Telemarksforsking og Norske kveners forbund: Deltaking frå nasjonale minoritetar er viktig i datainnsamling
Foto: Pål Vegard Eriksen / Nord-Troms museum.
Nanna Løkka ved Telemarksforsking er forskar med kunnskap om nasjonale minoritetar. Ho meiner at sjølvidentifisering og deltaking er grunnleggjande omsyn å ta når det gjeld datainnsamling. Ho får støtte av leiaren i Norske kveners forbund.
Nanna Løkka har saman med tre kollegaer evaluert politikken som er retta mot nasjonale minoritetar i perioden 2000–2019 i rapporten «Kulturell berikelse – politisk besvær». Ho er positiv til å hente inn kvantitative data dersom føremålet er å kunne drive kvantitativ måloppnåing, men er samtidig klar på at det er fleire omsyn å ta når det gjeld nasjonale minoritetar.
– Kvantitative data er viktig og rett når mangfald er eit uttalt politisk mål. Men «den gode intensjonen» har skapt mykje liding hos nasjonale minoritetar under både assimileringspolitikken og den noverande anerkjennande politikken, så dette er ikkje enkelt. Det er svært viktig å ta på alvor at dei nasjonale minoritetane sjølve må vere deltakande i tiltak som handlar om dei.
– Prinsippet om sjølvidentifisering er grunnleggjande
Dei fem nasjonale minoritetane i Noreg er kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, romar og romanifolk/taterar. Dei fekk status som nasjonal minoritet etter at Noreg ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999. I konvensjonen står det mellom anna at alle personar som høyrer til ein nasjonal minoritet, sjølve skal kunne velje å bli behandla som det eller ikkje.
– Mange ønskjer ikkje å bli sett på som ein minoritet. Og mange identifiserer seg som ein minoritet, men vil ikkje bli registrerte av det offentlege som det, seier Løkka.
Prinsippet om sjølvidentifisering er metodisk grunnleggjande i datainnsamling om nasjonale minoritetar, men det er fleire ting som må takast omsyn til.
– Å hente inn kvantitative data om etnisk og kulturelt opphav kan på same tid langt på veg vere i strid med konvensjonen frå Europarådet, som gjev dei nasjonale minoritetane eit heilt spesielt vern med tanke på identitet, fordi spørsmål om tilhøyrsel kan opplevast som eit press. Det bør takast med når ein ser på korleis spørsmålet blir stilt.
Konvensjonen frå Europarådet seier også at partane skal skape nødvendige føresetnader for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, blir sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og i offentlege saker. Med effektiv deltaking meiner vi at menneske skal ha rett til å ta del i avgjerder og tiltak – særleg dei som påverkar dei. Det er noko Europarådet stadig oppmodar norske styresmakter til å bli betre på, ifølgje Løkka.
– «Ingen avgjerder om oss utan oss» er ei god rettesnor, seier ho.
Tal aukar kjennskap og kunnskap
Leiaren i Norske kveners forbund, Kai Petter Johansen, meiner også at det er sentralt at datainnsamling ikkje skjer over hovuda på dei dataa dreier seg om.
– Det kan vere krevjande å kome i gang, men ein stad å starte kan vere å opprette dialog med dei det gjelder, til dømes ved å kontakte kvenske kunst- og kulturarbeidarar. Dei har god oversikt over feltet og vil vite korleis ein bør gå fram. Tillit er avgjerande i slike prosessar, og det må byggjast opp over tid.
Johansen meiner at det i dag manglar tal og innsikt om kvenske forhold, og at det derfor er mange som ikkje kjenner til kvener og kvensk kultur.
– Det er absolutt behov for tal og meir kunnskap om rolla til kvenene i kunst- og kultursektoren. Norske kveners forbund treng meir data i dialog med styresmaktene, og meiner tal er sentralt for å synleggjere omfanget av kvener i Noreg og rolla deira i kunst- og kultur og næringsliv. Folk trur kvener er ei lita gruppe, og blir overraska når dei får vite at det finst nærare 60 000 etterkomarar etter kvener i Troms og Finnmark.
Johansen meiner at det å kunne talfeste rolla til kvener i det norske kunst- og kulturlivet vil leie til meir kunnskap og betre forståing. Og at det igjen kan leie til eit betre kunst- og kulturliv.
– Det er viktig at Kulturrådet og andre går inn i dette arbeidet saman med oss og gjev dette merksemd, slik at vi ikkje baserer kunnskap på påstandar.
Fakta om Telemarksforsking
Stiftinga Telemarksforsking er eit sjølvstendig samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt som held til i Bø i Telemark. I 2020 ga dei ut rapporten «Kulturell berikelse – politisk besvær», som skildrar og analyserer utviklinga av politikken overfor dei norske nasjonale minoritetane dei siste 20 åra.
Fakta om Norske kveners forbund
Norske kveners forbund er ein landsdekkjande organisasjon som tek hand om kvenske interesser. Dei fremjar og synleggjer kvenske interesser overfor styresmaktene lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og arbeider også for å styrkje kvensk identitet, og ta vare på og utvikle kvensk språk og kultur.
Fakta om nasjonale minoritetar
Grupper med langvarig tilknyting til landet er definerte som nasjonale minoritetar. I Noreg er dette kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, romar og romanifolk/taterar. Noreg har ratifisert Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Minoritetsspråkpakta.