Hopp til innhold

Klima- og miljøprogram for kultursektoren

På oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet, opprettar Kulturdirektoratet eit klima- og miljøprogram for kultursektoren. Programmet inneheld ei rekkje tiltak som skal auke takten i det grøne skiftet i kulturlivet.

$imageText.getData()

Oppdraget frå Kultur- og likestillingsdepartementet kom som eit svar på ei undersøking Kulturdirektoratet gjorde tidleg i 2024, som viser at sjølv om 80 prosent av kulturverksemder i Noreg er opptekne av klima og miljø, har halvparten av verksemdene ikkje innført aktivitetar eller program for å tilpasse seg eit endra klima. 70 prosent meiner dei bør gjere meir, og like mange meiner at staten bør ta ei pådrivarrolle.  

Programmet er basert på ein vesentlegheitsanalyse for å sikre at innsatsen blir prioritert på dei områda som vil gi størst effekt. Programmet tek omsyn til at det er store forskjellar mellom aktørane i kultursektoren, og adresserer ressursbehov og omstillingskostnader, som det blir opplyst at er dei største barrierane for grøn omstilling i sektoren.  

Program og tiltak er utarbeidd i dialog med sektor og sentrale aktørar nasjonalt og internasjonalt. Kulturtanken og Norsk filminstitutt har vore med i arbeidsgruppa til programmet.

Om publikasjonen

Klima- og miljøprogram for kultursektoren

2025