- Slik skal Kulturrådet arbeide med mangfald i 2021
I 2021 skal Kulturrådet, som nasjonal koordinator, arbeide for å fremma mangfald gjennom ei rekke interne og eksterne tiltak.
Hausten 2020 gjennomførte Kulturrådet skriftleg og digital innspelsrunde om korleis Kulturrådet sitt oppdrag som nasjonal koordinator for mangfald burde innrettast. Det kom inn over 130 skriftlege innspel, og 150 personar deltok på det digitale arbeidsmøtet. Her kan du lesa meir om kva for tilbakemeldingar sektoren gav.
Kulturrådet har gjennomgått alle innspela, og har på bakgrunn av desse og dialog internt, utarbeidd ein rapport og ein plan for vidare arbeid.
- Vi er takksame for innspela frå sektoren, for dette er ein jobb vi skal gjera saman. Kulturrådet skal ha ein koordinatorfunksjon, men det er sektoren sjølv som må stå for det operative endringsarbeidet, seier Kulturrådet sin direktør Kristin Danielsen.
- Innspela og forstudierapporten frå våren 2020 har gitt oss eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid. Mangfaldsarbeid er høgt prioritet i 2021, i tillegg til at vi skal hjelpa kultursektoren i koronakrisa.
Plan for arbeidet
Som koordinator skal Kulturrådet bidra til å setja mangfald på dagsorden, og mobilisera til handling i institusjonar, det frie feltet, fylkeskommunar, kommunar, kulturlivet elles og internt i eiga verksemd. Kulturrådet skal bidra til kunnskapsbygging, vera støtteapparat og samordningsorgan, medan det operative mangfaldsarbeidet må gjerast av sektoren sjølv. Konkret skal Kulturrådet gå i gang med tiltak internt og i samarbeid med sektoren. Arbeidet skal føregå langs sju aksar, og det er knyta konkrete tiltak under kvart område:
1.) Strategisk og organisatorisk forankring av oppdraget i heile Kulturrådet
2.) Dialog, nettverk og kommunikasjon med sektoren og målgrupper
3.) Verkemiddel og pilotering av ordningar for eit meir inkluderande forvaltningsorgan
4.) Kunnskapsproduksjon og formidling av eige og andre sitt arbeid
5.) Kompetansehevingstiltak internt og eksternt med fokus på å avdekka blindsoner
6.) Data for å måla mangfald både i sektoren og internt i Kulturrådet
7.) Rekruttering og mangfaldskompetanse i alle ledd
- Tiltaka i planen sørger for at alle delane av verksemda vår er involvert i arbeidet for å fremma mangfald. Sektoren vil merka arbeidet på mange område, seier Guri Langmyr Iochev. Ho er leiar for den nyoppretta seksjonen for infrastruktur og mangfald i Kulturrådet.
- Vi lyser snart ut to stillingar i seksjonen for infrastruktur og mangfald som skal jobba dedikert med mangfaldsoppdraget. I utlysningsprosessen har vi fått god hjelp av Senter for mangfaldsleiing Seema, noko vi håper hjelper oss å nå breitt ut og treffa gode kandidatar for stillingane, forklarer Langmyr Iochev.
Døme på tiltak under verkemiddel
Rådet for Norsk Kulturfond skal og arbeida med mangfald, og dei er viktige samarbeidspartnarar for tiltaka som omhandlar verkemiddel. Den 26. februar arranger mellom anna Kulturrådet webinar om mangfald og kvalitetsforståingar for alle utvalsmedlemer. Vidare skal fagleg utval for tverrgåande ordningar inngå i eit pilotprosjekt der ein prøvar ut ulike tiltak for å fremma søkarmangfald til utvalde ordningar.
- Vi ser fram til webinar og pilotering, og meir aktivt arbeid rundt strukturelt mangfald. Strukturelt mangfald inneber å undersøka dei grunnleggande vilkåra for korleis estetiske uttrykk vert privilegerte og vurderte i forhold til kvarandre, og kva for konsekvensar det har for attkjenning, annerkjenning, synlegheit og arbeidsvilkår for ei breidde av aktørar i feltet, seier utvalsleiar Maria Utsi.
Viktige prinsipp for vidare arbeid
Som nasjonal koordinator skal Kulturrådet:
- Arbeide langsiktig, kunnskapsbasert, strukturelt, relasjonelt og proaktivt
- Kommunisera ope og tilgjengeleg om både interne og eksterne prosessar
- Væra oppmerksam på eigne blindsoner og nytta ekstern kompetanse
- Bygga vidare på det arbeidet Kulturrådet allereie gjer på mangfald
- Ha tett dialog og med sektor og målgupper
- Halde oppe eit interseksjonelt perspektiv med målgruppe-fokus
Om kort tid vil Kulturrådet invitera til ei rekke digitale arrangement for kompetansedeling.
Ynskjer du meir informasjon om arbeidet, ta kontakt med Kaja Jorem.