Vedtaksliste for søknader til 2. juni 2022
Tilbake til 2022 (Alle)Om søknadsrunden
Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, større utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga.
Talet på søknader: 38
Søknadssum: kr 4 224 443
Talet på tildelingar: 21
Vedtakssum: kr 1 375 000
Kunstnarar publiserer, ikkje berre for å dokumentere og kontekstualisere sitt eige virke, men og med ideen om boka som eit kunstverk i seg sjølv. Det er eit stort spenn i tematikk og omfang i ordninga – frå bøker om kunst og bøker som kunst.
I denne runden var det mange søknader om fotobøker, og det er gjennomarbeidde og godt utvikla bokprosjekt som er støtta. Tematikken spenner vidt, alt frå ei dokumentarisk vinkling i Andrea Gjestvangs «Atlantic Cowboy» som tek for seg menn og maskulinitet på Færøyane til Bjarne Bredas blikk på verda etter pandemien. «The Hollow Man» skildrar isolasjon og einsemd, krig og uro som gjer det vanskeleg å vere medmenneske, til kommentarar om at teknologien til tider kan overgå naturen. Werena Winkelmanns fotobokprosjekt kalla «Field» presenterer nærbilder av det som veks i naturen, i alle stadiar, natt og dag, gjennom fleire år.
Søknader om større monografiar eller der vinklinga er meir teoretisk held seg på eit jamt høgt nivå. Kunstbokhandelen AS er tildelt støtte til Albert Jærns «Og så kom befrierne – And Then Came the Liberators» som vil løfte fram, historisere og reaktivere Jærns dagbok gjennom fem års okkupasjon og krig. Her er det korte dagboktekstar og talande tresnitt som grip lesaren. Den originale boka og utsnitt av denne fekk stor plass på Dokumenta i Kassel i 2017.
Ein moglegvis tilfeldig tendens i runden er dei sterke søknadane om støtte til produksjon av monografiar over tekstilkunstnarar. Det er tre svært ulike tekstilkunstnarar som får sine monografiar; nestorane Kari Steihaug og Britta Marakatt Labba, og den yngre Cato Løland. Sistnemnte jobbar òg i andre materialar, er bergensbasert, og det er galleriet Entrée som søkjer om å lage monografien, i samband med ei større utstilling av verka hans i Frankrike.
Kjell Jan-Erik Lundström søker støtte til boka om og med Marakatt Labba. Denne større boka presenterer virket hennar frå 2010 til 2020, og følger opp monografien «Broderade Berättelser» som Kulturrådet støtta i 2010. (Utgitt 2011). - Kari Steihaug får støtte til monografien med same namn. Utvalet la vekt på kvalitetane i Steihaugs virke, og kvalitetar ved sjølve bokobjektet som skal produserast.
Kunstboka «In Character – Your Ticket to the Art World» i regi av Praksis og Teen Advisory Board samlar relevante tekstar med påkosta design. Utvalet peikte på det viktige i rekrutteringa av unge vaksne inn i kunstverda, der dei kunstfaglege kvalitetane i bokprosjektet er med på å informere, engasjere og å skape interesse for bildekunst. Fordi dette er ei bok og ikkje ei utstilling, kan den nå ut i distrikta og.
Oppsummerande og større katalogar har og fått støtte, som t.d. Vestlandsutstillinga sitt 100-årsjubileum i år, der både utstillingane og katalogen er kalla «Monument». Elisabeth von Krohg samlar femti år som keramikar i katalogen «Tid i form». Hausten 2022 stiller ho ut i Kunstnerforbundet og får dermed presentert dei nye verka til utstillinga i katalogen.
Den sjølvbiografiske bildeboka «I get along without you very well” av Vanessa Baird er arbeidd fram i 2021 og 2022 og presenterer vanskelege overgangar i livet på ein underfundig og tilforlateleg måte. Her treng ein ikkje tekst for å få fram det narrative, som når barna flytter ut av heimen etter pandemien og når mora er overlatt til ein pleieinstitusjon.
Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var seks søknader i denne runden og tre prosjekt fekk støtte. Leif Magne Tangen skal ta for seg Hans Ragnar Mathisens kunstnarskap gjennom fem tiår. Formidlinga av samisk kultur og historie, som skodespel, som tegning og trykk, som grafisk design, som maleri og bokbinding og ikkje minst som kunstnarleg aktivisme kjem på sikt til å bli samla i ei større bok.
Lars Sandås skal gje ut boka «Narkoatlas» på nytt, (er støtta av Kulturrådet i 2016 og utgitt i 2017), som er ei bok om rus, med Sandås sine tresnitt som illustrasjon. Eit nytt kapittel skal m.a. kommentere rusreformen som vart handsama i Stortinget i fjor.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.6.2022 kl. 13:00
-
Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd | Kategori |
---|