Vedtaksliste for søknader til 2. desember 2020
Tilbake til 2021 (Alle)Om søknadsrunden
Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterer og/eller analyserer aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Det vert gitt støtte til fotobøker, bøker om teori, monografiar, artists’ books, utstillingskatalogar, manusutvikling, bok- eller magasinseriar, fanziner.
Økonomisk oversikt
Kto. 2218 Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
Til disposisjon: Kr 3 915 000
Tal frå søknadsrunden
Talet på søknader: 48
Søknadssum: Kr 4 825 366
Tildelingar (vedtak): 22
Vedtakssum Kr 1 180 000
Talet på søknader til denne ordninga aukar og det er fleire godt utvikla og gjennomarbeidde prosjekt som vert vurdert. Fagutvalet handsama 48 søknader og 22 ulike bøker vart tildelt støtte, der og tre nyetablerte kunstnarar vart tilgodesett.
Mange av prosjekta er tenkt ut i ei tid der grenser i periodar har vore stengde, og der reise, iallfall med kollektivtransport, har, i periodar og i visse område, vore fråråda. Om dette ligg bak den stadbundne profilen til søknadar i bunken kan ein berre spekulere i. Men det er uansett interessant å sjå korleis såpass konkrete og lokale prosjekt klarar å bli ganske allmenngyldige. Ein ser i beste fall fleire «glokale» prosjekt i tida av nedstenging og pandemi.
Tendensar i søknadsmaterialet
Fleire vil samle og kontekstualisere kunstnarskap. Lengre tekstar kastar lys over t.d. Borgny Svalastogs kyrkje- og tekstilkunst og hennar særlege utforsking av fargen sett i lys av lyd og tonar i boka «Alt kjøtt er som gress». Astrid Mørlands monografi «Wearing Apparel» (utgitt på italienske Skira Publishing) nærmar seg ein langt kunstnarliv i form av dikt, ein tekst med psykoanalytisk perspektiv, samt kunsthistoriske inngangar som tek for seg kunstuttrykk som måleri, teikning og skulptur. Pr. dato har kunstnaren ei stor retrospektiv utstilling ved Haugar kunstmuseum. Museumsforlaget i Trøndelag gir ut ei større bok kalla «Sverre Morken- fra mikro til makro», om seddel- og frimerkekunst. Kulturrådet tildelte i si tid manusutviklingstøtte til forfattaren Inger Lise Liabakken som går grundig inn i Morkens (f. 1945) viktige og prislønna arbeid som gravyrkunstnar.
Talet på fotobøker i søknadsbunken held seg på eit jamt høgt nivå, og av dei fem som vart støtta, må ein trekkje fram prosjekt som tek for seg unike norske forteljingar. Adrian Bugges «Y-bygget som forsvant» tematiserer rivinga av Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo, medan fotoboka om tømmerfløting på Glomma, med fotografi av Hans Hamid Rasmussen og tekst av Per Pettersson er den første i serien «Verdenskunst – hverdagskunst», som er eit samarbeid mellom Guttormsgaards arkiv og Torpedo Press.
Victor Boullet gir ut to større katalogar/kunstnarbøker kalla «Painting Liverpool 2014 - 2021» på Antenne Books i London. Stian Gabrielsen er redaktør og bøkene visualiserer endringar i Boullets kunstnarskap, der han og tek eit oppgjer med samtidskunstsfærens komplekse sosiale nettverk og ulike kunstomgrep. No vil han diskutere og presentere kunstverka sine for eit heilt anna sosialt miljø og publikum; arbeidarklassen i Liverpool.
Det er i runden fleire større analytiske kunstfaglege sakprosaprosjekt. Susanne Martha Winterling og Synne Tollerud Bull er blant søkarar som driv prosjekt som står på skuldrane til forsking, med «Pandora’s Box 1» og «Urban Ecologies: City Sensing Beyond the Human» av sistnemnde. Begge blir antologiar.
Det er ganske god kjønnsbalanse på søknadene; der var 10 kvinner og 12 menn som fekk støtte. Den geografiske fordelinga til dei som vart tilgodesett er 9 frå Oslo, 3 frå Trøndelag, 2 frå Troms og Finnmark, 2 frå Vestland, 2 frå utlandet, 1 frå Agder, 1 frå Rogaland og 1 frå Nordland.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.12.2020 kl. 13:00
-
Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt
-
Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Kategori | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd |
---|