Hopp til innhold
Statistikk

Statistikk for museum 2016

Kulturrådet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.

$imageText.getData()

Statistikk 2016 for norske museum blei samla inn i mars 2017 og omfattar museum med minst eitt fast årsverk i 2016. Talmaterialet femner om i alt 109 museum. Av desse fekk 71 museum driftstilskot frå Kulturdepartementet. Dei andre musea er mellom anna kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.

Frå 2016 er det fem institusjonar som ikkje lenger rapporterer til museumsstatistikken fordi verksemda deira ikkje lenger blir rekna som museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar. Dei fem institusjonane er Akvariet i Bergen, Stiftelsen Atlanterhavsparken, VILVITE, Bergen Vitensenter, Vitensenteret i Trondheim og Nordnorsk Vitensenter.

Når utviklingstal for museumsbesøk blir korrigert for dei musea som ikkje lenger rapporterer, var det også i 2016 ein samla auke av besøkstalet for dei 109 musea som er grunnlag for statistikken, sjå nærare omtalen av besøk i publikasjonen.

Om publikasjonen

Statistikk for museum 2016

Kulturrådet

2018
978-82-8105-138-6