Hopp til innhold
Årsmelding

Årsrapport Kulturrådet 2016

Ei oppsummering av Kulturrådet i tekst og tal for 2016. I årsrapporten finn du oversikter i tal og tekst over alle tildelingane som vart gjort og ei skildring av Kulturrådets aktivitetar gjennom året.

$imageText.getData()

Det kom inn 20 483 søknader til alle ordningane i Kulturrådet i 2016. Dette er ein auke på 116 frå 2015. Også i 2016 enda omlag 25 prosent av søknadane med tilskot. Det vil seie at 4953 prosjekt, kunstnarar, festivalar og kulturverksemder fekk prosjektstøtte eller stipend i året som gjekk. I tillegg blei det kjøpt inn meir enn 1000 bøker som blei fordelte til folkebiblioteka.

Kulturrådet forvalta til saman over 1,4 milliardar kroner i 2016. Desse vart fordelt på:

  • Norsk kulturfond, 876 mill. kr
  • Statens kunstnarstipend, 319 mill. kr
  • Fond for lyd og bilete, 37 mill. kr
  • Museumsutvikling, 26 mill. kr
  • Andre oppgåver, inkl. Statens utstillingsstipend 6 mill. kr
  • Driftsutgifter 151 mill. kr

Støtte til kvar tredje søkjar frå Kulturfondet

Den største pengesekken Kulturrådet forvaltar er Norsk kulturfond. Fondet var på 876 millionar kroner i 2016. Det kom inn 8434 søknader om støtte frå Kulturrådet. Dette var ein nedgang på 640 i høve til 2015. Ei årsak til dette kan vere omlegging frå fire til to søknadsfristar i året på nokre av støtteordningane. På musikkområdet var det ein nedgang på cirka seks prosent. Også på scenekunstområdet var det ein liten nedgang i talet på søknader. 

37 prosent av søknadene til Kulturfondet enda med tildeling. Dette er ein auke på to prosent i høve til 2015 og betyr at 3 248 prosjekt og bøker vart støtta og kjøpt inn. Dersom vi deler landet opp i landsdelar ser fordelinga av midlar slik ut:

Kunstnarstipend

Statens kunstnarstipend er den nest største pengesekken i Kulturrådet og blir forvalta av Utvalet for Statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Kunstnarstipenda skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I 2016 kom det inn nesten 8 400 søknader om stipend. 901 av desse enda opp med å få stipend.

Stipenda blei fordelte slik mellom landsdelane:

Du kan lese meir om fordeling av midlar i 2016 og Kulturrådet sine aktivitetar i årsmeldinga.

Modernisering av søknadshandsaminga

Modernisering og omorganisering har vore to viktige stikkord for Kulturrådet dei siste fire åra.  I 2016 vart den elektroniske søknadsportalen vidareutvikla og Altinn-portalen blei nytta til nye søknadsskjema. Dette medførte at alle søkjarane måtte logge seg inn med elektronisk ID via ID-porten. Dette gir betre skjema og rettleiingstekstar til søkjarane. Det gir i tillegg kortare sakshandsamingstid og raskare tilbakemelding til søkjarane om at søknaden er motteken.

Andre oppgåver i 2016

Kulturrådet utfører også ei rekkje andre oppgåver. Fond for lyd og bilete fekk inn i overkant av 3000 søknader og delte ut 38,4 millionar kroner til 583 prosjekt i 2016.

På museumsfeltet har Kulturrådet oppgåver knytte til utvikling, forvalting og rådgjeving. Ein viktig del er forvalting knytt til mål- og resultatstyring i sektoren. I tillegg fordeler Kulturrådet spelemidlar til utvikling i museumssektoren. I 2016  vart det fordelt 23,6 millionar kroner til  58 prosjekt. Det kom inn 110 søknader.

Tabell 1: Tal på tildelingar - Norsk kulturfond - 2016

Landsdel

Søknader

Tildelingar

Prosent

Sørlandet

209

84

40%

Østlandet

4528

1630

36%

Vestlandet

1300

467

36%

Trøndelag

555

197

35%

Nord-Norge

547

219

40%

Utlandet

117

28

24%

Totalt

7256

2625

36%

 

Tabell 2: Søknadssum og tildelt sum - Norsk kulturfond 2016

Landsdel

Søknadssum

Tildelt sum

Prosent

Sørlandet

63 052 179

15 690 400

25 %

Østlandet

1 206 105 871

407 071 877

34 %

Vestlandet

479 636 162

116 423 770

24 %

Trøndelag

203 324 486

61 848 500

30 %

Nord-Noreg

176 547 008

49 399 466

28 %

Utlandet

22 237 629

2 226 000

10%

Totalt

2 150 903 335

652 660 013

30%

 

Tabell 3: Tal på søknader og tildelingar - Statens kunstnarstipend

Landsdel

Tal på stipendsøknader

Tildelte stipend

Prosent

Sørlandet

215

19

9 %

Austlandet

6040

618

10 %

Vestlandet

1367

133

10 %

Trøndelag

442

58

13 %

Nord-Norge

349

38

11 %

Utlandet

260

38

11 %

 

Om publikasjonen

Årsrapport Kulturrådet 2016

Kulturrådet

Kulturrådet
2017