Søk støtte
Innkjøpsordning - ny norsk sakprosa for barn og unge
Se vedtakslisterViktig melding:
Nye retningsliner blir tekne i bruk frå og med runde 1/2023. Det er ikkje snakk om store endringar, men det blir forventa at søkjarane set seg inn i dei nye retningslinene når det blir søkt om innkjøp.
Årets første frist omfattar utgjevingar som kjem i perioden 01.01.–30.06.2023 medan den neste gjeld tidsrommet 01.07.–31.12.2023.
Føremål
Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa for barn og unge er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet for barn og unge.
Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1 720 eller 1 750 eksemplar (1 650 p-bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 680 p-bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn, og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg.
Bøkene som kjøpast inn tilgjengeliggjerast gjennom Kulturdirektoratets distributør direkte til norske skole- og folkebibliotek for utlån i Noreg. Som eit prøveprosjekt i perioden 2020-2022 tilgjengeliggjerast innkjøpte titler for barn og unge òg for eit utval skolebibliotek. Sjå eigne retningsliner for forsøksordning for distribusjon av kulturfondbøker til skolebibliotek.
Folke- og skolebiblioteka skal ivareteke og gje tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgjevingsåret reknast som første år.
Åpne alleForvaltning av ordninga
Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Kulturfondet. Kulturdirektoratet er sekretariat.
Kva kan kjøpast inn?
Ordninga gjeld litterære verk som leseren har grunn til å oppfatte som direkte ytringar om røynda og som har barn og unge som målgruppe.
Ordninga omfattar ikkje:
- lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen
- bøker som først og fremst har interesse for eit lokalt eller avgrensa publikum
- reine hobbybøker som ikkje samstundes formidlar generell kunnskap om eit fenomen eller emne
Ei utgjeving skal framstå som eit heilskapeleg litterært verk. Dette gjeld òg illustrerte bøker.
Kven kan søkje?
Norske forlag og utgjevarar kan søkje om innkjøp av ferdige bøker som er utgjevne i søknadsåret eller av bøker som skal gjevast ut. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk til norsk av forfattarar busett i Noreg, men det første originalverket på samisk kan ikkje vere meir enn fem år gammalt på søknadstidspunktet.
Søknadsskjema
Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga.
Les utlysningsteksten og retningsliner for innkjøpsordninga for sakprosa for barn og unge nøye før du byrjar å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lesa alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?».
Har du problem med å registrera deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg?
Tilrådde nettlesarar
For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari. Windows = Chrome
Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avvist, eventuelt handsama på neste runde innanfor same kalenderår dersom søknaden elles tilfredsstillar krava i ordningas retningsliner.
Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.
Sende inn vedlegg
Ordninga har to søknadsfrister i året. Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga. Søknadsskjemaet må sendast inn innanfor oppgitte frister for at boka skal bli godkjent for behandling. Utgjevingstidspunkt er bestemmande for kva frist som gjeld den enkelte utgjeving.
Søknadsfrister:
• ca. 2. juni for titlar med utgjevingsdato i perioden 01.01. - 30.06
• ca. 2. desember for titlar med utgjevingsdato i perioden 01.07. - 31.12
Dersom vurderingsmaterialet til søknaden er utskrift av trykkeklart manus, skal det sendast i fire eksemplar per post til Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet. Er den påmelde boka utgjeve til søknadsfristen, skal eit eksemplar av papirboka sendast direkte til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet og til Kulturrådets sekretariat.
Vedlegg i fysisk format skal merkast med «Vurderingseksemplar, Innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for barn og unge». Vedlegga må vera poststempla seinast same dag som søknadsfristen.
Adressa til Kulturdirektoratet:
Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Leseeksemplara vert ikkje returnert.
Adressene til medlemmane
Sjå vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge
Vurdering av søknaden
Påmeldte titler som innfrir dei formelle krava, blir handsama av Vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge. Utvalet kan òg innhente faglege konsulentfråsegner, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.
I diskusjonane om kvalitet skal utvalet mellom anna leggje vekt på om verka:
- framstår som heilskapelege litterære verk
- har tilstrekkelege kunstnarlege, språklege og handverksmessige kvalitetar
- har tilstrekkelege innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar
- er tilrettelagt for barn og unge som målgruppe
- har vore underlagd eit naudsynt redaksjonelt arbeid
Slik behandles søknaden
Se hvordan søknadene blir behandlet, fra boken blir påmeldt til den blir kjøpt inn og sendt til bibliotekene.
Rutiner etter innkjøp
Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, bli levert til Kulturrådet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 1 650 trykte bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 680 trykte bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn og 70 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.
Levering av trykte bøker
1650 trykte eksemplar for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 680 trykte eksemplar for barn og unge f.o.m. 5. trinn av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Dersom vurderingsmaterialet til søknaden var utskrift av trykkeklart manus, skal eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka sendast direkte til kvart av medlemmane i vurderingsutvalet og til Kulturdirektoratets administrasjon. Dette gjeld berre for dei innkjøpte bøkene.
Her er adressene til medlemane i vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge
Adressa til Kulturdirektoratet:
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Merk sendinga med «Rapporteringseksemplar».
Levering av e-bøker
Se Biblioteksentralens nettsider for en beskrivelse av levering av e-bøker.
Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka tilgjengeliggjort for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.
Betaling
Forlaget skal sende faktura til Kulturrådets sekretariat for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå www.dfo.no/efb.
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- IO-nummer
- Kva for ein innkjøpsordning boka er meldt på
- Namn på forlag, forfattar og tittel
- Målgruppe (vaksne eller barn og unge)
- Målform (bokmål eller nynorsk)
- ISBN-nummer for trykt bok
- Evt. ISBN-nummer for e-bok
- Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty
For titlar som er innkjøpte i 2022, skal desse betalingstabellane brukast
Betalingstabellar 2023 sakprosa barn og unge
Alle titlar blir kjøpt inn i 1 650 trykte eksemplar t.o.m. 4 trinn og 1 680 trykte eksemplar f.o.m. 5. trinn.
STANDARDBOK: 1650 P-BØKER OG 70 E-BØKER*
Format og målform | Forfattarroyalty | Forlag | Faktura til sekretariatet |
Kun papirbok på bokmål | 128 000** | 170 500 | 298 500 |
Både papirbok og e-bok på bokmål | 128 000** | 182 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 310 000 |
Kun papirbok på nynorsk | 134 500** | 181 500 | 316 000 |
Både papirbok og e-bok på nynorsk | 134 500** | 193 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 327 500 |
*Gjelder titler som er beregnet for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfatteren har bidratt med egne midler til bokproduksjonen, skal dennes andel av betalingen økes tilsvarende på bekostning av utgiverandelen.
STANDARDBOK: 1680 P-BØKER OG 70 E-BØKER*
Format og målform | Forfattarroyalty | Forlag | Faktura til sekretariatet |
Kun papirbok på bokmål | 130 000** | 173 000 | 303 000 |
Både papirbok og e-bok på bokmål | 130 000** | 185 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 315 000 |
Kun papirbok på nynorsk | 136 500** | 185 000 | 321 500 |
Både papirbok og e-bok på nynorsk | 136 500** | 196 500, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 333 000 |
*Gjelder titler som er beregnet for barn og unge fra og med femte trinn
**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfatteren har bidratt med egne midler til bokproduksjonen, skal dennes andel av betalingen økes tilsvarende på bekostning av utgiverandelen.
EKSTRA KOSTNADSKREVENDE BOK: 1 650 P-BØKER OG 70 E-BØKER*
Format og målform | Forfattarroyalty | Forlag | Faktura til sekretariatet |
Kun papirbok på bokmål | 128 000** | 188 500 | 316 500 |
Både papirbok og e-bok på bokmål | 128 000** | 200 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 328 000 |
Kun papirbok på nynorsk | 134 500** | 199 500 | 334 000 |
Både papirbok og e-bok på nynorsk | 134 500** | 211 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 345 500 |
*Gjelder titler som er beregnet for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfatteren har bidratt med egne midler til bokproduksjonen, skal dennes andel av betalingen økes tilsvarende på bekostning av utgiverandelen.
EKSTRA KOSTNADSKREVENDE BOK: 1 680 P-BØKER OG 70 E-BØKER*
Format og målform | Forfattarroyalty | Forlag | Faktura til sekretariatet |
Kun papirbok på bokmål | 130 000** | 191 000 | 321 000 |
Både papirbok og e-bok på bokmål | 130 000** | 202 500, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 332 500 |
Kun papirbok på nynorsk | 136 500** | 203 500 | 340 000 |
Både papirbok og e-bok på nynorsk | 136 500** | 215 500, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 | 352 000 |
*Gjelder titler som er beregnet for barn og unge fra og med femte trinn
**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfatteren har bidratt med egne midler til bokproduksjonen, skal dennes andel av betalingen økes tilsvarende på bekostning av utgiverandelen.