Norsk filminstitutt: Tal om mangfald gjev resultat i filmbransjen
Fra innspillingen av Iram Haqs Hva vil folk si. Foto: Marek Septimus Wieser / Mer Film.
På nyåret lanserte Norsk filminstitutt eit nytt spørjeskjema om mangfald i alle tilskotsordningar for utvikling og produksjon for å følgje med på utviklinga mot ein meir mangfaldig filmbransje. – At norske filmar og seriar når ut til alle delar av befolkninga, er heilt vesentleg for at folk skal føle at dei høyrer til i samfunnet dei er ein del av, meiner Nedin Mutic.
– Mangfald er eit prioriteringskriterium i norsk film, seier seniorrådgjevar i Norsk filminstitutt (NFI) Nedin Mutic, og understrekar at arbeid med likestilling og mangfald er sentralt for å oppnå alle dei filmpolitiske måla i NFI.
Fram til nyleg har NFI berre hatt statistikk over kjønnsbalansen blant dei som skaper filmar, seriar og spel. Ved inngangen til 2022 lanserte dei eit nytt spørjeskjema om mangfald i alle tilskotsordningar for utvikling og produksjon, for å kunne følgje utviklinga mot ein meir mangfaldig filmbransje. I første omgang spør dei søkjarane om demografisk bakgrunn og eventuelle funksjonsnedsetjingar hos produsent, regissør eller manusforfattar.
I 2021 innførte dei også det dei kallar «eigenmelding om inkludering» for alle som søkjer tilskot til produksjon, lansering og formidling.
– I eigenmeldinga skal søkjaren gjere greie for korleis mangfald er sikra i skapar-, innhalds-, og brukarleddet. Målet med tiltaket er å gjere filmbransjen medviten og ansvarleg, slik at det blir skapt prosjekt som tek fleire stemmer i bruk, og som totalt sett blir opplevde som relevante for alle delar av befolkninga, fortel Live Nermoen, seksjonsleiar i NFI.
Aukande representasjon i filmroller totalt, men ingen samiske roller
Når det gjeld kven som er representerte på lerretet i norske kinofilmar, har NFI statistikk på mangfald i hovud- og biroller i dei 223 norske kinofilmane med premiere i perioden 2013–2020. NFI har berre teke utgangspunkt i dei offisielle trailerane til filmane og filmmeldingane til NRK, men meiner likevel at tala gjev ein peikepinn på representasjon i norsk film.
Prosentdelen filmar der skodespelarar som fell inn under ein av mangfaldskategoriane til NFI (sjå faktaboks), hadde hovudroller og biroller, var i snitt på høvesvis 14 prosent og 20 prosent i heile den undersøkte perioden, og høvesvis 16 prosent og 37 prosent for filmar med kinopremiere i 2020. Statistikken til NFI viser at det er svært få filmar med hovud- og biroller som representerer urfolk eller nasjonale minoritetar, annan seksualitet enn den heteronormative, nedsett funksjonsevne eller flytande kjønnsidentitet. Og når det gjeld samiske roller:
– Det har ikkje vore nokon filmar med samisk hovud- eller birolle i perioden, seier Live Nermoen.
Prosentdelen filmar med hovud- og biroller med synleg minoritetsbakgrunn er noko høgare. 12 prosent av filmane i åra 2014–2020 hadde ei hovudrolle med synleg minoritets- eller innvandrarbakgrunn, medan 17 prosent av filmane hadde ei birolle med denne bakgrunnen.
Når det gjeld kvinnelege hovudroller, er biletet eit litt anna.
– Av dei 223 undersøkte filmane hadde 46 prosent kvinneleg hovudrolle. Prosentdelen filmar med kvinneleg hovudrolle var høgast for filmar med premiere i 2020, med 63 prosent, og dei tre siste åra i utvalet har det vore ein tydeleg høgare samla prosentdel kvinner i hovudroller enn dei tidlegare åra.
Sjå statistikk, analyse og rapportar frå NFI.
Mangfald blant skaparar, sjåarar og innhald har ein samanheng
Norsk filminstitutt har ambisjonar om å auke mangfaldet både blant skaparar og sjåarar og i innhald. Nedin Mutic meiner det er ein tydeleg samanheng mellom dei tre perspektiva.
– Kven som skaper filmar og seriar, påverkar kven og kva som blir presentert på skjerm og lerret. Kven og kva som blir representert, vil verke inn på om ein når ut til ulike delar av befolkninga. Og kven ein når ut til med norsk innhald, vil igjen påverke kven som ser seg sjølve som filmskaparar i framtida.
Og endå viktigare, meiner han:
– At norske filmar og seriar når ut til alle delar av befolkninga, er heilt vesentleg for at folk skal føle seg inkluderte og føle at dei høyrer til i samfunnet dei er ein del av.
Fakta om Norsk filminstitutt og arbeidet med data om kultur og mangfold
- Norsk filminstitutt (NFI) er det statlege forvaltningsorganet på film- og spelområdet, underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet. Instituttet gjev tilskot til utvikling, produksjon, lansering og formidling av filmar, seriar og spel.
- I 2019 lanserte NFI ein handlingsplan for inkludering og representasjon i norsk film og filmkultur. Dei legg til grunn ei brei forståing av mangfald som omfattar kjønn, etnisitet, urfolk, nasjonale minoritetar, alder, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, geografisk tilhøyrsel, funksjonsevne og sosial bakgrunn.
- I 2020 arbeidde filminstituttet mellom anna med mangfald som prioriteringskriterium, eigenmelding for inkludering, kurs og seminar, ny rekrutteringsstrategi for NFI og mangfaldsombod, og dessutan med mangfald i norske historier og skaparmangfald.
- NFI har ei referansegruppe for mangfalds- og inkluderingsarbeidet sitt med sju medlemmer frå underrepresenterte grupper på filmfeltet. Dei representerer mangfald i etnisitet, urfolk, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn, og ulike filmfaglege område.
- Sjå statistikk, analyse og rapportar frå NFI.