Hopp til innhold
Norsk kulturfond

Fagleg utval for forsking

Skal sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for Kulturrådet. Utviklar forskingssatsingar, gir tilskot til forskingsprosjekt, og rådgir Kulturrådet i kunnskapsarbeidet.

Publisert 20.10.2012
Sist endret 02.02.2024

Oppdraget til forskingsutvalet er å bidra til eit solid kunnskapsgrunnlag for Kulturrådet. Utvalet gir råd om forskings- og evalueringsverksemda til Kulturrådet, det utviklar forskingssatsingar og -prosjekt, og det bidrar til å sikre rammene rundt og kvalitetssikre forskinga. Utvalet handsamar eksterne søknadar om forskingsmidlar, og er redaksjonsråd for Kulturrådet sin fagfellevurderte bokserie.  

Utvalet har seks medlemmar som alle blir oppnemnde av rådet. Forskingsrådet sin administrasjon stiller i tillegg med ein observatør på møta.

Leiar

Jan Fredrik Hovden (f. 1969), Bergen. Sosiolog. Professor ved institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Forskar på breie mønster av sosial ulikskap i befolkninga, spesielt knytt til publikum for kultur- og medieinnhald, offentleg og politisk deltaking, utdanning, og studium av sosiale elitar. Tidlegare styremedlem i IMER (International Migration and Ethnic Relations), er medlem i European Center for the Study of Culture & Inequality og leiar Nettverket for studiar av kultur, ulikskap og demokrati ved UiB.

Medlemmer

Arild Danielsen (f. 1957), Østfold. Sosiolog, med studiar av kultur, kunnskapsformar, ulikskap og makt som spesialfelt. Tidlegare professor ved Universitetet i Søraust-Noreg, Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitskap. Medredaktør av Fellesskap, konflikt og politikk, artikkelsamlinga frå Kulturrådets forskingssatsing «Kunst og sosiale fellesskap», som vert publisert vinteren 2024.

Louisa Olufsen Layne (f. 1989), Oslo. Forskar ved Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk, Universitetet i Oslo. Har særleg forska på afroamerikansk, karibisk og svart britisk litteratur, men er og opptatt av blant anna populærmusikk, postkolonial teori, internasjonal modernisme og interseksjonalitet. Leiar forskingsprosjektet «Word, Sound and Power: Ord, lyd og makt i den afrikanske diasporaen».

Hanne Hammer Stien (f. 1977), Troms. Kunsthistorikar. Førsteamanuensis ved Kunstakademiet, UiT Norges arktiske universitet. Forskar på fotografiske praksisar, museologi og kuratorpraksis, og samtidskunstfeltet med ei særleg oppmerksemd på samisk, grønlandsk og kvensk kunst. Stien har stor kjennskap til kunstnarisk utviklingsarbeid, og ho har i tillegg ein praksis som kritikar og kurator.

Alexander Refsum Jensenius (f. 1978), Oslo. Professor i musikkteknologi ved Universitetet i Oslo og senterleiar for RITMO Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og bevegelse. Han forskar på korleis og kvifor menneske beveger seg til musikk og bruker denne kunnskapen til å lage ny musikk med utradisjonelle instrument.

Nina Lager Vestberg (f. 1974), Trøndelag. Professor i visuell kultur ved Institutt for kunst- og medievitenskap, NTNU og leiar av forskargruppa Media, Data, Museums. Vestberg har doktorgrad i kunsthistorie frå Birkbeck, University of London, og forskinga hennar konsentrerer seg om den visuelle kulturens arbeidsformer, system, teknologiar og infrastrukturar frå 1800-tallet og framover.