagleg utval for tidsskrift og kritikk i årets tildelingar hatt eit særleg fokus på redaksjonar der den kritiske haldninga kjem til syne i heile praksisen.
Den tradisjonelle meldinga er ikkje nødvendigvis gullstandaren for kritikk, seier utvalsleiar Ida Habbestad.
Nedslagsfelt blant fotballinteresserte over heile landet
Tidsskriftet Josimar var det som fekk det prosentvis største løftet i produksjonstilskot frå 2024 til 2025. Utvalet viste til det store nedslagsfeltet til tidsskriftet blant tusenvis av fotballinteresserte over heile landet.
Utan offentleg støtte, ingen Josimar. Slik er røyndommen vår. Undersøkjande, kritisk og djuptpløyande journalistikk er dessverre ingen berekraftig forretningsmodell i tidsalderen vår. Josimar ønskjer å bidra med gode lesaropplevingar og relevant journalistikk, og det får me til, mellom anna ved hjelp av pengane me får frå Kulturrådet, seier redaktør Håvard Melnæs.
Tal
Det blei i 2024 sett vedtak for 40 104 717, til 76 tilskotsmottakarar.
Det er vedteke tildelingar på 24 370 538 kroner for 2025, 6 572 000 kroner for 2026, og for 2027 6 018 000 kroner.
Midla frå Kulturrådet moggleggjer drift av seksti allmennkulturelle tidsskrift i 2025.