Nettverk som har blitt til gjennom prosjektet
Prosjektet «Inkluderande kulturliv i Norden» (2017-2019) skal initiera aktivitetar for utveksling av erfaringer og kunnskap, metodar og verktøy.
Det fellesnordiske prosjektet "Inkluderande kulturliv i Norden" (2017-2019) initierer og støttar plattformer og nettverk for erfaringsdeling for eit meir inkluderande kulturliv i Norden. Målet er å stimulera til - og inspirera til nye arbeidsmetodar og kulturendringar på dette feltet innanfor både den frivillige- og den profesjonelle sektoren. "Inkluderande kulturliv i Norden" er initiert av Nordisk ministerrråd og Kulturrådet i Noreg sit med prosjektansvaret. Under finn du meir informasjon om dei sju ulike nettverka som er del av prosjektet, og kva slags initiativ dei arbeider med.
Critical Friends
Eit av prosjektmåla i "Inkluderande kulturliv i Norden" var å etablera referansegruppa "Critical Friends". Målsetjingane innanfor prosjektet var å løfta fram kunstnarar og kulturarbeidarar med ulike former for fleirkulturell kompetanse.
Critical friends-gruppa sitt mandat er å:
- ha ein rådgjevande funksjon til styringsgruppa i prosjektet "Inkluderande kulturliv i Norden" ved å stilla spørsmål, tilføra nye perspektiv og ny informasjon.
- komma med innspel til utforming av aktivitetar og rapportar.
- føreslå nye aktivitetar i prosjektet.
- informera sine nettverk om arbeidet i prosjektet.
- arrangera minst eit treffpunkt for kunstnarar med multikulturell bakgrunn.
- forfatte ein avsluttande evalueringsrapport om sine erfaringar frå sitt arbeid i Critical Friends.
Gruppa skal i tillegg ha ein rådgjevande funksjon ovanfor dei andre nettverka som er oppretta gjennom prosjektet. Dei kan også bli invitert til å bidra ved konferansar og seminar som er i regi av styringsgruppa i prosjektet.
Medlemmar
Noreg | Thomas Prestø (Leiar) | Grunnleggjar og kreativt ansvarleg for Tabanka Dance Ensemble. Dansar og mangfaldsaktivist. |
Færøyane | Nadia Abraham | Grunnleggjar and kunstarisk leiar for Faroe Islands' International Minority Film Festival (FIMFF). |
Grønland | Alexander
Montgomery-Andersen |
Frilandsdansar, scenekunstnar, og leiar for AXL Productions. |
Sverige | Ninos Josef | Ballettdansar (tidligare ved The Royal Swedish Ballet), skodespelar (Dramaten) og aktivist. Redaktør for Kultwatch og styremedlem i Konstnärsnämnden. |
Danmark | Julienne Doko | Dansar (Afrikansk samtidsdans), koreograf og pedagog. |
Danmark | Jeannette Ehlers | Visuell kunstnar. |
Finland | Kemê Pellicer | Biletkunstnar og prosjektkoordinator Globe Art Point. |
Noreg | Sandra Mujinga | Biletkunstnar og performancekunstnar. |
Island |
Nermine El Ansari |
Visuell kunstnar. |
Åland | Nayab Ikram | Biletkunstnar og fotograf. |
Struktur
Gruppa har omlag fire møter i 2018 og fire møter i 2019. Thomas Prestø er konstituert leiar. Norsk Kulturråd ivaretek sekretariatsfunksjonen.
Rapport
Her finn du tilrådingane frå nettverket (kun på engelsk).
Det nordiske bibilioteksnettverket
Nordisk nettverk for bibliotekstilsette som arbeider med språkkafeer, leseklubbar og liknande.
Det nordiske biblioteksnettverket har som føremål å bidra til erfaringsdeling i offentlege bibliotek i Norden på inkludering- og integreringsfeltet. Nettverkets føremål er å dela erfaringar og gode prosjektdøme innanfor aktivitetar som bidreg til språktrening og kulturell kompetanse, samt hjelp til å løysa konkrete språklege, digitale eller kulturelle problemstillingar for brukarane. Døme på slike aktivitetar er språkkaféar, leseklubbar, medborgerskapskurs.
Nettverket møtest to gonger i året i eit av dei nordiske landa, på eit lokalt bibliotek. Når det er mogleg og ynskjeleg legg ein møtedatoane til andre relevante konferansar og møter som gjev publikumsmessige og økononomiske synergiar.
Læringsplattformen er finansiert gjennom det fellesnordiske prosjektet "Inkluderande kulturliv i Norden" og har som overordna målsetjing å bidra til meir inkluderande samfunn. Deltaking på møter er gratis, men deltakarane må sjølv betale for utgifter knytt til transport og opphald. Det første møtet vart avholdt i Bergen den 5. desember 2017.
Nettverk for kulturskolar
"Inkluderande kulturliv i Norden" har vore med og oppretta ein nordisk plattform for erfaringsdeling og kunnskapsutvikling for å skapa meir inkluderande kulturskolar i alle dei nordiske landa. Initiativet kjem som ei fylgje av nasjonale ambisjonar innanfor kulturskolesektoren.
Den svenske regjeringa har lagt fram eit forlag til nasjonale mål for innsatsen som skal støtta dei kommunale kulturskolane: Målet er å styrke mangfaldet og gje lik tilgang til ein kulturskole bygd på høg kvalitet for alle grupper i samfunnet. Les meir om den svenske regjeringa sin kommunale kulturskolestrategi.
I Noreg har Kulturskolerådet vedteke ein eigen strategi for inkludering med auka kompetanse i kulturskulane som ei viktig målsetjing. Les Norsk Kulturskoleråds strategi.
DAMUSA (Dansk musikskolesammenslutning), i Danmark arbeider også for å setja inkludering på nasjonal dagsorden. «Inkluderande kulturliv i Norden» har derfor inngått eit samarbeid med Norsk Kulturskoleråd, Svensk Kulturskoleråd og DAMUSA om utvikling av ein Nordisk plattform. Skolene hadde sitt fyrste møte i desember 2017. For meir informasjon om initiativet kontakt ansvarleg i norsk Kulturskoleråd, Lars Emil Johannessen.
"Inkluderande Kulturliv i Norden" har også valgt ut tre skolar i Danmark, tre skolar i Sverige og fire skolar i Noreg som skal bidra med konkrete erfaringar og arbeidsmetodar innan inkludering for å gje innspel til den nasjonale satsninga i kvart av landa på kulturskolen som inkluderande arena.
Manifest
Nettverket har utarbeida eit skriftleg manifest med tilrådingar for meir inkluderande kulturskolar. Les manifestet her (kun på bokmål).
Nettverk for kunstmuseer
Plattformen byggjer på museas eigne strategiar for å ta eit større samfunnsansvar, gjera sine arenaer meir tilgjengelege for fleire og auke det kunstnarlege mangfaldet. Musea skal formidla sine erfaringer både i eige land og eigne nettverk.
«Inkluderende kulturliv i Norden» har bedt den norske stiftinga, Transcultural Arts Production (TrAP) om å etablera ein plattform for kunstmuseum i Norden for å utvikla kunnskap og kompetanse om inkludering i kunstinstitusjonar. Nettverket består av fylgjande institusjonar: Nasjonalmuseet (Noreg), Oslo Museum - IKM (Noreg), Moderna Museet Stockholm (Sverige), National Gallery of Iceland (Island), Statens Museum for Kunst (Danmark), Ålands kunstmuseum (Åland). Musea skal møtast jamnleg fram til utgangen av 2019 for å dela kunnskap, utprøva metoder og verktøy for å jobba inkluderande. Dei har sitt fyrste møte den 7. mai. For meir informasjon kontakt TrAP og prosjektleiar, Michelle Tisdel.
Nordisk Forum for Interkultur (NFI)
«Inkluderende kulturliv i Norden» har bedt dei nordiske ressurssentra på interkultur å gå saman om å løfta eigen og andre sin kompetanse i forhold til å nå målsetjinga om eit inkluderende kulturliv. Dette har ført til etableringa av Nordisk forum for interkultur (NFI).
Nettverket består av Transcultural Art Production (TrAP) (Noreg), Center for Kunst og Interkultur (Danmark), InterCult (Sverige), Culture for All (Finland), Interkultur Drammen (Noreg) og Reykjavik kommunebibliotek (Island). For meir informasjon kontakt leiar for Center for kunst og Interkultur, Niels Righolt.
Desse organisasjonane er leiande i Norden på kunnskap om metodar for å skapa inkluderande institusjonar og henta fram interkulturelle kompetansar i kulturlivet. Nettverket skal derfor ha som hovudoppgave å formidla sine kompetanser til kulturfeltet i heile Norden. Dette innebærer å gje ein heilskapleg oversikt over kunnskap, rådgje og gje prosessveiledning til institusjoner i kulturlivet.
NFI skal skapa moglegheit for å samla erfaringar og kunnskap i ein breidare nordisk kontekst og såleis gjeva flere perspektiv og moglegheitar for å forankra og utvikla det kulturelle mangfaldet politisk og institusjonelt, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Rapportar
NFI har skreve eit sett med tilrådinger for kulturarbeidarar, byråkratar og politikarar. Tilrådingane er kun tilgjengelege på engelsk. Les dei her:
Guide: A more inclusive cultural sector in the Nordics
NFI har samanfatta tekstar, prosjekt og metodar som bidreg til meir mangfold i kultursektoren i Norden. Rapporten er kun tilgjengeleg på engelsk. Les han her:
Dansk Kunstnerråds nettverk av nordiske kunstnere
Den kunstneriske nettverks- og erfaringsgruppen "Nordiske kunstnere med flerkulturell bakgrunn" er opprettet av Dansk kunstnerråd med ønske om å fremme en inkluderende nordisk offentlighet. I dette nettverket tar både nye og etablerte kunstnere med innvandrer- og eller flyktningebakgrunn del i samfunnsdebatten og deler sine erfaringer gjennom workshops og kunstnertreff.
Gruppen består av profesjonelle kunstnere med flerkulturell bakgrunn, som har kompetanse i hver sine ulike kunstfaglige disipliner. Utviklingsprosjektet er støttet av Kulturrådet og Det islandske kulturdepartementet og er del av satsningen Inkluderende kulturliv i Norden. På Dansk kunstnerråds nettside kan du lese om medlemmene i gruppen. Under finner du prosjektbeskrivelse for utviklingsprosjektet (på engelsk) samt info om rekrutteringsprosjektet de gjennomførte for å få det til.
Nettverk for kulturkort
Dette nettverket undersøker korleis kulturkort kan vere ein metode for å auke deltakinga i kunst- og kulturopplevingar, for innvandrarar, låg-innkomstfamiliar, ungdom eller andre grupper.
Organisator: Kulttuuria kaikille / Culture for All (Finland)
Deltakarar:
- Noreg: Kulturkort for ungdom, Hedmark fylkeskommune og Opplevingskortet, Ålesund kommune
- Sverige: Dalarna Kommune, Studieforbundet Bilda
Les meir om dei ulike korta og korleis dei verkar her:
Kulturkompis av Studieforbundet Bilda (Sverige)